lørdag 30. mars 2013

Smashkaka

Har lenge hatt planar om å laga denne kaka sidan Endre har hatt ein stor pose med Smash liggande i ein skuff i aldri så lang tid, og no endelig i påsken fekk eg sumla meg til å gjera det. og det var ikkje bortkasta for å sei det sånn! Kaka er mektig, men jaggu meg blei 3/4 av den vekke då 5 personar satt seg ned for å eta. Oppskrifta fant eg på My Litte Kitchen.
Kakebotnar:

  • 5 eggekvitar
  • 4 dl sukker
  • 75 g Ritzkjeks 
  • 125 g Smash
Ha Smash og Ritz i ein plastpose og knus dei med ein kjevle el. Skill egga og sett eggeplommene til side. Pisk eggekvitane stive. Ha så i sukkeret og pisk til stiv marengs. Vend inn Smash og Ritz for hand. Ha bakepapir i to lika store kakeformer og spray dei med formfett. Har du ikkje to like kakeformer kan du steika botnane i to omgongar, sånn som eg gjor. Det går òg ann å laga det i langpanna. Eg brukte ei 26 cm springform. Hell halvparten av marengsen i forma. Steik ved 175°C i 20-25 minuttar. Avkjøl botnane før du tek dei ut av forma.

Sjokoladeglasur:
  • 4 eggeplommer
  • 3 ss sukker
  • 60 g smør
  • 200 g kokesjokolade
Smelt smøret. Tilsett så sjokoladen som du har delt opp i bitar og smelt på svak varme. Pass på at det ikkje svir seg. Når all sjokoladen er smelta tek du panna av plata og tilset sukker og eggeplommer. Visp kraftig til du får ein jamn sjokoladekrem. Avkjøl litt. Smør sjokoladekremen på toppen av kvar kakebotn. Sett botnane kaldt. I orginaloppskrifta stod det 1 time i kjøleskap, men sidan eg ikkje hadde plass satte eg dei i frysen. Det fungerte lika godt det. Legg ein av kakebotnane på eit kakefat. 

Fyll:
  • 5 dl vaniljekrem
  • 50-75 g Smash
Fordel vaniljekremen utover botnen. Ha så på knust grovhakka Smash. Legg den andre kakebotnen oppå.

Pynt:
  • 3 dl kremfløyte
  • litt sukker
  • 50-75 g Smash
Pisk kremfløyten og sukkeret til krem. Ha kremen på toppen av kaka. Strø så til slutt over meir grovhakka Smash. Og då er kaka ferdig! Ha den i kjøleskap fram til servering. Den smakar aller best same dagen, men eg smakte på den i dag òg, og den var no omtrent lika god, berre litt seigare ;)

onsdag 27. mars 2013

Gryterett med svin, sopp og paprika

Her kjem nok ei oppskrift på gryterett. Eg lovar, eg lagar andre ting enn gryterett altså. Fant denne oppskrifta på Trines oppskrifter, men måtte sjølvsagt forandra bittelitt på den. Gryteretten vart godt motteken her i huset, og eg fekk beskjed om at det såg ut som eg hadde lagt veldig mykje i den. Det hadde eg altså ikkje. Gryta er veldig enkel og billig å få i stand.
Beklagar ulekkert bilete, men gryterettar har ein tendens til å ikkje vera så fotogene.
Til 3-4 personar treng du:

  • 2 små eller 1 stor lauk
  • 3-5 fedd kvitlauk (etter kor godt ein likar kvitløk)
  • 300-400 g svinekjøtt
  • 800 g hakka tomat (anten ferske, hermetiske eller ei blanding av begge)
  • 150 g sjampingjong (eller så mykje du vil)
  • 1 paprika
  • salt
  • pepper
  • paprikapulver
  • oregano
  • 2 dl matfløyte/H-mjølk/kokosmjølk (det du måtte ha)
Start med å hakka opp kvitlauk og lauk så fint som du vil ha det. Kutt opp svinekjøttet, om du ikkje var lika lur som meg og kjøpte det ferdig strimla. Steik kvitlauk og lauk, og tilsett svinkjøttet etterkvart. Pass på at det blir skikkeleg steikt. Tilsett tomatene (eg brukte berre hermetiske), salt (evt litt sukker om du brukte mykje hermetiske tomater), pepper, paprikapulver og oregano og kok det opp.

Skru så ned varmen og la det småkoka. I orginal oppskrifta står det at ein gjerne kan la det småkoka i 1-2 timar, men eg fant ut det haldt med 30-45 min for å få den tjukk nok. Når det er 15-20 minuttar igjen av koketida kuttar du opp soppen og paprikaen og har den i gryta. La det småkoka i 10 minuttar til og ha så i fløyten. Kok opp og server med poteter og kokte grønsaker etter eige valg. Eg brukte gulrøtter og det smakte veldig godt.

lørdag 23. mars 2013

Fruktsalat

Fruktsalat er noko av den enklaste desseren ein kan laga. Det smakar utruleg godt, og ikkje minst så er det sunt. I dag har det blitt diska opp med det her heima hos ho mor, og i den var det:
Jordbær
Mango
Kiwi
Druer
Epler
Annanas
Bjørnebær
Bringebær
Anna ein kunne hatt oppi: pære, blåbær, rips, papaya, klementin, plomme, banan osv.

Meir treng i grunn ikkje eg, men eit tips om ein vil ha noko ekstra er krem eller vaniljesaus, mandlar og raspa sjokolade. Til sjuande og sist er det berre fantasien som set grenser.

torsdag 21. mars 2013

Brownies

Okay, detta må rett og slett vera ein av yndlingsoppskriftenene mine, om ikkje yndlingsoppskrifta, for denne browniesen er så utruleg enkel å laga og smakar heilt fantastisk. Det høyrest kanskje utruleg ut, men har aldri klart å feila med denne oppskrifta. Klart den kanskje har blitt litt mykje steikt nokon gongar, men den smakar lika godt som nesten sjokoladekaka som brownies. True story! Og så kan den varierast i det uendeleg, men det kjem eg tilbake til i seinare blogginnlegg, so stay tuned ;)
Ingredisensar:

200 g smør
5 dl sukker
4 egg
4 dl mjøl
2 krm salt
1 ts bakepulver
10 ss kakao

Framgongsmåte:
Rør smør og sukker kvit, tilsett egga eit av gongen. Bland saman resten av ingrediensane og sikt det inn i røra, rør forsiktig alt saman.

Ha røra i ei lita langpanne, steik på 150 grader i nedre del av ovnen i ca 45 min, til kaka får "brownies" konsistens. Steiketida avheng litt av kva du steiker i, så mitt tips er å sjekka etterkvart og heller la den stå i ovnen litt lengre hvis ikkje kaka er slik du vil ha den.

Glasuren på browniesen på bildet er ei blanding av melis, kakaopulver og vatn, men den er minst lika godt utan noko på :)


onsdag 20. mars 2013

Bananbitar med kanelostekrem

Her kjem ei oppskrift som eg allereie har posta på den gamle bloggen min, men tenkte det kunne vera ein god idè å ha alle oppskriftene på ein blogg. Så no framover kjem det nok til å komma blogginnlegg ganske tett, ikkje forvent det skal vera sånn heile tida. Så over til sjølve kaka. Laga den som bursdagskaka til Mette i april i fjor, og den var ein stor suksess. Sonen hennar fekk trillrunde auge då han putta første biten i munnen, eg fekk til og med ein klem. Eg tek det som at kaka var meir enn godkjend. Oppskrifta er ei noko modifisert versjon av oppskrifta Bananbiter med ostekrem frå Det søte liv.

Kaka:
50 g smør
2 små bananer, helst godt modne
1 egg
1,5 dl sukker
2 ss mjølk
2,5 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
1 ts bakepulver
75-100 g sjokolade

Ostekrem:
125 g kremost naturell
50 g smør
200 g melis
2 ts vaniljesukker
Kanel etter smak

Pynt: Minde sjokolade Corn

Smelt og avkjøl smøret. Pisk saman egg og sukker. Mos bananene (bruk gjerne stavmiksar) og bland i eggedosisen saman med avkjølt smør og mjølk. Sikt i det tørra. Rør deigen godt saman. Hakk opp sjokolade og rør den inn i deigen for hand.

Fordel deigen i ei lita langpanna (ca. 20x30 cm). Steik kaka på nedste rilla i ovnen på 175 grader i ca. 20 min. Avkjøl kaka i forma. Kvelv kaka ut av forma.

Pisk saman ingrediensane til ostekremen. Bruk mjukt smør sånn at du ikkje får smørklumpar i glasuren. Ha ostekremen over kaka når den er heilt avkjøt. Skjær opp i små firkantar og ha på pynt.


Sidan sjokolade ikkje eigentleg er ein del av oppskrifta blir kaka ein smule klissete, men min filosofi er at det aldri er feil med sjokolade uansett!

tirsdag 19. mars 2013

Gassamiddag

Navnet på retten høyrest verkeleg ikkje appetitteleg ut, det skal eg vera eining med, men sjølve middagen er kjempe god. Veit ikkje kvar verken oppskrifta eller navnet på den kjem i frå. Dette er noko som foreldra mine har laga så lenge eg kan huska, så dette er ein smak av barndom for meg. Oppskrifta er utruleg lett og ein treng ikkje mange eller dyre ingrediensar for å laga detta. Er ikkje heilt sikker på kor mange denne rekk til, det kjem jo litt ann på kor svoltne dei som et er, men eg vil trur det held til 5-6 stykken om dei ikkje et som hestar alle saman.
400g kjøttdeig eller karbonadedeig (eg brukar karbonadedeig for å få den litt sunnare)
1 pose tomatsuppa utan makaroni
300-500 g fiskepudding
1 lite eller 1/2 stort kålhovud
5-7 gulrøtter
1 boks hakka tomater (ca 400 g)
1 potet pr person (eller meir om nokon er ekstra glade i potetet)

Aller først er det lurt å setja på potetene, sidan desse brukar litt tid på å bli ferdige. Sett òg på kokevatn til kålen og gulrøttene. Tilbered tomatsuppa som det står på pakken, men bruk halvparten av vatnet som står på pakken. Dette fordi tomatene tilfører ein del væska. Ha tomatene oppi saman med suppa med ein gong og la det koka til ferdig.
Medan dette står å kokar opp skjær ein opp kål, gulrøtter og fiskepudding. Når vatnet byrjar å koka, har ein kål og gulrøtter oppi. Desse må ikkje koka meir enn 15 min, 10 held som regel. Brun så krabonadedeigen i steikepanna. Fiskepuddingen treng du ikkje gjera noko meir med. Når alt er ferdig kokt og steikt har ein alt (kål, gulrøtter, karbonadedeig og fiskepudding) oppi tomatsuppa. La det stå å småputra til du er fornøgd med tjukkelsen på tomatsuppa. Knepp så potetene på middagstalerkenen og bland saman med Gassamiddagen. Eit tips er å la den vera litt tynn om ein skal varma det opp att seinare, for då tjukknar nemleg suppa. Evt kan ein ha i litt vatn når ein varma opp att, sånn at det i det heile er noko suppe att. Håpar det smakar!

Prøver igjen

Har no heilt gitt opp den gamle bloggen min Bloggen med det rare i, og prøver meg i staden på ein rein matblogg sidan eg no eg litt over middels interessert i mat, og spesielt alt som kan bakast. Jada, "alle" er jo matbloggarar no for tida, men kva gjer vel ein frå eller til ;) Blir ikkje så hyppige oppdateringa kanskje, men kjem til å legga ut oppskrifter her når eg har laga noko eg synst var godt, og det får vel vera greitt no tenkjer eg :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...