søndag 28. april 2013

Makronsnurrar og kanelbollar

I går vart det stor bakedag i her i huset. Har ei stund gått med idèen om å fylla makronfyll i bolledeig, og då er jo snurrar det enklaste synst no eg. Og sidan eg likavel var i gong med å laga bolledeig laga eg nok til å få til kanelbollar òg. Trur verkeleg eg er født i feil tidsepoke av og til, hadde nok passa utmerka som husmor på 50-talet eller noko sånt. Nok om det, her kjem oppskrifta.
Til bolledeigen brukte eg oppskrifta til verdas beste bollar. Mjøl blei ei salig blanding av det eg hadde i kjøkkenskapet, som denne gongen blei 1 kg med Fibra fullkornskveitemjøl og resten kveitemjøl og sammalt kveite. Hadde akkurat nok mjøl til sjølve oppskrifta...trudde eg! Viste seg det at deigen blei noko klissete, så det er lurt å ha litt ekstra mjøl i bakhand. Det hadde ikkje eg, så då vart det nødløysing med melis og maizenna. Maizenna fungerte best, men eg anbefalar likavel å bruka mjøl ;) Delte deigen i to ca lika halvdelar, så var det over til fyllet.

Makronsnurrar
  • Bolledeig
  • Freia Makronfyll
Ha mjøl på kjøkkendisken, sånn at deigen er lett å få av att. Kjevl ut deigen til du har eit rektangulært emne. Tilbered så makronfyllet som det står på pakken og smør det ut over emnet. Pass på at du får fyllet så tynt som mogeleg. Rull så saman og gjer som i oppskrifta for bolledeigen.

Kanelbollar
  • Smelta meierismør eller margarin
  • Sukker
  • Kanel
Prøvde med Soft bordsmør, og det blei rett og slett ikkje så bra som eg ville hatt det, så her anbefalar eg smelta smør eller margarin. Det er det eg plar å bruka til vanelg, men det var eg tomt for i går. Kjevl ut emnet nett som du gjor med makronsnurrane. Ha på smelta smør og strø over rikeleg med kanel og sukker. Det hadde ikkje eg, så det vart litt lite kanelbollesmak på dei, men så absolutt etande likavel. Steik på same temperatur og tid som makronsnurrane.

Begge deler skal vera litt gyldne når dei er ferdige.

tirsdag 23. april 2013

Slumpewok

Hadde ikkje ein heilt klar plan over kva eg skulle ha til middag då eg kom heim i dag, så eg tok rett og slett det eg fant i kjøleskapet og heiv det saman med nudlar. Derav namnet "Slumpewok". Blei ganske mykje mat, så min prosjon kunne godt ha metta to om det hadde vore nødvendig. Når eg lagar wok endar eg alltid opp med mykje meir mat enn det eg hadde tenkt fordi eg skal ha litt av alt, og plutselig blir det til saman mykje. Lærer visst aldri akkurat det, men god mat blir det i alle fall.
Denne inneheld:
  • 0,5 pose Findus wok classic
  • 3/4 vårløk
  • 1/4 løk
  • 1/3 raud paprika
  • 2 sjampingiongar
  • litt rapsolja
  • nudlar
  • ein neve linser, ca 1,5 dl
  • ca 1 neve salatbønner/Kidneybeans
  • 1 ss soyasaus
  • 1ss sitronsaft
  • koriander, etter smak
  • ingefær, etter smak
Begynn med å steika wokgrønsakene og koka nudlane. Når wokgrønsakene er tint har du i vårløk, løk og paprika. La desse surra litt før du har i rapsolja og soppen. La dette surra eit par minuttar. Ha så oppi nudlar, linser, salatbønner, soyasaus, sitronsaft, koriander og ingefær. Bland alt godt. Så er middagen klar. Som de ser er det ikkje noko kjøtt i middagen denne tirsdagen heller, men denne wok'en blir lika god med kylling eller svin om ein vil det.

mandag 22. april 2013

Matmuffins med spinat, soltørka tomater og fetaost

Har i dag prøvd ut Møllerens matmuffins. Kjøpte posen billig for ei tid tilbake, sidan den skulle ut av sortimentet på den lokale Kiwi-butikken. Og den skuffa ikkje, for matmuffinsane blei kjempe gode og smakte akkurat som dei eg har laga frå botnen av før.
Du treng:

  • 1 pose Møllerens matmuffins
  • 2,5 dl vatn/melk
  • 1 dl olja/smør
  • ca. 50 g spinat
  • ca. 50 g soltørka tomat 
  • ca. 100 g fetaost naturell
Ganske enkelt ha posen i ein bolle og ha i alle ingrediensane. Eg brukte 1 dl av olja frå tomatene i muffinsane og 2,5 dl vatn, frossen spinat og den fetaosten ein finn i firkanta pakkar, ikkje den på glas i olja. Så er det berre til å følgja steikeinstruksjonane som står på pakken. Og voila, kjempe gode matmuffins.

Om du likavel vil laga dei heilt frå botnen av og få litt grovare muffins, kan du blanda saman detta:
  • 4 dl mjøl (kveite/rug, sammalt/fint)
  • 0.5 dl havregryn
  • 0.5 ts salt
  • 2 ts bakepulver
  • 50 g smør
  • 2 dl mjølk
  • 1 egg
  • ca 200g av det fyllet du vil ha i 
Sett steikeovnen på 250°C. Bland mjøl, havregryn, salt og bakepulver i ein bolle. Her kan du velgja sjølv kor grove du vil ha matmuffinsane, alt etter kva typar mjøl du vel å bruka. Smelt smøret på svak varme, avkjøl litt før du vispar inn mjølk og egg. Hell mjølkeblandinga i dei tørre ingrediensane og rør godt. Skjær/hakk opp fyllet du vil ha i og bland det inn. Fordel deigen i muffinsformer og steik i ca 15 minuttar.

Forslag til fyll:
  • Baconbitar og purre surrast lett på panna i smør eller olja før det blir tilsatt. Krydra me pepper og oregano. Dryss litt reven ost på toppen.
  • Skinka, mais, reven ost, oregano/timian og pepper. Dryss litt reven ost på toppen.
  • Reven gulrot, skiva vårløk, paprika i bitar, smuldra feta, timian, pepper og paprikapulver.
  • Eplebitar, kanel og litt honning
  • Tørka aprikos, valnøtter og litt honning
Her er det i grunn berre fantasien og ein eigen smak som set grensene. Hadde vore morro å høyrd kva de putta i matmuffinsen dykkar :)

torsdag 18. april 2013

Verdas beste bollar

Tenkte det var på tide med noko søtt igjen her på bloggen, så her kjem ei oppskrift på bollar eg har prøvd ut mange gonger, og det blir lika gode bollar kvar gong. Oppskrifta er stor, så om du ikkje skal ha mange på kaffibesøk eller har plass til å frysa ned bollane, kan du godt halvera oppskrifta.
Til 40-50 bollar treng du:

  • 1 liter melk
  • 300 g smør
  • 250 g melis
  • 100 g fersk gjær
  • 1,5-2 kg kveitemjøl
  • 0.5 - 1 ts kardemomme
Kok opp melk, smør og melis. Avkjøl blandinga til den er fingervarm. Rør så gjæren ut i blandinga. Bland i kardemomme og 1,5 kg kveitemjøl, og elt deigen til den er smidig. Om deigen blir noko klissete ha på meir mjøl til den ikkje er det lenger.Trill ut bollane med ein gong og legg dei på bakepapirkledde steikeplater. La dei heva lunt i ca. 1 time. Steik bollane midt i ovnen ved 250°C i 7-10 minuttar. Avkjøl.

Denne bolledeigen fungerar til alle typar bollebakst, altså kanelbollar, rosinbollar og kva som helst anna fantasien din finn på :)

mandag 15. april 2013

Magre scones med cottage cheese

Lurte litt på om eg i det heile skulle legga ut denne oppskrifta sidan den ikkje blei heilt sånn som eg hadde tenkt, men alt i alt vart dei ganske så gode. Og så er dei super enkle å laga!
Denne oppskrifta gir 8 stk:

  • 4 dl sammalt kveite (fin)
  • 1 ts salt
  • 1 ss maizenna
  • 3 ts bakepulver
  • 150 g cottage cheese
  • 2 dl ekstralett melk el skumma melk
Sett steikeovnen på 220°C. Bland alt det tørra. Tilsett cottage cheese og melk. Rør deigen jamn og del den i 4 delar. Lag flate runde kaker, ca 15 cm i diameter, og legg dei på ei steikeplata. Skjær eit kryss i kvar kaka før du steiker dei. Ha dei i steikeovnen i ca 15 minuttar. Pass på at dei ikkje blir fr mykje steikt utanpå. Om dei begynnar bli brukne før steiketida er omme, sett ned varmen noko. Når du tek dei ut kan dei virka noko uferdige, noko som gjor at eg ikkje var heilt fornøgd me dei. La dei bli omtrent heilt kalde før du skjær dei opp, så er dei heilt super konsistenst på og smakar kjempe godt! Eg laga 8 stk i går, no er dei ein att ;)

lørdag 13. april 2013

Yoghurtmarinert kylling med couscous

Eg fant ei oppskrift på marinert kylling og couscous som eg ville prøva i dag, problemet var berre det at eg ikkje hadde noko olja å marinera kyllingen i. Og i lys av at eg hadde lite lyst på butikken berre for å kjøpa olja (som det tek meg år og dag å bruka opp), så kom eg på at eg hadde ein liten slant med naturell yoghurt igjen i kjøleskapet. Så då vart det marinering med yoghurt i staden. I couscousen tilsatte eg òg, i tilleg til det som stod i originaloppskrifta, ein rest av ei grønsaksblanding eg fant i frysen. Godt vart det òg!
Til 2 personar treng du:

  • 2 kyllingfiletar
Marinade:
  • ca 2 dl Yoghurt naturell
  • spisskummin
  • rosmarin
  • salt
  • pepper
Couscous
  • 2 dl couscous
  • 1/3 lauk
  • ca 1/2 paprika
  • 1-2 tomater
  • 80-100 g frossen grønsaksblanding
Bland ingrediensane til marinaden. Ha kyllingen i ein pose og hell over marinaden. La den marinera så lenge du har tid til. Helst skal den marinera eit par timar, men mindre går fint det òg. Eg hadde ikkje tid til å marinera den så lenge og den smakte heilt fortreffeleg likavel. Når kyllingen er klar steiker du den i steikeovnen saman med marinaden på 200°C i 20-25 minuttar.

Kok grønsaksblandinga sånn at dei akkurat er gjennomvarme, det skal vera litt motstand igjen. Skjær opp paprika, lauk og tomat i fine bitar. Varm vatn til couscousen. Når det kokar tek du panna av plata og har i couscousen og dei finhakka grønsakene. Ikkje den frosne grønsaksblandinga. La couscousen stå med lokk i 10 minuttar sånn at den kan svella. Etter 10 minutt har du i resten av grønsakene og middagen er klar. Om det er litt lite smak på couscousen anbefalar eg å ha på paprikapulver og salt, det gjor eg. Eller kan du evt har det i når du skal la couscousen svella, alt ettersom om alle som skal eta likar det.

onsdag 10. april 2013

Enkel laksemiddag + dessert

I dag vart det veldig enkel middag, og så absolutt ikkje noko fancy. Av og til er berre ikkje lysta til å stå lenge på kjøkkenet for å hakka opp, steika og styra på der. Til gjengjeld er denne middagen noko som alle kan få til utan for mykje om og men.
Til ein person brukte eg:
  • 1 laksefilet + sitronpepper
  • 1 potet
  • 1 gulrot
  • frosne erter, så mykje du orkar
  • mager kesam
Sett steikeovnen på 200°C og sett på poteter og gulrøtter til koking. Dryss så mykje sitronpepper som du likar på laksefileten. Når ovnen er varm nok set du fisken inn. La den steika i ca. 15 minutt. dette forutsett at laksefiletet er tint på forhånd, ellers må den stå inni i nærare 30 minutt. Når poteter og gulrøtter omtrent er ferdigkokt har du i dei frosne ertene. Desse skal berre koka raskt opp, så er dei klare. Og der har du ein super enkel, god og sunn middag ;)

Sidan middagen var så sunn, unna eg meg i dag is til dessert. Riktig nok var det Hennig Olsen sin nye is Easy med sjokolade, jordbær- og vaniljesmak (Tress), som ikkje er tilsatt sukker, så det var jo litt sunt likavel ;) Smakar nett som vanleg Tress, så den er så absolutt å anbefala :)
Bildet lån frå Hennig Olsen



tirsdag 9. april 2013

Grøn lasagne

Mange driv på med meatless monday, her blir det i staden meatless tuesday, i alle fall når det kjem til middagen. Ein kan jo sjølvsagt ha kjøtt i lasagnen om ein absolutt vil, men reint næringsmessig får ein meir enn nok proteinar frå bønnene og cottage cheesen. God middag er det i alle fall :)
Til 4 personar:

  • 2 vårlauk
  • 2 kvitlauksfedd
  • 1 bunt asparges
  • 200-300 g bønner
  • 1,5 dl grønsaksbuljong
  • 150 g erter (frosne)
  • 300 g cottage cheese (1 beger)
  • 1 ss sitronsaft
  • 1,5 dl H-mjølk
  • salt + pepar
  • timian
  • 100 g revet ost
  • lasagneplater
Set steikeovnen på 225°C. Skyll vårlauken i skjær den i skiver. Skyll òg aspargesen. Knekk av botnen og kast denne, skjær så av toppane og legg desse til side. Resten av aspargesen skjær du i ca. 1,5 cm lange bitar. Varm litt matolja i steikepanna og fres vårløken på middels varme i ca. 5 minutt. Press kvitlauken, ha den i steikepanna og rør rundt medan det steikjer nokon minuttar til. Ha i aspergesbitane (ikkje toppane) og grønsaksbuljongen. La detta surra i 5 minutt. Tilsett så erter og bønner. Her kan du velgja kva bønner du vil. Eg brukte i dag kidneybønner sidan det var det som var i kjøkkenskapet. Rør godt og ha i H-mjølk, salt, pepar, timian og sitron. La det koka nokon minuttar. Mos det så lett med f.eks. ein potetmosar. Ha så i 150 g cottage cheese og rør godt nokon minuttar. Ha halvparten av blandinga i lasagneforma og dekk med lagasneplater. Eg pleier å nøya meg med 2 til kvart lag. Ha på resten av blandinga og dekk med lasagneplater. Etter lag nr. 2 blandar du resten av cottage cheese med litt vatn og fordelar den over platene. Ha aspargestoppane på og stør til slutt over revet ost og litt meir timian. Steik midt i ovnen i ca 20 minuttar, til osten er gyllen. kan serverast med godt brød til, men smakar heilt supert åleina òg ;)

lørdag 6. april 2013

Tacokjøttbollar med grønsaksmos

Her kjem endå ei oppskrift frå den gamle bloggen min. Slenger ut ein av dei når eg veit det kjem til å bli nokon dagar utan nokon nyutprøvde oppskrifter, og sidan det blir vanleg taco til middag/kvelds her i huset i dag synst eg det passa med ein litt annan variant av denne typiske lørdagsmiddagen. Denne versjonen er lika rask og enkel som orginalen, kanskje til og med raskare sidan ein ikkje treng kutta opp noko.
Porsjonar: 1 

Ingridiensar:
 
1/3 karbonadedeig (400g)

1/4 pose tacokrydder 
1 ts matolja til steiking
 
1,5 dl vatn
 
1 krm salt
 
0,5 pose potetmos, vanlig (Mills)
 
1 dl melk (ekstralett) eller vatn
 
200 g Amerikansk grønnsaksblanding

1 ss salsa 

Instruksjonar:
 
1. Bland saman kjøttdeigen og tacokrydderet i ein bolle. Bruk ei spiseskjei og "grav" ut små kjøtbollar. Steik dei i ei steikepanna med matolja til dei er gjennomsteikt. Eller du kan droppa matolja om du har teflonpanna.

2. Kok opp så mykje vatn som det står på potetmosposen, med salt. Hell i grønnsaksblandingen og la det koka opp att. Ta kjelen av komfyren og hell i melk/vatn. Dryss potetmospulveret og la det svella i ca. 5 minutt. Rør det luftig. Serverast med salsa

Her står det for ein person, sidan det var den eg brukte. Skal du laga til fleire så er det sjølvsagt berre til å gonga med så mange som skal ha mat;) Bon Appetite! 

torsdag 4. april 2013

Bananmuffins med sjokolade og kanel

Kombinasjonen banan, sjokolade og kanel er min desiderte favoritt (etter berre sjokolade sjølvsagt), så desse hadde eg stor tru på då eg begynnte bakinga. Og eg vart ikkje skuffa dei lukta himmelsk og smakte det same. Har igjen lånt oppskrifta frå nokon (som eg sjølvsagt gløymde å skriva ned), men eg endra litt på oppskrifta ved å minska sukkermengda. Det er rett og slett ikkje nødvendig med så mykje sukker når ein har bananer i. Det einaste ein då må passa på er at ein tek av litt av eggekviten òg.

18-20 muffins:

  • 3 egg (minus litt eggekvite)
  • 80 g sukker
  • 2 ts vaniljesukker
  • 200 g kveitemjøl
  • 100 g sammalt kveitemjøl
  • 3 ts bakepulver
  • 2-3 ts kanel
  • 175 g smør/margarin (eg brukar margarin)
  • 3 modne bananer
  • 100 g mørk sjokolade (eller anna sjokolade, om du foreterkk noko anna)
Begynn med å setja steikeovnen på 200°C. Pisk egg, sukker og vaniljesukker kvitt og luftig. Bland saman mjøl, bakepulver og kanel og ha det i bakebollen. Smelt så smøret på låg varme. Medan smøret kjøler seg litt ned mosar du bananene. Bland så smør og bananer, før du har det i resten av røra. Hakk opp sjokoladen i så små eller store bitar du vil og vend dei inn i muffinsrøra for hand. Fordel røra i muffinsformer, ca 2/3 fulle.  For å få dei høge og fine er det ein fordel å bruka muffinsbrett. Det gjer eg. 
Steik i 15-20 minuttar, til det er lett gyldne. Her hos meg var 15 minuttar nok, men det er forskjellig får ovn til ovn.

Om du ikkje vil eta alle muffinsane med ein gong, går det godt ann å frysa dei. Tin dei då i steikneovnen på 160-180°C i 10-15 minuttar. Men mi erfaring er at dei går så fort at det ikkje er noko vits i å frysa dei. Min kjære fortærte åleina nesten halvparten på 2 dagar ;)

Brownies med sjokoladebitar, cashewnøtter og kremost

Her kjem endå ei oppskrift som eg har henta frå min gamle blogg. Ideèn til denne fekk eg (sjølvsagt) frå diverse bloggar. browniesrøra er mi eiga oppskrift. Eller i grunn så er den ikkje det, men det er den eg har brukt sidan eg var 16-17 og eg anar rett og slett ikkje kvar eg har den i frå. Denne kaka er himmelsk og utruleg mektig. Så om du ikkje er ein erfaren kakemons (som meg) så greier du ikkje mange stykker i slengen. 
Ingredisensar:
  • 200 g smør
  • 5 dl sukker
  • 4 egg
  • 3 dl kveitemjøl
  • 2 krm salt
  • 1 ts bakepulver
  • 10 ss kakao
  • 200 g sjokolade
  • 200 g cashewnøtter (kan bytast ut med andre typar nøtter)
  • 1 pk Phildalephia naturell
  • 1 dl melis
Framgongsmåte:
Rør smør og sukker kvit, tilsett egga eit av gongen. Bland saman dei tørre ingrediensane og sikt det inn i røra, rør alt sammen.  Hakk opp sjokolade og nøtter og bland det i røra. Ha røra i ei lita langpanne. Bland saman kremost og melis, og ha dette oppå røra i klattar. Ta så ei skei og dra det litt utover sånn at det fordeler seg litt ned i kaka.

Steik på 150 grader i nedre del av ovnen til kaka får "brownies" konsistens. Steiketida avheng litt på kva du steiker i, så mitt tips er å sjekka etterkvart og heller la den stå i ovnen litt lengre hvis ikkje røra er sikkelig stivna. I orgnialoppskrifta står det 30-35 minuttar, men sidan det både er ekstra sjokolade og kremost i denne kaka må den nok stå i ovnen litt lenger. Mi stod vel nærrare 50-60 minutt. Som sagt, sjekk undervegs til du er fornøgd. La den få avkjøla litt i forma før du evt har den over på fat. La browniesen bli heilt kald før du smakar på den. Det er ikkje lett, eg veit, men då ungår du brannsår i munnen.


Tips: Lag kaka i ei lita langpanna i staden for ei rundform, då klarar det seg med ei steiketid på 35 minuttar :)

tirsdag 2. april 2013

Kaketårn

Kom over dette bilete på Facebook, og tenkte kanskje det kunne vera nyttig for fleire enn meg.
Om du lurar på kva inches blir i cm så er denne sida veldig fin.

mandag 1. april 2013

Enkel omelett

I går vart det ein sein lunsj, så sein at det omtrent var middagstid, men sidan me var inviterte på hjortebiff og fløytegratinerte poteter vart det ikkje laga noko middag her i hus. I staden blei det omelett, som i mitt hovud er ei god erstatning for middag når ein har lyst på noko varmt, men ikkje alt for mykje.
Omelett:

  • 2-3 egg
  • 1 ss vatn pr egg
  • litt salt
  • krydder etter smak
Visp alle ingrediensane saman og ha dei i ei varm steikepanna. Om du har Teflonsteikepanna er det ikkje behov for smør/olja, anna enn for smaken si skuld. Har du ikkje teflonsteikepanna må du huska smør/olja.
Til fyll er det berre fantasien og det du har i kjøleskapet som set grenser. Her vart det hermetisk kyllingskinka, sjampinjong, paprika, tomat og ost. Ha fyllet på med ein gong og skru ned varmen, sånn at omeletten ikkje blir svidd under. Har du lokk til steikepanna har du det på no. La omeletten kosa seg i panna til eggemassen har stivna og osten smelta. Ha over på fat og brett. Ha gjerne skjeva til, men det er ikkje nødvendig. Det er nok mat i omeletten til at det går ann å bli mett.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...