fredag 21. juni 2013

Pølsegrateng

Nok ein gong har eg funn ein oppskrift på bloggen Husmorkjerringa som eg ville prøva. Sjølvsagt måtte eg jo laga min litt eigne vri på den, sidan eg ville bruka opp blant anna bacon og gulrøtter eg fant i kjøleskapet. Det blei ein veldig godt og enkel middag, som kan metta mange. Grønsakene kan ein variera etter kva ein lika og kva ein har i kjøleskapet, så det er ein fin middag å få brukt opp mat ein har liggande. Eg hadde planar om å ha kvitlauksbaguettar til, men plutselig var dei gløymt sidan kjærasten kom heim etter ei veka vekke på jobb :)
Ingrediensar:

  • 1/2 pakke bacon
  • 7 grillpølser (ca 400 g)
  • 1 raud paprika
  • 1 vårlauk
  • 1/3 purre
  • 4 små (eller 2 medium) gulrøtter
  • 1 liten boks asparges
  • 250 g fullkornsmakaroni
  • ost
Saus:
  • 1 l mjølk
  • 1 dl mjøl
  • 3 fedd kvitlauk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 2 egg
  • 1 buljongterning
Sett steikeovnen på 200°C. Del opp gulrøtterene i passelige bitar, og kok dei med makaronien. Makaronien skal kokast etter anvisning på pakken. Skjær pølsene og resten av grønsakene i bitar. Del opp bacon og steik litt på steikepanna. Ha pølsebitane på steikepanna når baconet omtrent er ferdig. Slå av plata og la det stå å kosa seg medan du laga til sausen.
Sausen laga du på denne måten: Bland mjøl og litt av mjølka og visp til det ikkje er klumpar. Ha så i resten av mjølka, kvitlauk, hermetiske tomater og buljongterningen. Eg brukte kyllingbuljong, for det var det eg hadde, men ein kan bruka både kjøtt- og grønsaksbuljong om det er det ein har i kjøkkenskapet. La dette koka opp. Trekk det så av plata og ha i egga. Rør godt!
Bland så saman pølser, bacon, grønsaker, makaroni og saus, og ha det i ei ildfast form. Strø over så mykje ost du vil ha. Steik i 25-30 minuttar, til osten er blitt gylden.
Server med ein enkel salat og kvitlauksbaguettar eller godt brød.

torsdag 20. juni 2013

Blondies med sjokoladebitar

No har det vorte ei stund sidan sist eg posta noko innlegg, 2 veker faktisk. Eg skyldar på at det er sommar og at eg hadde forferdeleg tannverk ei heil veka. Det var faktisk så gale at eg måtte til tannlegen å få ei rotfylling, men vær ikkje redde, det gjor meir vondt for lommeboka enn det gjor for kroppen. No er eg tilbake, litt i alle fall. begynnar snart i sommarjobb og neste veka skal eg vera frivillig på Ekstremsportveko, så det spørst kor mykje det blir blogga i sommar. Me får ta det som det kjem ;)

Inspirasjonen til dagens innlegg kjem frå skuleåret eg var i USA. Dette var noko som til stadigheit var å finna som dessert i skulekantina. Difor minnar denne kaka meg veldig om USA. No er det nokon år sidan eg laga dette sist, men i anledninga gjenforeining for oss som reiste til USA saman tenkte eg at dette kunne vera ein fin ting å ta med, sidan me er økonomiske og tenkjer spleiselag. Oppskrifta er den same som brownies, men har bytta ut kakao med mjøl.
  • 200 g smør
  • 5 dl sukker
  • 4 egg
  • 4 dl + 10 ss mjøl
  • 2 krm salt
  • 1 ts bakepulver
  • 100-150 g sjokolade
Rør smør og sukker kvitt, tilsett egga eit om gongen og bland mellom kvart egg. Bland saman mjøl, salt og bakepulver, og sikt dei i røra. Rør forsiktig alt saman. Hakk opp sjokoladen i passande bitar og vend inn i røra. Eg brukte mørk sjokolade og Smarties, men det går fint ann å bruka melkesjokolade eller andre sjokoladeplater.

Ha røra i ei lita langpanna. Steik på 150°C i nedre del av ovnen i ca. 45 minuttar, til kaka får "brownies" konsistens. Steiketida avheng litt av kva du steiker i og ovnen du brukar, så mitt tips er å sjekka etterkvart og heller la den stå i ovnen litt lenger hvis ikkje kaka er sånn som du vil ha den.

onsdag 5. juni 2013

Kyllingfilet med fullkornspasta og ostesaus

Idèen til denne middagaen fekk eg i eit hefte frå Tine. I den oppskrifta var det bacon og mykje pasta. Eg er ikkje så begeistra for å la pasta spela hovudrolla i middagen, sidan det tilfører så lite reint næringsmessig, så eg lot den i staden spela rolla som sidekick til kyllingen.
2 porsjonar:

  • 2 kyllingfiletar
  • fullkornspasta
  • Grønsaksblanding (frossen)
Varm opp steikeovnen til 200°C. Steik kyllingfiletane midt i ovnen i ca 15 min. Kok pastaen etter anvisning på pakken. Ha grønsakene i kokande vatn og lat det nett koka opp at sånn at grønsakene blir gjennomvarme.

Ostesaus:
  • 130 g kremost (eg brukte Philadelphia Hvitløk & urter)
  • 1 buljongterning (høns eller kylling)
  • 1 dl vatn
  • 3 dl matfløyte
  • salt + pepar
Smuldre buljongterningen i vatnet og kok opp. Ha i fløyten og kremosten. Rør til osten er oppløyst. Ha i timian, salt og pepar. Server med ein gong. I heftet står det at sausen skal rekka til 4, så då kan du anten halvera oppskrifta eller spara saus til ein annan gong.

mandag 3. juni 2013

Tacopai

Tacopai tek litt tid å laga, men til gjengjeld får ein både god og mykje mat. Denne oppskrifta er eigentleg ei dobbel oppskrift, men sidan det her ikkje finst ei paiform måtte eg improvisera første gongen eg laga den, så då vart det dobbel oppskrift i ildafast form i staden. Noko som ikkje har vist seg å vera så dumt, sidan det då lett blir mat til mange eller 2-3 dagar med middag ;) Nok ein gong, ikkje veldig lekkert bilde, må nok øva meg på det. Unnskyldninga denne gong er rett og slett at det som vart servert på fat blei ete opp før eg kom på å ta bilde, så god er paien :)
Botn:
  • 300 g smør
  • 6 dl mjøl (3 dl kveitemjøl + 3 dl sammalt kveite fint)
  • 4 ss vatn
  • salt + pepper
Bland ingerdiensane til botn. Hvis ikkje du får samla det til ein deig er det berre til ha i ei ekstra spiseskei med vatn. Trykk deigen godt opp på kantane på forma. Prikk så med gaffel og sett kjølig i minimum 30 minuttar. Sett steikeomnen på 200°C. Forsteik botnen midt i ovnen i 10-15 minutt. Avkjøl den før du har fyllet i. Botnen kan godt lagast dagen før og oppbevarast i kjøleskap fram til den skal brukast.

Fyll:
  • 800 g karbonadedeig/kjøttdeig
  • 2 lauk
  • 4 fedd kvitlauk (kan sløyfast)
  • 3 paprika (raud, gul og/eller grøn)
  • 1 pose tacokrydder
  • 4 dl lettrømme
  • 4 tomater
  • 3-4 ss tacosaus (eller meir om du vil ha det sterkare)
  • 2-4 raspa gulrøtter (om du har, ellers kan desse sløyfast)
  • 4 dl ost
Hakk lauk, paprika og kvitlauk. Steik dette saman med kjøttdeigen. Ikkje steik alt med ein gong, men halvparten av kjøttdeigen og halvparten av grønsakene om gongen. Ha over i ei stor panna. Del opp tomatene i terningar og bland i. Hvis du skal ha gulrot i, har du den i no. Rør inn tacokrydder, tacosaus og rømme. Fordel fyllet i botnen. Dryss over ost og steik paien på 200°C midt i ovnen i 30-35 minutt, til osten er gyllen. Om du har paifunksjon på steikeomnen må du huska å skru ned temperaturen med 30-40°C. Sjekk alltid paien undervegs, plutseleg er osten blitt litt vel gyllen. Server med rømme og salat.

lørdag 1. juni 2013

Gulrot- og eplemuffins med kremostfrosting

Planen var å laga desse i går, men plutselig blei det ridetur i staden. Sånn er livet i blant, ting dukkar opp og planar endrar seg. Så då vart det baking i dag i staden, noko som i grunn passa bra sidan det var dugnad på kaien i dag. Når det er dugnad er det jo velkomment med noko godt til arbeidsfolket, og dei har fortent det sånn som dei jobba på i dag ;)
Til 12 muffins treng du:
  • 125 g rapsolja
  • 120 g sukker
  • 2 egg
  • 80 g eple
  • 80 g gulrot
  • 5 g (1 ts) vaniljesukker
  • 15 g (1,5 ts) bakepulver
  • 60 g sammalt kveite, fint
  • 200 g kveitemjøl
Visp egg og sukker luftig. Ha så i litt og litt rapsolja. Bland dei tørre ingrediensane og ha dei i bollen. Rasp så gulrot og eple, og vend det inn i røra. Fyll muffinsformene 3/4 fulle og steik i 12-15 min på 175°C.
La muffinsane kjølna før du har på kremostfrostingen.

Kremostfrosting
  • 70 g smør
  • 200 g kremost
  • ca 3/4 pakke melis
  • 1 ts vaniljesukker
La smøret bli mjukt i romtemperatur. Bland så alle ingrediensane saman. Mengde melis kjem ann på kva konsistens og smak du vil ha på frostingen, så det er i grunn berre å prøva seg fram. Dette blir ein ganske stor porsjon, så eg vil anbefala å halvera oppskrifta om du ikkje vil ha restar. Ellers så går det fint ann å frysa frostingen, og bruka resten ein annan gong. Då tek du den opp dagen før du skal bruka den, lar den tina i kjøleskap og gjer den fin og luftig att ved å miksa den i miksar.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...