onsdag 17. desember 2014

Snøtoppar

Av og til når eg skal dyppa ting i smelta sjokolade får eg noko sjokolade til overs. Kva skal ein så gjera med den? Ein kan jo sjølvsagt eta den eller berre kasta den, men kvifor ikkje laga ein liten godtbit av denne resten? I går då eg laga pistasjmarsipan fekkk eg litt smelta sjokolade til overs, og då laga eg desse.
  • Smelta sjokolade
  • havregryn
  • melis
Ha havregryn i den smelta sjokoladen til all sjokoladen er brukt. Ha blandinga over på bakepapir med ei skei og lag små toppar. Dryss over melis. Sett kaldt for at dei skal stivna. Nam nam!

tirsdag 16. desember 2014

Pistasjmarsipan

Marsipan høyrer jula til, men visste de at det går ann å laga marsipan av andre nøtter enn mandlar? Eg har brukt salte pistasjnøtter, så marsipanen blir både søt og salt samtidig. Kjempe godt! I den smelta sjokoladen har eg tilsatt ei lita spiseskei med kokosolja, for at den skal halda seg fin og glatt til eg er ferdig med å dyppa alle marsipankulene. Om du ikkje har kokosolja er det ikkje så farlig, det blir lika godt utan ;)
Til ca 35 kuler treng du:
  • 140 g salte pistasjnøtter
  • 150 g melis
  • 1 eggekvite
  • 150 g mørk kokesjokolade (Dronningsjokolade)
  • 0.5 ss kokosolja
Ha pistasjnøttene ein ein hurtigmiksar og kjør til dei er malte. Du vel sjølv om du vil mala dei grovt eller fint, alt etter kor grov du vil ha marsipanen. Bland nøttene med melis, og ha i eggekviten. Kna alt saman til ein klump med marsipan. Oppbevar marsipanen kjøleg og i ein plastpose til du skal trilla ut til kulen så den ikkje tørkar ut.

Rull marsipanen ut til kuler og legg dei på bakepair. Smelt sjokoladen og kokosolja over vassbad. Pass på at det ikkje kjem noko vatn i den smelte sjokoladen, då detta vil gjera den kornete. 
Dypp marsipankulene i den smelta sjokoladen og legg dei på bakepapiret. Sett kaldt for at dei skal stivna. 

mandag 15. desember 2014

Sjokoladepepperkaker

Desse laga eg for første gong for mange år sidan. Dette er pepperkaker etter min smak: med sjokolade. Oppskrifta er lånt frå Mat på bordet, men eg har endra litt på den.
ca. 30 peppekaker:
  • 200 g kokesjokolade, hakka
  • 275 g kveitemjøl
  • 1.25 ts ingefær
  • 1 ts kanel
  • 0.25 ts nellik
  • 0.25 ts muskat
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ss kakao
  • 200 g brunt sukker
  • 0.5 beger (250 g) lys sirup 
Bland saman alle dei tørre ingrediensane: mjøl, ingefær, kanel, nellik, muskat, bakepuulver og kakao. Visp saman smør og brunt sukker til alt er blanda. Tilset sirup og miks det godt saman.
Sikt i dei tørre ingrediensane og bland godt. Ha så i den hakka sjokoladen og kna den inn med hendene. 
Ha deigen ut på plastfolie og trykk den ut til ei plata som er 2-3 cm tjukk. Pakk plastfolien godt rundt og legg til kjøling eit par timar, gjerne over natta.

Når deigen har avkjølt seg nok trillar du den ut til kulen på 2-3 cm i diameter. Sett desse på ei bakepapirkledt steikeplata med 5 cm avstand mellom dei. Kjøl i 10 min. Varm ovnen til 170°C. Steik så pepperkanene midt i ovnen til overflata sprekk noko, ca 10-14 minuttar. Avkjøl i ca.. 5 minuttar på steikebrettet før du har dei over til vidare avkjøling på rist. Oppbevar tørt og i ein tett kakeboks. 

fredag 12. desember 2014

Tacosuppa

Her i hus er me veldig glade i taco i alle variantar, både vanleg, som pai, som pizza og som suppa, som de ser her. Denne suppa er veldig enkel å laga til mange, smakar kjempe godt av taco og metta veldig. I tilleg kan ein ha så mykkje ost, chips og rømme på ein berre orkare. Perfekt helgekos!
Tok bilde med mobilen, så det vart ikkje så bra :(
3-4 porsjonar:

  • 400 g karbonadedeig
  • 1 lauk
  • 2 fedd kvitlauk
  • 1/2 chili
  • 2 boksar hakka tomat
  • 3 ss tomatpure
  • 3 ss tacosaus medium
  • 1 pose tacokrydder
  • 6 dl grønsaksbuljong (1 terning + 6 dl vatn)
  • 1 boks kidneybønner og/eller 1 liten boks mais
  • tortillachips med ostesmak
  • reven kvitost
  • rømme
Fres finhakka lauk, kvitlauk og chili (fjerna frøa) saman med karbonadedeigen. Bland alt, utanom bønner/mais i gryta og la det småkoka i 30 minuttar. Bønner/mais har du i dei siste 5 minuttane av koketida. Server med reven kvitost, tortillachips og rømme.

onsdag 10. desember 2014

Honningkaramellar

Dette er heilt nydelege fløytekaramellar med eit hint av honningsmak. Eg føler at på grunn av honningen er desse karamellane litt sunnare enn andre, noko som berre er tull sjølvsagt, men det er lov å lura seg sjølv litt ;)
  • 5 dl kremfløyte
  • 1 dl honnig
  • 4 dl sukker
  • 1 ss smør
Ha fløyte, honning og sukker i ein kjele. Kok på middels varme til røra blir tjukk og karamellaktig. Temperaturen skal vera 118°C, så om du har eit steiketermometer eller liknande kan du godt bruka det. Det kan ta 30-45 minuttar. For å sjekka om karamellane er ferdige kan du ta karamelltesten. Detta gjer du ved å dryppa litt karamellmasse i kaldt vatn. Om den klumpar seg og du kan ta den opp å rulla den til ein ball har den kokt lenge nok. 

Rør i smør. Når detta har smelat heller i karamellmassen i ei lita form (ca 20x20 cm). Om du ikkje har ei form, går det ann å hella massen utover ei bakepapirkledt steikeplata. 

Avkjøl til karamellen har stivna, men forsatt er mjuk nok til å delast opp. 

tirsdag 18. november 2014

Vårrullar

Sist veka hadde eg og fira andre veninnekveld der me laga vårrullar. Nokon hadde gjort det ein gong før, og nokon hadde aldri gjort det før (meg inkludert). Resultatet blei dei beste vårrullane eg har smakt, og sannsynlegvis dei sunnaste sidan me valde å steika dei i ovnen i staden for å fritysteika dei.
Vart ikkje så bra bilde då eg brukte mobilkamera i dårleg lys
Til ca 40 vårrullar treng du:

  • 40 vårrullflak (me brukte spring roll pastry frå ein innvandrarbutikk, sjå bilde nederst)
  • 2 pk kjøttdeig av svin
  • 3 gulrøtter
  • 2 lauk
  • 1 chili
  • 4 fedd kvitlauk
  • 1 pk glasnudlar (kjøp i innvandrarbutikk)
  • 1 lite kålhovud
  • 2 pk Oyster & Spring Onion wok sauce frå Blue Dragon
  • soyasaus etter smak
  • pepar
  • 1 egg, piska (til liming)
  • Rasp- eller solsikkeolja
Finhakk lauk og kvitlauk. Skjær gulrøttene i tynne små stenger eller rasp dei om du heller vil det. Hakk chilien i små bitar. Pass på at du fjernar alle frøa. Rasp kålhovudet. Fres lauk og kvitlauk i ei panna. Tilsett hovudkål, og steik til den er mjuk. Tilsett gulrøtter, chili og woksaus. Bland alt godt og smak til med soyasaus og pepar. Steik kjøttdeigen i eiga steike panna. Bland så kjøttdeigen og grønsaksblandinga. Medan denne avkjølar noko lagar du til glasnudlane. Kok opp vatn. Når det kokar tek du panna av plata og legg glasnudlane oppi. Dei skal ikkje koka, berre trekka. Dei er ferdige når dei er mjuke og gjennomsiktige, tek ca 5. minuttar. Del glasnudane i små bitar og bland dei med resten av fyllet. Varm steikeovnen til 225°C. Legg eit vårrullflak på kjøkkenbenken og legg 1.2 ss av fyllet nestenpå midten av flaket. 
Bilde lånt frå Enestående mat
Rull så vårrullen halvegs saman (bilde nr 2) og ha så litt egg på hjørna for å lima den saman. Forsett så å rulla den som på bildet. Legg vårrullane på ei bakepapirkledd steikeplata. Pensla dei med matolja og steik dei midt i ovnen i 15-20 minuttar. Server med Sweet chili sauce og soysaus.
Vårrullflak

torsdag 23. oktober 2014

Tunfiskpita

Dette er noko eg åt mykje til kvelds då eg var student i Bergen. Tunfiskpita er veldig enkelt og tek så lang tid å laga som den tida det tek å varma pitabrødet. Dessutan er det sunt og godt. Eg brukar helst grovt pitabrød om eg får tak i det.
Denne oppskrifta kan lett varierast ved å bruka forskjellige typar grønsaker og krydder, men eg likar denne versjonen best.
1 stor eller 2 små porsjonar:
  • 1-2 pitabrød
  • 1/3 beger Cottage cheese
  • 80 g (2-3 ss) tunfisk i vatn
  • ca 3 cm agurk
  • salt
  • pepar
  • timian eller basilikum (helst fersk, men tørka går òg fint)
Varm pitabrødet etter anvisning på pakken. Hakk agurken i fine bitar. Bland cottage cheese, tunfisk, agurk, salt, pepar og krydder i ein bolle. Når pitabrødet er ferdig har du fyllet i. Så er det berre til å nyta ein betre lunsj eller kvelds.

tirsdag 14. oktober 2014

Fårikål

No kan ein verkeleg sei at hausten er her, og kva er vel meir haust enn fårikål? Fårikål er ein enkel rett med kun fem ingrediensar: fårekjøtt, kål, salt, pepar og poteter. Enn så enkel denne retter er, er den til dags dato noko av det skumlaste eg har laga. Dette er ein rett som mange har eit forhold til og eg blei rett og slett litt nervøs for å gjera feil.
Så då vart det sjekka både to og tre sider på nett, samt ei kokebok og to. Det stod stort sett det overalt, men på den einesida hadde ein kokk sitt eit godt tip til betre smak: Gi fårikålkjøttet eit raskt oppkok (utan kål), ha deretter av alt vatnet og skyll og vaske det godt i lunka vatn. Dette skal ein gjera for å bli kvitt beinsplintrar og eggekvitestoff/blod frå  kjøttet. Etter dette gjer ein som vanleg.
Heldigvis var mi bekymring for at detta ikkje skulle bli vellykka heilt unødvendig, fårikålen smakte heilt nydeleg :)
Til 2-3 porsjonar treng du:
  • 1 kg fårikålkjøtt
  • 1 kg hovudkål
  • salt pepar
  • 3 dl vatn
  • 3-4 poteter
Del kålen i båtar. Legg kjøtt og kål lagvis i panna. Kjøttet skal liggja nederst med feittsida ned. Strø salt og pepar mellom laga. Du kan òg ha i heile peparkorn, men då må du ha noko å ha ein peparbehaldar å ha desse i. Hell på vatn. Kok opp og la fårikålen trekkja på svak varme til kjøttet slepper beinet. Dette tek ca 2 timar. Kok poteter og servert alt rykande varmt.

torsdag 9. oktober 2014

Peanut Butter-Chocolate Chip Bars

Denne oppskrifta har eg frå "Betty Crocker's baking classics" frå 1979 som eg kjøpte på Fretex for mange år sidan. I denne boka er det mange fristelsar, men dette er den første opppskrifta frå denne boka eg prøver, sidan ein må ta seg tid til å omgjera frå imperialt system til metrisk. Ut i frå resultatet ser det ut som eg må prøva meg på fleire av oppskriftene, for denne var avhengighetsdannande, rett og slett. Det er nesten ingenting som slå kombinasjonen av sjokolade og peanøtter.
Til ei lita langpanna/firkanta form (ca 33x23 cm) treng du:

  • 1.2 dl sukker
  • 0.8 dl brunt sukker
  • 60 g smør, romtemperert
  • 0.8 dl peanøttsmør
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 egg
  • 2 ss vatn
  • 3 dl kveitemjøl
  • 0.5 ts natron
  • 0.5 ts salt
  • 1.5 dl peanøtter
  • 200 g sjokolade
Forvarm ovnen til 190°C. Smør forma. Bland sukker, brunt sukker, smør, peanøttsmør og vaniljesukker. Mix inn egg og vatn. Bland mjøl, natron og salt. Sikt dette i røra og bland godt. Hakk peanøtter og sjokolade i passande bitar og bland desse i røra. Steik midt i ovnen i 22 til 25 minuttar, til gyldenbrun. Lat kjøla i forma før du deler opp i bitar.

søndag 21. september 2014

Eplekaka med vaniljekrem

Eplekaka er obligatorisk no når hausten og dei norske epla er komne. Om du skal laga kaka til mange, er langpanna heilt supert. Denne kaka er søt og god, men kesamen i vaniljeblandinga gjer den litt friskare, utan at det går ut over den tradisjonelle eplekakesmaken.
Kaka var eit lite eksperiment, så i oppskrifta nedanfor har eg skreve korleis eg vil laga den neste gong. Einaste forskjellen er at eplebåtane blir rulla i kanel og sukker før vaniljeblandinga kjem på, det gjor ikkje eg då eg laga akkurat den som er på bildet.
Til ei stor langpanna treng du:

  • 500 g smør, romtemperert
  • 500 g sukker (eg brukte 400 g kvitt + 100 g brunt)
  • 8 egg
  • 3 ts bakepulver
  • 3 ts vaniljesukker
  • 500 g kveitemjøl
  • 6-8 epler
  • 5 dl Piano vaniljekrem
  • 1 dl vaniljekesam
  • sukker
  • kanel
Forvarm ovnen til 200°C. Pisk saman smør og sukker. Pisk så inn egga, eitt og eitt av gongen. Sikt bakepulver, vaniljesukker og mjøl og bland det inn i smørblandinga. Ikkje bland meir enn nødvendig for å få alt godt blanda. Fordel deigen jamt utover ei bakepapirkledt langpanna. 
Bland kanel og sukker, mengd etter smak. Skrell epla, del dei i båtar og vend dei i sukker- og kanelblandinga. Legg så epleskivene i eit fint mønster oppå deigen. Bland saman vaniljekrem og vaniljekesam, og ha det over epla i små klattar. Om du vil kan du smøra blandinga utover sånn at den blir jamt fordelt, men det er ikkje nødvendig. Strø over litt meir kanel og sukker (men ikkje mykje).
Steik kaka midt i ovnen i 40-50 minuttar. Sjekk med kakenål at kaka er gjennomsteikt. La kaka avkjøla i forma. Server med vaniljeis og nyyyyt!

fredag 19. september 2014

Krema gryta med pasta og bønner

Denne gryta laga eg sist helg då kjærasten var til Dyrsku ein tur. Han er ikkje så begeistra for bønner, så må ein nytta på å laga middag med det i når han ikkje er heima. gryta er krema, men og litt spicy på grunn av curry pasten eg hadde i. Om du ikkje har det går det fint ann å bruka chili eller chilipulver. Då må ein nok ha i litt meir enn det eg har gjort her. Om du ikkje vil ha den spicy kan du utelata det heilt. Som de ser er denne heilt utan kjøtt, og med bønner i saknar ein det i grunn ikkje heller, sjølv om nokon vil vera ueineg i det :P
3-4 porsjonar:
  • 1 boks kidneybønner (ca 400 g)
  • 4 ss rapsolja
  • 2 store lauk, finhakka
  • 3 fedd kvitlauk, finhakka
  • 1 boks hakka tomat
  • 2 ts oregano
  • 1 ts tomatpure
  • 0.5 ts red curry paste (kan sløyfast)
  • 8 dl vatn
  • 100 g makaroni
  • 100 g soltørka tomat i olja, oppdelt
  • 5-6 cherrytomater (kan sløyfast)
  • 4 ss lettrømme
  • salt og pepar
Varm olja i ei gryta på middels varme. Surr lauk og kvitlauk nokre minuttar til lauken er blitt blank og mjuk. Rør inn tomaert, oregano, tomatpure og red curry paste. Tilsett vatn og kok opp. Skyll bønnene og ha dei i gryta. Så har du i makaroni og dei soltørka tomatene. Kok på middels varme til makaronien er ferdig. Ha så i lettrømme og rør god sånn alt blandar seg. Kok 1 minutt til og så er middagen ferdig

onsdag 3. september 2014

Brennsnute med kjøttpølsa

Dette er vel litt på kanten av kva ein kan kalla ei oppskrift, men ei godt tips til middag er det i alle fall. Dette er middagen for dei dagane du har lyst på noko godt og heimalaga, men rett og slett ikkje har tid eller ork til å laga noko frå botnen av. Og ja, det er så absolutt lov å bruka posemat, eg skal ikkje arrestera nokon for det ;)

Til 4 prosjonar treng du:
  • 1 pakke kjøttpølsa
  • 1 pose ertesuppa
  • 1 pakke frossen lapskausblanding
  • 1/2 pakke frossne erter
  • salt og pepar
Lag ertesuppa etteranvisning på pakken. Kok opp og lat det koka i ca 10 minuttar. Ha i lapskausblandninga og ertene. Del kjøttpølsa og ha den. La det heile surra på medium varme i minst 5 minuttar, men den kan godt stå lenger. Smak til med salt og pepar. Så enkelt var det!

tirsdag 2. september 2014

Miniostekaker med bær

Desse ostekakene har ein søt smak av bringebær saman med den litt syrlege smaken av skogsbær. Dessutan er dei veldig enkle å laga og tek mykje mindre tid enn ei stor ostekaka.
Gir ca 8 miniostekaker:

  • 9 Ballerina Jordbærkyss
  • 45 g smør
  • 300 g kremost
  • 1 ss kveitemjøl
  • 90 g melis
  • 1 ts bringebæressens (kan utelatast eller byttast ut med vanilje-eller mandelessens)
  • 1 egg
  • 3 ss rømme
  • raud konditorfarge (kan utelatast)
  • frossne skogsbær
Forvarm steikeovnen til 180°C. Knus kjeksene anten i ein miksar eller ha dei i ein brødpose og slå dei til smular med ein kjevle. Smelt smør og bland det med kjekssmulane. Fordel kjeksblandinga i muffinsformer og press den litt ned. Her er det ein fordel om du har eit muffinsbrett. Om du ikkje har det bruk dobbelt med muffinsformer. 
Bland saman kremost, mjøl, melis, bringebæressens, egg, rømme og eventuelt konditorfarge. Bland alt til det har blitt lett og luftig. Ha skogsbær i muffinsformene før du heller kremostblandinga over sånn at det dekkjer bæra heilt. 
Steik ostekakene i 15-20 minuttar til dei har blitt faste. Lat ostekakene avkjøla heilt i brettet før du har dei i kjøleskapet ei lita stund.
Så er det berre å nyta!

onsdag 6. august 2014

Gulrotsuppa

Kva gjer ein når ein har alt for mykje gulrøtter i kjøleskapet? Jo, ein lagar gulrotsuppa såklart! Og det var akkuart det eg gjor i dag. Oppskrifta fant og på matpart.no, men endra ho litt etter min eigen smak.
4 porsjonar:
  • 1,5 kg gulrøtter
  • 400 g poteter
  • 1 løk
  • 0.5 chili
  • 1,5 l buljong
  • 0.5 purre
  • salt
  • pepar
  • oregano (eller anna krydder)
  • mager kesam
Skrell potetene og gulrøttene. Skjær potetene i store terningar og 2/3 av gulrøttene i grove bitar. Rens løken og del den i skiver. Surr løken i ei gryta til den blir blank. Ha grønsakene over i panna saman med løken. Fres alt nokon minuttar. Skjær chilien i skiver og ha den i gryta saman med oregano. Hell på buljong og la det koka i 10-15 minuttar til grønsakene er møre. Skjær i mellomtida resten av gulrøttene og purren i tynne skiver. Kjør Suppa glatt med ein stavmiksar. Kok opp suppa. Om den blir litt for tjukk har du i meir vatn. Pass på, suppa kan spruta rundt seg ganske kraftig. La det småkoka i 5 minuttar. Smak til med salt og pepar. Server med ein klatt kesam, eit dryss av oregano og godt brød. Om du har friske urter bruk dei til pynt.

Du kan gjerne tilsteja svinekjøtt eller kyllingfiilet i strimlar om du vil ha kjøtt i suppa. Steik dette då ved sidan av og la kvar og ein bestemma sjølv.

søndag 3. august 2014

Go' kako

Denne kaka er den så absolutte favoritten i min familie. For å sei det sånn: Når kaker og kaffi blir servert spurtar (nesten) samtlege av mine søstre og søskenbarn mot kakebordet for å få eit passeleg stort stykke av denne kaka, og den blir alltid eten opp. Det er alltid bestemor som lagar kaka til selskap, men denne gongen var kaka til ein dåp i min kjæres familie, så då fekk eg prøvd meg på kaka sjølv. Og ut i frå biletet nederst vil eg sei at kaka var ein suksess :)
Trur kanskje denne kaka går under namnet "Ripskaka" eller noko i den dur, men eg har aldri kalla den noko anna enn "Go' kako", og det vil eg fortsetja med så lenge eg lev trur eg.
Til ei 24 cm rundform treng du:
Botn:
  • 5 eggekvitar
  • 188 g melis
  • 188 g mandlar
Forvarm ovnen til 170°C. Dekk botnen på kakeforma med bakepapir og smør kantane med smør elller formfeitt. Finhakk mandlane og bland dei med melisen. Rør eggekvitane stive. Dei er ferdig når du kan halda bollen opp-ned utan at noko kjem ut. Vend eggekviten forsiktig inn i mandelmassen. Fortsett heilt til du har ei jamn blanding. Pass på så du ikkje rører lufta ut av eggekviten når du vender den inn. Steik botnen nederste i ovnen i ca 45 minuttar. 

Når botnen er ferdig tek du den ut og let den avkjøla heilt. Lat den stå i forma, men  du kan godt løsna litt på ringen så du veit at botnen ikkje heng fast i sidene. Boten kan  med fordel lagast god tid i forvegen og frysast ned. Fyll og pynt bør ein helst venta med til den dagen kaka skal serverast

Fyll og pynt:
  • 2 bananer
  • 200 g raspa mørk sjokolade (150 g til fyll + 50 g til pynt)
  • krem (3 dl kremfløyte + 2 ss sukker)
  • rips
Bre eit tynt lag med  krem på botnen. Skjær så bananene i passeleg tjukke skiver  og dekk heile botnen. Rasp så over mesteparten av sjokoladen. Eg brukar hakketilbehøret på stavmiksaren min til sjokoladen. Ha resten av kremen over. Bruk gjerne ein sprøytepose for å få eit fint resultat. Strø over resten av sjokoladen. Til denne kaka skal det vera rips, og då har ein 3 alternativ til korleis ein vil gjera det:
  1. Strø rips over sjølve kaka
  2. Ha rips rundt heile kaka på kakefatet
  3. Server rips ei skål ved sidan av
Alternativ 1 og 2 passa best om du har fersk ripa, medan alternativ 3 er best om ripsen har vore frosen. Uansett så blir denne kaka nam nam!
Det som var igjen av kaka då dåpen var over :)

mandag 21. juli 2014

Brokkoliburger

No når det er sommar har ikkje eg den store inspirasjonen til å stå på kjøkkenet å laga mat, så då blir det ofta noko som er raskt å laga til eller grillmat, sidan ein då ikkje treng vera inne i det heile. I dag slo inspirasjonen til då eg tilfeldigvis kom over denne oppskrifta på klikk.no. Oppskrifta nedanfor er omtrentleg sånn som originalen, men eg endra på nokon få ting. Brokkoliburgeren min blei muligens litt laus i fisken, men smaken var det så absolutt ingenting å sei på. Eg serverte den med ein enkel salat og Middelhavssalat frå Delikat, men her kan du jo sjølvsagt velgja det du vil. Hamburgerbrød, salat, tomat, agurk og tzatziki til vil eg anbefala.
Oppskrifta gir 5 burgarar:

  • 1 pose boil-in-bag Fullkornsris
  • 1 brokkoli
  • 1 terning kyllingbuljong + litt kokande vatn
  • 1 ss olivenolja
  • 1 dl lettkokte havregryn
Kok risen i lettsalat vatn som anvist på pakken. Sil av vatnet. Del brokkolien og kok den så vidt mør, ca 3-4 minuttar. Skyll raskt i kaldt vatn og sil av. Mos brokkolien med stavmiksar, men lat det vera igjen nokon litt større bitar. Smuldra opp kyllingbuljongen og bland den så vidt med litt kokande vatn så den blir lettare å blanda inn. Bland så buljong, ris, havregryn og olivenolja inn med brokkolien. Arbeid med deigen til den blir glatt og fin. Lat den kvila i ca 15 minuttar. Form 5 burgarar og steik dei gyldne på begge sider.

søndag 15. juni 2014

Vanilje- og rosinsnurrar + Kanelsnurrar

I går var det dugnad for å få opp lyktestolpar på sykkel- og gangstien, og når det er dugnad så må jo dugnadsfolket ha mat. Eg laga då desse snurrane medan to andre damer laga til betasuppa. Begge deler vart godt mottekne av mannfolkene :)
Eg brukte denne oppskrifta til deigen, sidan denne bolledeigen alltid blir vellykka.

Fyll 1:
  • Vaniljekrem
  • rosiner
Fyll 2:
  • Smelta smør
  • kanel
  • sukker
Steiketida blir noko lengre sidan det er væska i begge snurrane, så berekn mellom 9 og 12 minuttar steiketid. Det beste er å følgja med frå og med bollane har stått inne i 9 minuttar.

tirsdag 20. mai 2014

Baconsurra indrefilet av svin med mojosaus

Då var det endeleg tid for ny oppskrift her! Har ikkje vore store aktiviteten her inne den siste 1,5 mnd, men eg har ikkje gløymt bloggen. Hadde f.eks planar om ei ny muffins-oppskrift til 17. mai, men kom i tidsklemma, så det blei berre laga den same potetsalaten som i fjor. I dag fekk me middagsgjest her i hus, og sidan eg har hatt fri heile dagen tok eg lika greit å diska opp med noko skikkeleg lekkert, nemleg baconsurra indrefilet med mojosaus (soppsaus for den som ikkje likar sterkt), potetbåtar og salat. Soppsausen blei frå Toro denne gongen sidan dei blei meir enn nok å laga til, men eg hadde i litt sopp som var steik i same steikepanna som indrefileten, for å gi sausen litt meir smak.
Nok til 3 personar:

  • Indrefilet av svin (ca 400 g)
  • Nok bacon til å dekkja indrefileten
  • 10 store poteter
  • Olivenolja
  • Krydder
Forvarm steikeovnen til 220°C. Vask potetene og del dei på langs. Ha dei i ein bolle saman med olivenolja og krydder. Bland saman. Legg potetbåtane med skinnsida ned på steikebrett. Sett midt i ovnen. Potetbåtane skal stå i 30-40 minuttar.
Rull bacon rund indrefileten sånn at det dekkjer den heilt. Brun inderfileten i ei varm steikepanna til baconet er gyllent over det heila. Sett eit steiketermometer i indrefileten og legg den i steikeovnen saman med potetbåtane. Steik til kjernetemperaturen er 75°C. Poteter og filet bør vera ferdig samtidig om det blir gjort i denne rekkjefølgja. Husk at indrefileten må kvila 10 minuttar før du skjer i den. 

Mild raud mojosaus:
  • 1 fedd kvittlauk
  • 1 heil raud chili 
  • 0.5 raud paprika (bytt denne ut med ein til chili om du vil ha sterkare saus)
  • 1 ts spisskummin
  • 1 ts paprikapulver
  • 3-4 ss eddik
  • 1.5-2 dl olivenolja
  • salt
Ha alle ingerdiensane (utanom salt) i ein liten hurtikmiksar og la den gå ei stund. Smak så til med salt. Om du synst sausen blir for tjukk eller sterk vispar du inn litt vatn. Sett sausen i kjøleskap om det er ei stund til den skal serverast.

Salat:
  • Isbergsalat
  • Ruccola
  • Raspa gulrot
  • Paprika
  • Agurk
  • Avocado
  • 1 glas fetaost
Lag salaten medan indrefileten kviler seg, og så er det berre til å nyta eit betre måltid :)

torsdag 1. mai 2014

Formkaka i raudt, kvitt og blått

I dag er arbeidaranes dag, og kva betre måte å feira enn med ei kaka i raudt, kvitt og blått. Dette er ei fin kaka å laga om ein har brune bananer og smårestar av forskjellige frossne bær. I tilleg så smakar den jo søtt og friskt :) Om ein vil kan ein gjerne ha melisglasur på toppen.
  • 150 g smør
  • 2 dl sukker
  • 2 egg
  • 4 dl kveitemjøl
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts bakepulver
  • 2 godt modne bananer
  • 50-60 g frossne blåbær
  • 50-60 g frossne rips
Forvarm steikeovnen til 170°C. Rør smør og sukker kvitt. Ha så i egga og mix godt. Bland alt det tørra og ha det i bollen. Bland igjen. Mos bananene og bland dei godt saman med resten av røra. Ha til slutt i rips og blåbær og vend dei forsiktig inn sånn at dei nett er blanda i røra. Ha røra så i ei smurt brødform som tek ca 1.5 L. Steik midt i ovnen i 45-60 min. Sjekk med ei kakenål om kaka er steik heilt gjennom før du tek den ut. Lat den så avkjøla heilt i brødforma. Sett den gjene i kjøleskap, så den blir fast og fin. Så er det berre å nyta :)

mandag 14. april 2014

Banana chocolate chips muffins

Har kjem endå ei oppskrift med sjokolade og banan. Eg veit det begynnar å bli ein del, men eg elskar smakskombinasjonen og det faktum at bananene gjer bakverket søtare utan å tilføra noko sukker (utanom fruktsukker då). Desse muffinasane blei laga i forbindelse med bursdagselskapet til ein av mine søstre sist torsdag.  Glasuren på muffinsane er ikkje heimalaga denne gongen, men frå ein Toro pose. Av og til må ein juksa litt når ein har dårleg tid. Til opplysing så var den kjempe god, så eg ser ikkje vekk i frå at den kanskje blir brukt ved ein annan anledning. Pynten på toppen er bamsekjeks eg fanti i kjekshylla på butikken. Min kjære nevø, som er ganske kresen i matvegen, åt opp ein heil muffins og det ser eg på som eit meir enn godkjent stempel ;)
Til ca 20 muffins treng du:

  • 150 g smør
  • 2 dl rømme
  • 2 egg
  • 1.5 dl sukker
  • 3 dl mjøl
  • 1 dl kakao
  • 2 ts bakepulver
  • litt salt
  • 3 modne bananer, moste
  • 200 g sjokolade, grovt hakka
Forvarm ovnen til 175°C. Smelt smør og ha i rømme. Pisk egg, sukker og vaniljesukker til luftig eggedosis. Rør smørblandinga raskt inn i eggedosisen. Bland så mjøl, kakao, bakepulver og salt. Ha i bollen med resten og bland godt. ha så i dei moste bananene og bland godt igjen. Til slutt vender du inn den hakka sjokoladen. Ha røra i muffinsformer og full dei 2/3 fulle. Steik midt i ovnen i 12-15 minuttar.
Pynt etter smak og behag, eller et dei som dei er ;)


onsdag 9. april 2014

Kjøttdeigbrød

Denne oppskrifta fant mamma for mange år sidan i eit eller anna vekeblad, og sidan har dette blitt servert med jamne mellomrom. Veldig enkelt å laga, og heilt utan "farglege" ingrediensar. Med farlege ingrediensar meiner eg då rare og unvanlege, dei som ikkje er farlege er smakar ein kan finna i kva som helst kjøkken i heile Noreg, som f.eks. lauk og gulrøtter, salt og pepar. I orginaloppskrifta stod det at ein skulle ha bacon i, men det hadde ikkje mamma første gongen ho laga det, så då har det aldri vorte med sidan heller. Det får ein gjera som ein vil. Hadde eigentleg planar om å ha ruccola til òg, men det fant av ein eller annan grunn ikkje vegen ned i handlekorga. Heldigvis smaka det lika godt utan. Men nok om det, her kjem oppskrifta.
3-4 porsjonar:

  • 400 g karbonadedeig eller kjøttdeig
  • 1 liten lauk, finhakka
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • 1 ss olja
  • 2 gulrøtter, finhakka
  • 1 ts oregano
  • (150 g bacon)
  • 50 g brødrasp
  • 1 egg
  • ketchup
  • salt + pepar
Forvarm steikeovnen til 180°C. Surr lauk og kvitlauk i steikepanna med litt olja. tilsett gulrot, oregano, salt og pepar, og lat det surra i ca 5 minuttar. Legg på fat og la det avkjølast litt. (Steik bacon til det er sprøtt). Rør kjøttet med brødrasp og egg. Kryddre med litt salt og pepar. Tilsett dei avkjølte grønsakene (og bacon). Form farsen til eit avlangt brød og legg det på eit bakepapirkledd steikebrett eller i ei folieform. Smør overflata med ketchup og steik midt i ovnen i 35-45 minuttar. 
Server med tagliatelle og ruccola.

lørdag 5. april 2014

Pizzasaus/tomatsaus

Denne sausen kan brukast både på pizza og spagetti. Eg brukar den aller helst på pizza sidan ferdig spagettisaus på glas er ein favoritt her i huset. Sausen er litt sterk sidan vanleg pizzasaus med kun tomat og krydder fort blir litt kjedeleg. Pizzasausen kan godt lagast dagen i forvegen.
Til ein pizza i langpanna treng du:
  • 2 boksar hermetiske tomater
  • 1 lauk
  • 3-4 ss medium eller sterk tacosaus
  • 2-3 ss tacokrydder
  • evt. kvitlauk, chili, jalapeno og krydder
Ha alle ingrediensane i ei gryta og bruk stavmikasr til å kjøyra alt til ein glatt masse. Sett sausen til koking på låg til medium varme og late den stå å småputtra så lenge du kan. Den blir berre betre jo meir den får stå å kosa seg.

lørdag 15. mars 2014

Devil's Food Cake med bringebærmousse og sjokoladeganache

Denne kaka har ein smak av mørk sjokolade i botnen med ein frisk og litt syrlig bringebærmousse med søt og litt salt sjokoladeganach. Med andre ord ein uslåeleg kombinasjon. Den tek litt tid å laga sidan det er ein del venting på at alle delar anten skal blir avkjølte eller stivna, men det er verdt ventinga. Eg laga denne kaka til ein 30-årsdag, og den vart godt motteken på kakebordet.
Devil's Food Cake:
  • 200 g smør
  • 3 dl sukker
  • 3 egg
  • 1 dl kakao
  • 2 dl kokande vatn
  • 5 dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 ts natron
  • 1 dl rømme
Sett steikeovnen på 175°C. Visp smør og sukker kvitt. Tilsett egg og visp vidare. Bland saman kakao og vatn. Sett dette til side. Sikt i mjøl, bakepulver, vaniljesukker og natron. Bruk så ein slikkepot til å blanda det heile saman. Tilsett så kakao og rømme og rør til alt er blanda godt saman. Hell røra i form. Eg brukte 2 lika store former, men ein kan òg steika det heile i ei form. Brukar du to, som meg vil steiketida bli 25 minuttar. Brukar du berre ei må du rekna med opptil 40-45 minuttar. Sjekk undervegs. La botnane avkjøla heilt før du gjer noko meir med dei.

Bringebærmousse:
  • 350 g bringebær, ferske eller frossne
  • 80 g sukker
  • 3 ss sitronsaft
  • 4 gelantinplater
  • 3.75 dl kremfløyte
Om du brukar frossne brringebær må desse tinast heilt før du brukar dei. Legg gelantinplatene i iskaldt vatn i ca 12 minuttar. Kjør bringebær, sukker og sitronsaft i ein blender eller liknande for å laga bringebærpurè. Ha purèen i ei sil for å få vekk frøa. Pisk fløyten til krem, men husk å ikkje piska for mykje. Kok opp 1/3 av bringebærpurèen. Når det kokar dreg du det til side. Klem alt vatnet ut av gelantinplatene. Tilsett gelantinen i den kokte purèen og rør til det løyser seg opp. La dette avkjøla til det er heilt kaldt. I mellomtida har du den andre delen av bringebærpurèen, som ikkje er kokt, i kremen og blandar det heile saman. Når den kokte purèen er blitt kladt vispar du denne inn i kremblandinga. La moussen avkjøla i kjøleskap i 2 timar. 

Om du no laga to tynne botnar av kaka er det ikkje så mykje å gjera. laga du ein må du derimot dela denne i to, eller tre om det er mogeleg. Legg den første botnen på eit kakefat. Ha på bringebærmousse. Legg over den andre botnen. Fortsett med dette til du har brukt alle botnane. Om du har mousse att etter at du har fyllt kaka kan du gjera som meg og ha eit tynt lag utanpå heile kaka. Sett dette i kjøleskap å la det stivna. Mi kaka stod over natta fordi den ikkje skulle serverast før dagen etterpå, men det er ikkje nødvendig at den står så lenge. 

Sjokoladeganache:
  • 1,25 dl vatn
  • 30 g brunt sukker
  • 175 g smør, i terningar
  • 300 g sjokolade ( eg brukte 2/3 mjølkesjokolade + 1/3 dronningsjokolade)
  • litt salt
Ha vatn, brunt sukker og smør i ei panna. La dette smelta på låg varme. Når det begynnar å bobla tek du panna av plata og tilset sjokolade og salt. Sørg for at all sjokoladen får kontakt med smørblandinga. La det stå 1 minutt før du vispar ganachen glatt og blank. Lat den stå ca 1 time. Rør i den no og då, f.eks kvar gong du går forbi panna. Hell ganachen midt på kaka og spre den forsiktig utover med ein slikkepott. La den renne nedover sidene. Pynt kaka etter smak og behag. 

torsdag 13. mars 2014

Brownies- og oreo(bursdags)muffins

I dag fyller verdas beste vetlesyster heile 20 år, så da synst eg det var på sin plass å laga ein muffins med rikeleg med sjokolade i. Ho eg tross alt lika (om ikkje meir) glad i sjokolade som det eg er, og det seier jo litt ;) Ser at det er den same kakepynten som går igjen på veldig mange av kakene og muffinsane eg har laga, så kanskje det er på tide å investera i litt ny kakepynt etterkvart :P
Til 12 muffins treng du:

  • 130 g smør
  • 1.25 dl brunt sukker
  • 2 egg
  • 2.5 dl kveitemjøl
  • 1/2 ts natron
  • 4 ss kakao
  • 1.25 dl rømme
  • 1 pakke Oreokjeks
  • 200 g valgfri sjokolade (eg brukte mjølkesjokolade med M)
Sett steikeovnen på 180°C. Visp smør og sukker godt saman. Ha i egg. Bland alt det tørra og bland alt godt saman. Til slutt har du i rømmen. Legg ein Oreokjeks i kvar muffinsform og dekk denne med røra. Det er ikkje så nøye om du får røra godt nedi forma for dette vil smelta nedi når du set dei i steikeovnen. Steik midt i ovnen i 17-20 minuttar. Eg sjekka med ein spagetti om dei var ferdige annakvart minutt frå dei hadde stått inni i 16 minuttar, berre for å vera sikker. Når muffinsane er ferdige let du dei avkjøla heilt. Smelt så sjokoladen i vassbad og har den over muffinsane og strø over kakepynt.

mandag 10. mars 2014

Pølsegrateng med spinat

Då eg var lita var det berre Skipper'n som åt spinat, det var ikkje mat som behaga min gane for å sei det sånn. Men Skipper'n hadde nok skjønnt meir enn meg, for spinat er både sunt og godt, dessutan gir det maten ein fantastisk grønfarge. Dessutan likar eg å laga til grateng for då er det så enkelt å laga middag til fleire dagar eller middag til mange. Til tilberedning av denne retten har eg to tips til deg, som eg godt kunne hatt bruk for: bruk ei stor gryta og tin lapskausblandinga før du blandar den inn i sausen. Oppskrifta fant eg i Gunda Djupvik's "Smalhans"
4-6 porsjonar:
  • 2 ss smør
  • 3 ss mjøl
  • 8-9 dl mjølk
  • 1 buljongterning (høns- eller grønsaksbuljong), knust
  • litt riven muskatnøtt
  • 600 g kjøttpølser utan skinn eller grillpølser
  • 2 egg
  • 0.5 purre
  • 1 pakke frossen lapskausblanding
  • 0.5 pakke frossen spinat
  • 2 dl tørr makaroni
  • strøkavring
  • salt og pepar
Sett steikeovnen på 200°C. Skjær pølsene i bitar og del purren i skiver. Kok makaronien etter anvisning på pakken. Lat han renna godt av og set den til side. Smelt smør på middels varme, rør inn mjølet og la det fresa litt. Ha i mjølk, og rør godt. Sett opp varmen, og rør heile tida medan sausen kokar opp. La han koka i 4-5 minuttar på middels varme, så den ikkje svir seg. Rør av og til. Smak til med buljongterningen, muskat og eventuelt salt og pepar. Ta sausen av plata og rør raskt inn egga. ha i spinaten og la han smelta i sausen. Ha i pølsebitar, purre, makaroni og lapskausblanding og bland godt. 
ha så alt i ei smurt eldfast form. Strø over strøkavring og legg tynne skiver av smør jamnt over heile gratengen. Steik den så i 40-50 minuttar til den får ei fin gyllen overflata. Dei siste 5-10 minuttane kan du godt setja på varmluft eller grillfunksjon for å få ei ekstra sprø overflata. Server med grøn salat, raspa gulrøtter og eventuelt smør eller rømme. 

torsdag 27. februar 2014

Potet- og gulrotgrateng med karbonadedeig

Av og til får eg for meg å bla i ein av dei mange kokebøkene eg har i søken etter inspirasjon. Denne retten er inspirert av ei oppskrift eg fant i boka "Frå bollar til burritos". Alle som har hatt heimkunnskap på grunnskulen huskar vel denne? Eg har bladd gjennom denne nokon gonger, og det er i grunn mykje godt i enkelt å finna her, så eg skal prøva å bruka denne (og dei andre) litt meir. Dette er ein litt sånn ta-det-du-har-grateng eigentleg. F.eks kom eg på då eg var nesten ferdig med å laga til i den eldfaste forma at eg hadde ein liten slump med frossne erter i frysen, så då vart dei med. Så ta det du har og lag i veg, og server gjerne med salat og godt brød. Men berre hvis du har altså ;)
4 porsjonar:

  • 4-5 poteter, strimla
  • 4 gulrøtter, strimla
  • 1 løk, hakka
  • 400 g karbonadedeig
  • 2 dl kvitost, riven
  • salt
  • pepar
  • timian (kan bytast ut med anna krydder)
  • 2 dl lettmjølk
  • 1 dl fløyte
  • ca 1 dl frossne erter
Forvarm steikeovnen til 225°C. Vask, reins og del potet, gulrøtter og løk. Gni ut karbonadedeigen sånn at han blir kornete. Legg så poteter, løk, gulrøtter, karbonadedeig og ost lagvis i ei eldfast form saman med salt og krydder. Slå mjølk og fløyte over. Dryss over ertene til slutt. Steik så gratengen i ovnen i ca 45 minuttar, til potetene og gulrøttene er møre. 

tirsdag 25. februar 2014

Müslibar med eplemos

Sidan müslibarane eg laga for ei tid sidan blei ein så stor hit hos min kjære har eg laga ein del sidan då. Som med alle oppskrifter ein lagar mange gongar, har orginaloppskrifta endra seg etterkvart. Her får de resultatet av dette.
  • Ein neve graskarkjernar
  • ein neve tørka aprikos, hakka
  • Müsli
  • 3 ts brunt sukker
  • 1 egg
  • 1 eggekvite
  • 4 ss peanøttsmør
  • 2 ss eplemos
  • ein neve linfrø
Forvarm steikeovnen til 170°C. Ha graskarkjernar og tørka aprikos i eit litermål. Fyll på med müsli til det heile når 4 dl. Ha i resten av ingrediensane og bland godt. Om du ikkje vil laga eplemos sjølv går det fint ann å bruka det ein får kjøpt i butikk. Bruk så mykje av blandinga som du får på ei spiseskei til å laga ein müslibar. trykk dei litt flate. Steik midt i ovnen i 20 minuttar. Avkjøl.

mandag 24. februar 2014

Lun pastasalat med karbonadedeig og pesto

Pasta og karbonadedeig i alle former er populær og enkel kvardagsmat. Her får de ein versjon som er rask å laga og enkel å variera ut i frå kva ein har til rådigheit. Denne middagsretten tek under 20 minuttar å laga, og det som tek lengst tid er faktisk å koka pastaen.
3-4 prosjonar:

  • 400 g karbonadedeig
  • 4 dl pasta
  • 1/2 raud paprika, i bitar
  • 1 avokado, i bitar
  • 1 liten raudlauk, i tynne skiver
  • 1 boks salatbønner (Kidneybeans)
  • 4-5 ss pesto (grøn eller raud)
  • linfrø
  • sitronsaft
Kok pastaen etter anvisning på pakken. Skyll med lunka vatn og la den renna godt av. Steik karbonadedeigen. Bland alle ingrediensane i ein bolle. Vend inn pestoen. Strø over linfrø og nokon dropar stitronsaft.

mandag 17. februar 2014

Steikte potetbåtar

Dagens middag vart nakkekotelettar med kokte grønsaker, ostesaus og sjølvsagt steikte potetbåtar. Steikte potetbåtar er veldig enkelt å laga og veldig godt. Eg prøvde meg på ei blanding av søtpoteter, som eg aldri har smakt før, og vanlege poteter. Smaken på søtpotetene var god (smakte litt som baconcrisp i grunn), men dei blei nok litt for mjuke i forhold til dei vanlege potetene. Steikte potetbåtar passar til det aller mesta, og smaken kan ein lett variera med bruk av forskjellig krydder. Mengda poteter ein brukar vurderar ein sjølv etter kor mange det er som skal ha, og kor mykje ein antek at kvar og ein et. Ein peikepinn kan vera at ein treng 10 poteter til 4 personar.
  • poteter
  • matolja
  • salt og pepar
  • krydder
Forvarm steikeovnen til 225°C. Vask potetene godt og del dei i båtar. Legg desse i ei langpanna me aluminiumsfolie/bakepapir i botnen. Hell over matolja og dryss på krydder. Vend potetbåtane sånn at alle blir heilt dekka av olja og krydder. Steik midt i ovnen i 20 minuttar. Dei siste 5 minuttane set du på varmluft for å få ekstra sprø potetbåtar. Simple as that ;)

fredag 14. februar 2014

Red velvet kaka ♥

I dag er Valentinsdag, og for anledninga har eg laga ei hjarteforma red velvet kaka til min kjære. Vart ikkje heilt fornøgd med påføringa av frostingen, men då seier eg berre: Kaka er som kjærleiken, veldig god, men ikkje heilt prefekt.

  • 300 g mjøl
  • 370 g sukker
  • 2 ss kakao
  • 3 ts vaniljesukker
  • 1 ts salt
  • 3 egg
  • 3 dl kulturmjølk
  • 1.5 dl matolja
  • 3 ts raud pastafarge (eg brukte Wilton's red (no taste), men du kan òg bruka 4-5 glas med raud konditorfarge)
  • 2 ts natron
  • 2 ts lys eddik
Forvarm steikeovnen til 170°C. Ha alle dei tørre ingrediensane i ein bolle og bland dei saman. Ha så i egg, kulturmjølk og olja og blad saman på høg hastigheit til alt er godt blanda saman. Ha så i raudfargen. Bland igjen. Rør saman natron og eddik sånn at det brusar. Ha det raskt i røra og rør inn. Fyll røra i ei godt smurt form. Om du får alt i ei form blir steiketida ca 1 time og 10 minuttar. Eg måtte bruka ei form to gonger då den hjarteforma eg har ikkje var høg nok til heile røra. Om du deler opp røra sånn som eg gjor blir steiketida noko kortare. I prinsippet halvparten, men sjekk kaka undervegs og ta ei vurdering på kor lenge den må stå inni. Lat kaka avkjøla heilt på rist. I mellomtida lagar du frostingen til kaka.
  • 160 g smør, romtemperert
  • 300 g kremost, romtemperert
  • 2 ts vaniljesukker
  • ca. 900 g melis
Pisk saman alle ingrediensane til alt er lett og luftig. Del kaka i tre (eller i så mange delar som passar etter høgda du fekk på kaka). Legg den første botnen på eit kakefat. Ha på godt med frosting. Legg den neste boten oppå og gjør det same. Legg siste botn på toppen og dekk kaka med resten av frostingen. Dryss små hjerter over kaka. Perfekt til valentingsdagen ♥


torsdag 13. februar 2014

Kyllinggryta med eit lite kick

Ei kyllinggryta med gode smakar av karri, chili og paprika, som gir den det vetle kicket nemnt i overskrifta, samt kikerter, gulrot og løk. Krydderet blir mildna av kokosmjølk og, i mitt tilfelle, litt kulturmjølk. Kulturmjølka måtte til då eg klarte å hiva i litt for mykje chili og karri og var heilt tom for kokosmjølk. Grunnen til for mykje chili kom av at eg ikkje hadde fersk chili i kjøleskapet og difor måtte bruka sambal olek (chilipasta), som eg synst er mykje vanskelegare å berekna styrken på i forhold til mengda eg har i. Så har du fersk chili, bruk det! Blir gryta di likavel for sterk anbefalar eg å mildnar den med kulturmjølk, rømme, yoghurt naturell eller noko liknande. I alle fall må det vera noko tjukkare mjølkeprodukt enn vanleg mjølk.
Server gjerne gryta med ris og grøn salat, eller et den bar om du heller vil det. Dette er òg ei gryta som du kan laga på førehand og varma opp at ein dag du ikkje har så god tid til å laga middag.
Til 4 prosjonar treng du:
  • 1 pakke kyllingkjøttdeig
  • 0.5 lauk
  • 3 fedd kvitlauk
  • Chili el. sambal olek etter smak
  • 1 boks kokosmjølk
  • 1 boks kikerter
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 1 raud paprika
  • 4 gulrøtter
  • 1 ts grukemeie
  • 0.5-1 ts karri
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 terning kylling/hønsebuljon
Bruk ei gryta eller steikepanna med høge kantar. Steik kyllingkjøttdeigen. Når den er steik har du i lauk, Finhakka kvitlauk og chili. Lat dette surra litt før du har i kokosmjølk, hermetiske tomater og kikerter. Skrell og del gulrøttene i skiver, og del opp paprikaen. Ha dette i gryta. Ha så i krydder og buljonterningen. Rør om sånn at alt blir godt blanda og la det så putra i  ca 15 minuttar. Smak undervegs om du treng å mildna gryta med kultumjølk eller liknande. Så er det berre til å setja seg rund middagsbordet og nyta...mmmm!

fredag 7. februar 2014

Konfektkaka

Når eg får spørsmål om eg ikkje kan laga ei kaka til bursdagsselskap og eg attpåtil står heilt fritt til å laga kva eg vil, finst det ikkje nei i min munn. Denne kaka blei laga til fine Hilde som fyller heile 25 år i dag, og bursdagspresangen hennar i årt vart kandiserte appelsinskal med sjokolade.
Konfektkaka er mektig og god med mykje sjokoladesmak. Om den blir for mektig kan det vera fint å anten servera den med vaniljeis eller peanøtter, eller begge delar om ein vil det ;)
  • 180 g smør
  • 250 g mørk kokesjokolade
  • 2,5 dl sukker
  • 4 egg
  • 4 ss kveitemjøl
  • 1.5 ts bakkepulver
  • 1 ts vaniljeessens
  • 4 ss rømme eller 3 ss rømme + 1 ss vaniljeyoghurt
Glasur:
  • 300 g kokesjokolade
  • 2 dl kremfløyte
Forvarm steikeovnen til 175°C. Smelt smør. Ta kjelen av panna og ha oppdelt sjokolade i. Lat sjokolade smelta i smøret, og rør blandinga til den er janm. Visp egg og sukker til eggedosis. Rør i sjokoladeblandinga, som no skal vera litt avkjølt. Sikt i mjøl og bakepulver, og bland i rømme (og vaniljeyoghurt) og vaniljeessens. Ha bakepapir i botn av ei rundform (24-28 cm i diameter) og smør sidene med f.eks. formfeitt. Ha røra i rundforma og steik midt i ovnen i 40-50 minuttar. Sjekk med kakenål. Når den kjem ut rein er kaka ferdig. Avkjøl kaka i forma.

Kok opp kremfløyten. Ta kjelen av plata og tilsett kokesjokoladen. Rør til sjokoladen har smelta og lat den avkjøla i romtemperatur til den har god smørekonsistens. Ta den kalde kaka ut av forma og fjern bakepapiret. Del kaka i to og legg den eine delen på serveringsfat. Fordel ca 1/3 av glasuren mellom kakebotnane. Ha den andre delen på og ha resten av glasuren på toppen og sidene. Pynt kaka med det du vil og avkjøl til glasuren har blitt stiv.

Ta kaka ut i romtemperatur 30 minuttar før den skal etast, då den smakar best då. 

fredag 31. januar 2014

Daimmuffins

Denne oppskrifta har eg gått å tenkt på sidan eg laga Daimkjeksa i oktober, og endeleg vart det noko av dei planane.
Rykande ferske rett frå ovnen...mmmmm!
6 store/12 medium muffins:
  • 100 g smør
  • 2 dl mjølk
  • 2 egg
  • 1.5 dl sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 4 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 klypa salt
  • 200 g Daim (kuler eller opphakka sjokolade)
Forvarm steikeovnen til 175°C om du lagar store muffins og 200°C om du lagar små. Smelt smør i ei gryta og ha mjølka i. Pisk egg, sukker og vaniljesukker til det er lyst og luftig. Visp så smørblandinga inn i eggedosisen. Bland mjøl, bakepulver og salt. Ha dette og Daim i bollen og bland alt saman godt. Steik midt i ovnen i 20 minuttar for store og 12-15 minuttar for små. 

onsdag 29. januar 2014

Smoothie med jordbær, banan og appelsin

Ein søt og frisk smoothie, som kun tek minuttar å laga til. Fin å laga til frokost eller som eit lite mellommåltid før trening eller når ein er litt svolten.
2 porsjonar
  • 4 dl appelsinjuice
  • 3 dl frossne jordbær
  • 1 banan

Ganske enkelt ha alt i ein blender eller mos med stavmiksar. Hell over i passande glas og ny med ein gong. Kan og stå kaldt i kjøleskap om ein ikkje drikk opp alt saman med ein gong. Uansett så smakar det kjempe godt. Bytt gjerne jordbæra ut med anna frossen frukt eller bær.

lørdag 25. januar 2014

Kanelbrød

Denne oppskrifta har eg hatt på lager veldig lenge, men har aldri komme så lang som til å faktisk laga den. Så i går då slo eg til med både kjøttkaker til middag til meg og min kjære og kanelbrød til kaffien heima hos svigers. Siste rest av brødet forsvant til frokost i dag, så ein kan jo sei at dette var ei veldig vellukka oppskrift.
  • 0.5 pakke tørrgjær
  • 2 ss sukker
  • 2.5 dl lunka vatn
  • 2 egg (+ 1 eggeplomme)
  • 0.25 dl rapsolja
  • ca 500 g kveitemjøl
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts kardemomme
Fyll:
  • smør
  • sukker
  • kanel
Visp sukker og gjær inn i vatnet og lat det stå ca 5 minuttar. I mellomtida vispar du saman egg (eggeplomma kan utelatast) og olja i ein bolle. Ha så gjæren i bollen og bland lett. Bland inn kveitemjøl, vaniljesukker og kardemomme. La det stå å heva på ein lun plass til deigen har blitt dobbelt så stor. 
Kjevl så ut deigen sånn at den blir mest mogeleg firkanta. Pass på at det er mjøl under, då det blir vanskeleg å få den av kjøkkenbenken ellers. Det gløymde nemleg eg. Pensle godt med smør og strø på sukker og kanel. Del så deigen vertikalr i 6 lika store delar. Less desse oppå kvarandre og del så i 5-6 lika store delar att. Legg desse så etter kvarandre i ei smurt brødform. La det etterheva i 20-30 minuttar. I mellomtida let du steikeovnen forvarma til 180°C. Når brødet er ferdigheva steikjer du det midt i ovnen i 20-25 minuttar. La det avkjøla litt i forma før du tek det utav. Pynt med melis medan kanelbrødet forsatt er litt lunka. 

Om du treng litt betre forklaring på korleis ein skal dela den utkjevla deigen har eg nokon enkle illistrasjonar her:

lørdag 18. januar 2014

Müslibar

Müslibarar er kjempe fine å ha dersom ein kjenner seg litt småsvolten mellom lunsj og middag, eller som ein liten energiboost når ein er ute på tur i skog og mark. Mange oppskrifter inneheld sjokolade, det gjer ikkje denne, men om ein absolutt vil ha sjokolade i er det ingenting i vegen for å byta ut litt av dei andre tørre ingrediensane med litt sjokolade.

  • 3 dl müsliblanding
  • 4 ts sukker
  • 1 egg
  • 1 eggekvite
  • 6 ss peanøttsmør
  • 30 g linfrø
Forvarm steikeovnen til 160°C. Ha müsliblanding, sukker, egg, eggekvite, peanøttsmør og linfrø i ein bolle. Bland alt saman godt så fort du kan. Lag den størrelsen på müslibarane som du sjølv ynskjer, pass berre på at dei får nokolunde same størrelse sånn at dei steikjer likt. Trykkk dei godt saman på ei steikeplata og steik dei midt i ovnen i ca. 20 minuttar. 

tirsdag 14. januar 2014

Hot kyllingsuppa med, potet, paprika og gulrot

Med oppskrift nr. 2 i dag er eg offisielt i gong med bloggåret 2014. Kyllingsuppa er ei slags alt-i-eitt-suppa der du kan putta i kva som helst. Inspirasjonen til denne fekk eg frå TRINEs MATBLOGG. Sånn som eg har laga den er det lett å variera kor hot ein vil ha suppa med å variera mengda av blant anna chili, red curry paste og sambal olek. Suppa passar godt no når det er meldt minusgrader og vind, då den varmar heilt inn til ryggmargen.
4-6 porsjonar:
  • 3 kyllingfiletar, i terningar
  • 4 poteter, i treningar
  • 3 gulrøtter, i skiver
  • 2 lauk, i terningar
  • 2 raude paprika, i terningar
  • 3-4 fedd kvitlauk, finhakka
  • 0.25-0.5 raud chili, finhakka
  • 1 ts paprikapulver
  • 1.5 ss tomatpuré
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 0.5-1 ts red curry paste (kan sløyfast)
  • 0.5-1 ts sambal olek (kan sløyfast)
  • 3 vårlauk, hakka
  • 5 dl kylling- eller hønsebuljong
  • salt og pepar
  • rømme eller creme fraiche
Fres poteter, gulrøtter, lauk, paprika, chili og kvitlauk litt i matolja, til lauken er mjuk og blank. Bruk ei gryta med litt plass. Tilsett paprikapulver og tomarpurè og la da fresa litt saman med grønsakene. Ha i buljong, hermetiske tomater, vårlauk og evt. red curry paste og sambal olek. La detta koka på medium til høg varme i ca 10-15 minuttar, til potetene og gulrøttene er møre. Rør av og til.
Medan suppa kokar steiker du kyllingen. Smak til med salt og pepar. Ha kyllingen i gryta når potetene og gulrøttene nesten er ferdige. Smak til med salt, pepar og paprikapulver om du føler gryta treng det. Serverast med ein gong med ein god klatt rømme og godt brød til.

Grove scones

Etter ei jul med alt for mykje god mat er det lett å bli matlei og ty til raske løysingar, som posesupper og posegryter. Og ein har no i alle fall ikkje lyst til å baka noko søtt. Ok, det er vel ikkje heilt sant, ein har lyst til å baka, men helst ikkje eta så veldig mykje av det ferdige produktet. Eg, som mange andre, strødde på vekta etter romjula og fekk ei merkeleg lyst til å eta ekstremt magert og sunt, samt å trena veldig mykje. Noko som forklarar den litt ufrivillige bloggpausen her på Kjøkkenet med det rare i. Men no er eg tilbake og klar til å gi dykk gode, enkle og kanskje litt annerledes oppskrifter gjennom heile 2014.
Eg begynnar med grove scones. Desse sconsa liknar litt på nokon eg har laga på bloggen før, men desse inneheld i tilleg til grovt mjøl og magert feitt, frø som gjer godt for kroppen (og kanskje sjel òg).
Til 4 scones treng du:

  • 2 dl kveitemjøl
  • 1 dl sammalt rug, grovt
  • 1 ss linfrø
  • 2 ss gresskarfrø, hakka
  • 1 ss solsikkefrø, hakka
  • 2 ts bakepulver
  • 0.5 ts salt
  • 50 g smør
  • 250 g (1 beger) cottage cheese
Sett steikeovnen til 250°C. Bland mjøl, frø, bakepulver og salt i ein bolle. Skjær smøret i bitar og kna det saman med blandinga i bollen til det er jamnt fordelt. Tilsett cottage cheese og kna det heile raskt saman til ein deig. Del deigen så i 4 delar og form dei til bollar. Ha dei på ei bakepapirkledt steikeplata og trykk dei flate. Steik midt i ovnen i ca 10 minuttar. Avkjøl på rist.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...