fredag 13. februar 2015

♥♥♥ Valentinskake ♥♥♥

Dette er ei mektig kaka med god sjokoladesmak og ein fyldig mascarponekrem i midten. Kaka er steikt i ei 20 cm form, i to omgongar, då eg kun har ei sånn form. Eg valde å laga to mindre kaker av røra. Ein kan sjølvsagt laga ei høg og fin kaka av den, men den kan fort bli litt i overkant då den vart ganske så mektig sånn som eg laga den. Ein kan òg ha heile røra i ei større form. Då må ein rekna noko lengre steiketid.
2 små kaker eller 1 stor:
Sjokoladebotn:
  • 220 g kveitemjøl
  • 300 g sukker
  • 2 ss kakao
  • 1.5 ts natron
  • 2 egg
  • 1 dl sterk kaffi
  • 12 g smør
  • 10 g sjokolade
  • 3.5 dl kulturmjølk
Bland alt det tørra. Smelt smør i ein kjele, tilsett sjokoladen og rør til all sjokoladen er smelta og godt blanda med smøret. Tilsett kaffi, kulturmjølk og samanvispa egg i det tørra. Rør godt. Tilsett sjokoladesmøret og bland godt. Røra vil vera veldig flytande, men det er sånn den skal vera. Ha røra i smurt rundform og steik midt i oven på 180°C i 45 minuttar.

Mascarponekrem:
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ss melis
  • 250 g mascarponekrem
  • 2 dl kremfløyte
  • evt. raud icingfarge eller konditorfarge
Bland alle ingrediensane og pisk saman for hand. Sidan det er mykje feitt både i mascarponekremen og kremfløyten er det lett for at kreme skil seg. Derfor må ein piska for hand sånn at ein ser når kremen blir stiv.

Del kakebotnane i to har bre over mascarponekremen. Sett botnane kaldt medan du lagar sjokoladeganachen.

Sjokoladeganache:
  • 250 g smør
  • 400 g sjokolade (ikkje 70%)
  • 1.5 dl kremfløyte
Smelt smør og sjokolade saman i vassbad (eller mikro om du har det). Pass på så det ikkje brenn seg og rør jamnleg. I ein kjele varmar du opp fløyten til kokepunktet. Rør så fløyten inn i sjokoladesmøret med ei tresleiv. Rør til alt er godt blanda saman. Sjokoladeganachen vil til å begynna med vera veldig flytande, men den vil stivna meir og meir etterkvart som den kjølnar til romtemperatur.

Når sjokoladeganachen har fått den konsistensen du ynskjer har du den på kaka. Om du velå steja kaka tilbake i kjøleskap må du hugsa på å ha den ut attt ei lita stund før du skal servera, sånn at ganachen ikkje er knall hard.

søndag 8. februar 2015

Makaronigrateng

Eg er ein stor fan av gratengar sidan dette ofta betyr at ein slepp å laga til middag dagen etterpå. Denne oppskrifta er lånt frå boka "1 kjøttdeig, 100 retter", men endra litt på den då eg bytta ut mais med sopp, dijonsennep med vanleg senep og vellagra ost med norvegia + parmesan. Og det vart veldig godt!
6 porsjonar:
  •  1 løk, hakka
  • 2 fedd kvitløk, finhakka
  • 400 g karbonadedeig
  • 1 liten boks sjampinjong 
  • 1 boks hermetisk tomat, ca 400 g
  • 1 ts tørka urter, valgfritt
  • ca. 4 dl makaroni
  • 2 ss smør
  • 3 ss kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 2 ts sennep
  • 250 g reven ost
  • salt og pepar
Forvarm steikeovnen til 200°C. Steik løk og kvitløk til den er mjuk og blank, Ha i karbonadedeigen til og steik til den begynnar å bli brun. Rør inn sopp, hermetiske tomater og urter, og mska til med salt og pepar. Skru ned varmen, Legg lokk på og la sausen stå og småkoka i 25-30 minuttar. Rør om av og til.
Kok makaronien etter anvisning på pakken. Smelt i mellomtida smør i ei lita panna Dryss på mjøl og fres under omrøring i ca 2 minuttar. Ta kjelen av plata og visp inn litt og litt mjølk om gongen. Sett panna tilbake på plata og kok opp medan du rører heile tida. Skru ned varmen og lat det småkoka under omrøring i 5  minuttar til den er tjuk og glatt. Ta panna av plata og rør inn sennep og 150 g av osten. Rørtil osten har smelta heilt. Sil av makaronien og bland den godt i ostesausen.
Smør ei eldfast form og ha kjøttsausen i. Legg ostesausen jamt over. Dryss resten av osten på toppen og steik under grill i 4-5 minuttar til toppen er gyllen og osten har smelta. Server gjerne med grøn salat og godt brød.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...