søndag 13. mars 2016

Josefines gulrotscones

Denne oppskrifta er henta frå dataspelet "Josefine på skolen". Eg huskar dette frå då eg var liten, og i ein periode vart desse laga ein god del. Ein seier gjerne at ein kopp er ca 2 dl, men det viktigaste er at ei brukar same koppen til å måla ingrediensane med slik at mengdeforholdet blir riktig. Om ein brukar ein mykje større eller mindre kopp kan det veraa at ein må justera for mengda smør og gulrot einaste. I originaloppskrifta er det òg ein kopp med reven ost, men eg hadde i ei ekstra gulrot i staden.
Til 16 scones treng du:
  • 5 koppar mjøl*
  • 1 ts salt
  • 4 ts bakepulver
  • 100 g mjukt smør/margarin
  • 3-4 gulrøtter, revne
  • 2 koppar skumma kulturmjølk
*Når det kjem til sortar mjøl brukar eg litt forskjellig frå gong til gong, alt etter kva eg har i skapet g kva eg har lyst å bruka. Dette er f.eks, ei perfekt oppskrift til å bruka opp små restar av forskjellige mjølsortar. Denne gongen blei det 3 koppar kveitemjøl + 2 koppar sammalt rug. 

Forvarm steikeovnen til 230°C. Bland mjøl, salt og bakepulver i ein bolle. Ha så i smøret og bland det med fingarne til det er løyst opp i mjølet. Ha så i gulrøttene (og ost hvis du brukar det). Bland til gulrøttene er dekt med mjøl. Ha så i skumma kulturmjølk og bland godt. Om deigen blir for tør når alt er godt blanda saman har du i litt meir skumma kulturmjølk, om den blir for klissete har du i litt meir mjøl.

Del deigen i fira og klapp kvar del ut til ei flat rund kaka, omtrent på størrelsen med ei lompa. Skjær kvar kaka i fira. Strø på solsikkefrø og linfrø (eller det du har i kjøkkenskapet). Trykk frøa litt ned i sconsen.

Steik sconsen midt i ovnen i 15 - 20 minuttar.

mandag 25. januar 2016

Pasta med spekeskinka og fetaost

Dagens middag er rask og enkel å laga, og veldig, veldig god!
Oppskrifta held til 1 stor porsjon eller 2 små og tek ca 20 minuttar å laga. Det du treng er:
  • 100-150 g penne fullkorn, ukokt
  • 75g fetaost
  • 1 ss olivenolja
  • 1-2 ss sitronsaft
  • salt
  • pepar
  • 6-8 skiver spekeskinka i strimler
  • 0,5 dl oliven, delt i to eller tre
  • 8 cherrytomater, delt i fira
  • ruccola
  • pinjekjerner
Kok pastaen som anvist på pakken. Rist pinjekjerner raskt i ei tørr steikepanna. Sil av vatnet frå pastane, og smuldre over fetaosten. Ha over olivenolja og sitronsaft. Smak til med salt og pepar. Vend så alt saman samen. Topp pastaen med spekeskinka, oliven, cherrytomat, pinjekjernar, ruccola og litt meir fetaost. Velbekomme!

Kjelde: Matsans
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...