søndag 13. mars 2016

Josefines gulrotscones

Denne oppskrifta er henta frå dataspelet "Josefine på skolen". Eg huskar dette frå då eg var liten, og i ein periode vart desse laga ein god del. Ein seier gjerne at ein kopp er ca 2 dl, men det viktigaste er at ei brukar same koppen til å måla ingrediensane med slik at mengdeforholdet blir riktig. Om ein brukar ein mykje større eller mindre kopp kan det veraa at ein må justera for mengda smør og gulrot einaste. I originaloppskrifta er det òg ein kopp med reven ost, men eg hadde i ei ekstra gulrot i staden.
Til 16 scones treng du:
  • 5 koppar mjøl*
  • 1 ts salt
  • 4 ts bakepulver
  • 100 g mjukt smør/margarin
  • 3-4 gulrøtter, revne
  • 2 koppar skumma kulturmjølk
*Når det kjem til sortar mjøl brukar eg litt forskjellig frå gong til gong, alt etter kva eg har i skapet g kva eg har lyst å bruka. Dette er f.eks, ei perfekt oppskrift til å bruka opp små restar av forskjellige mjølsortar. Denne gongen blei det 3 koppar kveitemjøl + 2 koppar sammalt rug. 

Forvarm steikeovnen til 230°C. Bland mjøl, salt og bakepulver i ein bolle. Ha så i smøret og bland det med fingarne til det er løyst opp i mjølet. Ha så i gulrøttene (og ost hvis du brukar det). Bland til gulrøttene er dekt med mjøl. Ha så i skumma kulturmjølk og bland godt. Om deigen blir for tør når alt er godt blanda saman har du i litt meir skumma kulturmjølk, om den blir for klissete har du i litt meir mjøl.

Del deigen i fira og klapp kvar del ut til ei flat rund kaka, omtrent på størrelsen med ei lompa. Skjær kvar kaka i fira. Strø på solsikkefrø og linfrø (eller det du har i kjøkkenskapet). Trykk frøa litt ned i sconsen.

Steik sconsen midt i ovnen i 15 - 20 minuttar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...