onsdag 28. august 2013

Kjøttkaker i brun saus

Planen i dag var eigentleg fiskegrateng frå Findus, men eg fekk plutseleg så lyst på kjøttkaker. Dette er noko eg ellers berre et når eg er hos mormor sidan ingen kjøttkaker nokon sinne har kunna måle seg med hennar. Det kan for så vidt ikkje desse heller, men det var innanfor godkjent i følgje magen min, så då vert det kanskje kjøttkaker litt oftare heretter.
Til ca 10 kjøttkaker treng du:
  • 400 g karbonadedeig
  • 1,5 ts salt
  • ca. 1/4 ts pepar
  • 1/4 ts malt muskat (kan sløyfast)
  • 1/4 ts malt ingefær (kan sløyfast)
  • 2 ss Maizena el. potetmjøl
  • 1,5 dl mjølk el. vatn
Bland saltet godt inn i karbonadedeigen. Rør in krydder og potetmjøl og spe med mjølk/vatn, litt om gongen.
From farsen til runde kaker ved hjelp av ei skei, handa og kaldt vatn.
Steik kakene i ei middels varm steikepanna til dei har fått ein fin bruning på kvar side.
Ha kakene i brun saus.

Brun saus (frå Ingrid Espelid Hovig's "Den rutete kokeboken"):
  • 4 ss smør
  • 6 ss kveitemjøl
  • 1 liter buljong
  • salt og pepar
  • 0,75 dl matfløyte
Brun smør i ein kjele. Ha i mjølet og brun det litt. Rør heile tida. Pass på å ikkje bruna det for mykje, ellers kan sausen få ein brent smak. Ta kjelen av plata og avkjøl bruninga litt.
Spe på med kokande buljong. Ha først i halvparten og rør til ei glatt røra. Tilsett så resten. Sett gryta tilbake på plata. Rør til det kokar opp, og la sausen koka 5-10 minuttar. Smak til med salt, pepar og fløyte. Om du synst sausen vart litt for lys kan du ha i sukkerkulør, men det er ikkje nødvendig for smaken sin skyld. Server med poteter og ertestuing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...