lørdag 7. januar 2017

Chili Con Carne

Har laga denne nokre gongar no, og dette er verkeleg ein rett som varmar på kalde dagar. Anbefalast verkeleg, sjølv om det tek litt tid å laga. Eg gløymer stort sett frå gong til gong kor lenge retten eigentleg skal stå å småputra, så eg har aldri latt den stå 1 time for å godgjera seg. Den blir god med berre 30 minuttar òg, men her ser ein kor mykje tid ein har (eller orkar å bruka).
4-6 porsjonar:
  • Rapsolja
  • 2 løk, oppkutta
  • 3 fedd kvitløk
  • 400 g karbonadedeig
  • 1 boks (ca 400 g) hakka tomater
  • ca 75 g tomatpurè*
  • 1 ts malt spisskummen
  • 1 ss chilipulver
  • 1 ss paprikapulver
  • 1 ts oregano
  • 1 laubærblad
  • 3.5 dl buljong (kjøtt-, kylling- eller grønsaksbuljong)
  • 1 boks (ca 400 g) kidneybønner
  • salt
*har du ikkje tomatpurè går det fint å bruka tilsvarande mende ketchup

Steik løk og kvitløk i 5 minuttar, til løken har blitt mjuk og gylden. Rør om av og til. Tilsett karbonadedeigen og steik til den har skifta farge og begynnar å bli brun.

Rør i tomater, tomatpurè, spisskummen, chilipulver, paprikapulver, oregano, laubærblad og buljong. Smak til med salt og kok opp. Demp så varmen, legg lokk på og la det stå å småputra jo lengre jo bedre, inntil 1 time. Rør om av og til.

Smak om det er passeleg med krydder. Tilset kidneybønner, legg på lokket igjen og la det fortsetta å småputra i 20-30 minuttar (om du har tid). Hvis ikkje held det og med 10 minuttar. Ta ut laubærbladet og kast det. Server med kokt ris, grøn salat og rømme.


søndag 13. mars 2016

Josefines gulrotscones

Denne oppskrifta er henta frå dataspelet "Josefine på skolen". Eg huskar dette frå då eg var liten, og i ein periode vart desse laga ein god del. Ein seier gjerne at ein kopp er ca 2 dl, men det viktigaste er at ei brukar same koppen til å måla ingrediensane med slik at mengdeforholdet blir riktig. Om ein brukar ein mykje større eller mindre kopp kan det veraa at ein må justera for mengda smør og gulrot einaste. I originaloppskrifta er det òg ein kopp med reven ost, men eg hadde i ei ekstra gulrot i staden.
Til 16 scones treng du:
  • 5 koppar mjøl*
  • 1 ts salt
  • 4 ts bakepulver
  • 100 g mjukt smør/margarin
  • 3-4 gulrøtter, revne
  • 2 koppar skumma kulturmjølk
*Når det kjem til sortar mjøl brukar eg litt forskjellig frå gong til gong, alt etter kva eg har i skapet g kva eg har lyst å bruka. Dette er f.eks, ei perfekt oppskrift til å bruka opp små restar av forskjellige mjølsortar. Denne gongen blei det 3 koppar kveitemjøl + 2 koppar sammalt rug. 

Forvarm steikeovnen til 230°C. Bland mjøl, salt og bakepulver i ein bolle. Ha så i smøret og bland det med fingarne til det er løyst opp i mjølet. Ha så i gulrøttene (og ost hvis du brukar det). Bland til gulrøttene er dekt med mjøl. Ha så i skumma kulturmjølk og bland godt. Om deigen blir for tør når alt er godt blanda saman har du i litt meir skumma kulturmjølk, om den blir for klissete har du i litt meir mjøl.

Del deigen i fira og klapp kvar del ut til ei flat rund kaka, omtrent på størrelsen med ei lompa. Skjær kvar kaka i fira. Strø på solsikkefrø og linfrø (eller det du har i kjøkkenskapet). Trykk frøa litt ned i sconsen.

Steik sconsen midt i ovnen i 15 - 20 minuttar.

mandag 25. januar 2016

Pasta med spekeskinka og fetaost

Dagens middag er rask og enkel å laga, og veldig, veldig god!
Oppskrifta held til 1 stor porsjon eller 2 små og tek ca 20 minuttar å laga. Det du treng er:
  • 100-150 g penne fullkorn, ukokt
  • 75g fetaost
  • 1 ss olivenolja
  • 1-2 ss sitronsaft
  • salt
  • pepar
  • 6-8 skiver spekeskinka i strimler
  • 0,5 dl oliven, delt i to eller tre
  • 8 cherrytomater, delt i fira
  • ruccola
  • pinjekjerner
Kok pastaen som anvist på pakken. Rist pinjekjerner raskt i ei tørr steikepanna. Sil av vatnet frå pastane, og smuldre over fetaosten. Ha over olivenolja og sitronsaft. Smak til med salt og pepar. Vend så alt saman samen. Topp pastaen med spekeskinka, oliven, cherrytomat, pinjekjernar, ruccola og litt meir fetaost. Velbekomme!

Kjelde: Matsans

fredag 30. oktober 2015

Pizzasnurrar med tacosmak

Dei seier at utsjånaden skjemmer ingen. Desse pizzasnurrane vinn så absolutt ikkje nokon skjønheitskonurranse, men det dei ikkje har av utsjånad tek dei igjen på smak. Dei er sjølvsagt aller, aller best når dei er ferske ut av steikeovnen, men dei er veldig gode om ein frys dei og tinar dei i steikeovnen òg. Dei er òg kjempe fine å ha med til lunsj.
Til ca 20 pizzasnurrar treng du:
Fyll:
  • 400 g karbonadedeig
  • matolja
  • 1 hakka løk
  • 2 fedd finhakka kvitløk
  • 1 boks hakka tomater (ca 400 g)
  • 2 ss tomatpurè
  • pepper
  • salt
  • oregano eller basilikum
  • ca 1 dl vatn
  • 5 dl reven ost
  • 1 pose tacokrydder
Pizzadeig:
  • 1/2 pakke fersk eller tørr gjær (eg brukte tørr)
  • 3 dl lunka vatn
  • 2 ss olja
  • ca 7 dl mjøl (eg brukte ei blanding mellom sikta kveitemjøl, grovt kveitemjøl og grovt rugmjøl)
  • salt
Om du brukar fersk gjær:
Rør gjæren ut i vatn og tilsett olja, mjøl og salt.
Om du brukar tørr gjær:
Bland gjær og mjøl. Tilsett vatn, olja og salt

Elt deigen godt saman og la den heva til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 225°C

Lag kjøttsaus:
Brun kjøttdeigen i olja på strek varme. Tilsett løk, kvitløk, tomater, tomatpurè, salt, pepper, vatn og tacokrydder. La sausen småkoka i ca. 10 minuttar til den blir ekstra tjukk. Dryss over oregano/basilikum.
Kjelv deigen til ein avlang firkant (ca 30x50 cm). Smør kjøttsausen utover og rull saman sånn at deigen blir ei pølsa (nett som med kanelbollar). Skjær den i stykker på ca 1,5 cm tjukke skjever og legg dei på ei bakepapirkledd steikebrett. Dryss på ost og ekstra fyll som paprika eller sopp hvis du vil ha det.
Etterhev pizzasnurrane i ca. 10 minuttar. Steik midt i steikeovnen i ca 15 minuttar

søndag 12. april 2015

Gulrotkaka i langpanna

Mange gulrotakaker har ein tendens til å bli kompakte og tunge synst eg. Denne kaka derimot er luftig, lett og saftig med ein super godt ostekrem på toppen. Det er likar med gulrotkaker er at ein kan lata som at ein er sunn når ein et den, sidan det er gulrot i den.
Til stor langpanna (ca 30x40 cm):
  • 750 g raspa gulrot
  • 4.5 dl matolja (raps eller solsikke)
  • 6 dl sukker
  • 6 egg
  • 7.5 dl kveitemjøl
  • 3 ts natron
  • 3 ts bakepulver
  • 3 ts kanel
  • 1 krm salt
Rasp gulrøtter og ha dei i ein bolle saman med matolja. Pisk egg og sukker til ein tjukk og luftig eggedosis. Sikt saman mjøl, natron, bakepulver, kanel og salt. Bland i til ein jamn deig. Ha i gulrøttene og bland alt saman godt, slik at det er gulrøtter i heile deigen. 
Ha så deigen i ei bakepapirkledd langpanna. Steik kaka midt i ovnen ppå 175°C i ca 40 minuttar. Avkjøl kaka i forma. 

Glasur:
  • 250 g smør
  • 400 g kremost
  • 500 g melis
  • 3 ts vaniljesukker
Rør saman smør og 1/4 av melisen til smørkrem. Tilsett kremost, vaniljesukker og resten av melisen og pisk alt til ein jamn ostekrem. Ha kremosten på kaka når den er heilt avkjølt.

Om du ikkje et opp all gulrotkaka kan den godt frysast med ostekrem på :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...