fredag 13. september 2013

Bestemor sine nordlandslefser

Sist veka var eg på besøk til ein av mine eldre søstre, og då kom me til å snakka om nordlandslefsene til bestemor. Og sidan eg er den eg er har eg gått rund å tenkt på at eg ville prøva meg på desse, så då eg var på besøk til bestemor i går fekk eg med meg oppskrifta heim saman med ein del plommer. Veit ikkje heilt kva eg skal gjera med plommene endå, eller om eg skal gjera noko med dei i det heile, men det får me sjå. Eg og bestemor avtalte òg at eg skal komma ut å att plukka epler når dei er modne, så det blir nok nokon epleoppskrifter på bloggen utover hausten vil eg tru. Formiddagen i dag har naturleg nok gått med til å steika lefser. Det tek litt tid når ein ikkje har takka, men må steika ei og ei lefsa i steikepanna, men det er vel verdt det ;) Har òg laga tunfiskpasta til middag i dag, så i dag er det mykje god mat i hus :)
  • 2 koppar kulturmjølk (mørkeblå)
  • 1 kopp rømme
  • 1 kopp sukker
  • 1 kopp smelta margarin
  • 1 beger lys sirup
  • 2 ts natron
  • 3 ts hjortetakksalt
  • 1/2 ts bakepulver i mjølet
  • 800-900 g kveitemjøl + ekstra til utkjevling
I denne oppskrifta er det brukt måleeinheiten koppar. Dette betyr at når du målar opp dei forskjellige ingrediensane (utanom sirupen) du bruka same kopp til alle ingrediensane sånn at det blir riktig mengdeforhold.
Bland alle ingrediensane saman i ein bolle. Rør minst mogeleg, då lefsene blir seige om du rører for mykje. Sett deigen kaldt i kjøleskap eit par timar, gjerne over natta, eller ein time i frysaren. Detter er fordi smøret i deigen skal stivna igjen.
Når du tek deigen ut av bollen er den ganske så klissete, så det er behov for ein del mjøl når ein skal kjevla ut lefsene. Eg prøvde først å kjevla ut heile deigen og trykka ut lefser med ei skål, men detta blei meir gris enn det var vits i. så eg hadde saman att heile deigen igjen og tok heller å skar av små klumpar og så kjevla ut ein og ein. Ein treng ikkje så stor klump til for at det skal bli ein bra størrelse på lefsa sidan det er så mykje hevemiddel i deigen. Ein må nesten berre prøva seg fram og finna ut korleis ein vil ha dei. 
Steik lefsene på medium varme i ei steikepanna med non-stick belegg til dei er gyldenbrune på begge sider. Steikepanna skal vera heil tørr. Legg dei ferdigsteikte lefsene på ei rist under ei kjøkkenhandkle og la dei ligga til dei har kjølna heilt. Så er det berre til å servera. 
Heima hos bestemor er det alltid nordlandslefser med smør og brunost, og eg anbefalar dette på det sterkaste sidan det smakar heilt fantastisk!
Klarar du ikkje å eta opp alle på ei gong går det fint ann å frysa lefsene og ta dei opp ein gong ein får uventa besøk :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...