søndag 26. mai 2013

Torsk i karri

Denne oppskrifta har eg lånt av Husmorkjerringa. I orginaloppkrifta står det at det skal vera 500 g torsk, Eg hadde berre 290 g, så då vart det det. Hadde òg i litt meir vårløk enn Husmorkjerringa. Veldig enkel og god rett. For meg blei den litt for mild, så neste gong skal eg ha meir karri i, om eg då berre lagar middag til meg sjøl riktig nok. Skal det vera til andre, som kanskje ikkje likar så sterk mat som meg, held eg meg til oppskrifta og heller kryddrar med salt, peppar og karri etter eg har forsynt meg ;)
4 porsjonar:
  • 290 (500) g torsk eller anna kvit fisk
  • 3 fedd kvitlauk
  • 2 vårlauk
  • 1 purre
  • 2,5 ts karri
  • 1 ts gurkemeie
  • 3-4 gulrøtter
  • 5 dl vatn + 1 fiskebuljongterning
  • 1 boks kokosmjølk (light)
  • 2-3 ss maizena
  • olje + smør
  • salt og peppar
Finhakk kvitlauken, og skjær opp vårlauk og purre. Surr detta i litt olja + smør saman med karri og gurkemeie.
Smuldre buljongen i varmt vatn og rør om til alt er så og seia løyst opp. Ha buljongen i og kok opp.
Skjær opp gulrøttene og ha dei i gryta. Pass på at bitane er ca. lika store, sånn at dei blir klare samtidig. La dei koka til dei er møre.
Ha i kokosmjølk og kok opp. Ha i maizena og la det koka til sausen tjukknar. Trekk panna av plata. 
Skjær torskefileten i terningar (ca 1x1 cm). Ha dei i panna og la dei trekka til dei er gjennomkokt. dette tek ca 5- 10 minuttar.
Server med fullkornsris.

onsdag 22. mai 2013

Chili con Chicken

No, når det er eksamenstid, prøver eg å laga mat til fleire dagar om gongen, så eg heller kan bruka tida på å øva til eksamen. Eg har heldigvis berre ein att, og den er neste torsdag, så er det sommarferie. I dag vart det Chili con chicken, som er det same som Chili con carne, berre med kylling i staden for kjøtt ;)
2-4 porsjonar:
  • 300-400 g kyllingkjøttdeig
  • 2-3 fedd kvitlauk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 3 ss tomatpuré
  • 1/2 ts tabasco eller anna sterkt krydder etter smak (eg brukte restar av tacosaus)
  • 3 ts chilipulver
  • 1 buljongterning (hønsebuljong eller kjøttbuljong)
  • 2 boksar salat- og grytebønner
  • 1,5 dl yoghurt naturell
  • 1/2 ss kveitemjøl
  • 4-8 cherrytomater (alt etter kva du likar og har, eg hadde berre 4 att)
Rens og hakk kvitlauken. Steik kylligkjøttdeigen. Ha kvitlauken i steikepanna og la den fresa saaman med kyllingkjøttdeigen. Ha så alt over i ei gryta.
Tilsett hakka hermetiske tomater, tomatpuré, chilipulver, delte cherrytomater, tacosaus og smuldra buljongterning. Skyll bønnene og la dei renna av litt.
Bland bønnene i gryta og la alt koka i 2-3 minuttar. Bland kveitemjøl og yoghurt. Ha det så i gryta saman med resten. La det koka til du er fornøgd med tjukkelsen. Server med salat, mykje salat! 

torsdag 16. mai 2013

Lefserull med spekeskinka

Sidan eg er den eg er, synst eg ikkje det var nok å berre ha med potetsalat til 17. mai frokost, så då vart det lefserullar òg, sidan det er så enkelt og raskt å laga til.
  • Grove tortillalefser (du kan òg bruka potekaker eller lomper)
  • Spekeskinka
  • Ruccola
  • Philadelphia Lett
Smør Philadelphia på lefsene. Legg på spekeskinka og ruccola. Skjær opp i passande bitar og server. Enklare enn detta bilr det ikkje! Godt er det òg :)

Potetsalat

Då me vart inviterte til frokost på 17. mai fant eg ut eg måtte ha med noko så ikkje vertskapet vart nødt til å stå for all maten sjølv. Valget var ikkje så vanskeleg. Potetsalat eignar seg jo i dei fleste settingar no når det er tid for både spekemat og grillmat, og så er det jo noko som mange (dei alle fleste?) likar. Så i dag har eg stått på kjøkkenet å skrelt og kutta poteter som berre det. 
8 porsjonar:
  • ca. 2 kg poteter
  • 3dl kesam
  • 3 pk lettmajones (3 x165 g)
  • 6 ss sitronsaft
  • 1,5 ts salt
  • 1,5 ts pepar
  • 6 ts sukker
  • 3/4 hakka purre
Kok, skrell og avkjøl potetene. Del dei så i passande bitar. Bland kesam, lettmajones og sukker. Smak til med salt, pepar og sitronsaft. Skjær purren i ringar. Vend så alle ingrediensane saman og la potetsalaten stå ei stund for å få smak. 

Oppskrifta er lånt frå Matprat, men eg kutta ut epler sidan eg ikkje synst noko om sånt i potetsalat. Trippla dessutan oppskrifta sidan det skulle rekka til mange.

Oppdatering 21.05.13: Eg lot min stå i kjøleskap over natta for å godgjera seg, og la dressingen trekkja inn i potetene. Om du ikkje har tid til å la potetsalaten kvila, anbefalar eg å koka meir poteter eller kutta litt ned på kesam og majones, ellers blir potetsalaten litt for rennande synst eg. Forøvrig kan eg fortelja at omtrent all potetsalaten vart eten, så den var ein skikkelig suksess ;)

lørdag 11. mai 2013

Vanilje- og Nugattimuffins

Heil sidan eg kjøpte Nugatti Melkesjokolade til kraftig nedsatt pris pga dato for eit par dagar sidan, har ein idè lurt i bakhovudet på meg: muffins med Nugatti. Sidan det er litt problem med steikeovnen her i kollektivet for tida slo eg i grunn tanken om å baka noko meir her før sommarferien i frå meg, men i dag klarte eg ikkje halda meg lenger, så då vart det baking. Eg brukte mi trofaste vaniljemuffins-oppskrift, som eg alltid brukar når eg skal testa ein idè, så veit eg at om det blir mislykka så er det ikkje røra si feil, men det ekstra eg evt. har hatt oppi (eller steikeovnen).
Ser nok ut som ein søt og uskyldig vaniljemuffins, men når ein set tenna i den finn ein ut det ikkje stemmer ;)
Denne oppskrifta rekk til 18 muffins:
  • 100 g smør
  • 2 dl sukker
  • 2 egg
  • 4 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1,5 dl mjølk
  • ca 0.5 boks Nugatti (velg kva type du vil)
Sett steikeovnen på 180°C. Rør smør og sukker kvitt. Pisk så inn eitt og eitt egg. Bland inn sikta kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker. Tilsett mjølka og rør om. Ha ca. 1 ss med deig i kvar muffinsform. Ha så ca 1 ts Nugatti i kvar form og dekk det med 0,5 - 1 ss deig. For å få høge, fine muffins brukar eg eit muffinsbrett. Steik muffinasne til dei er gyldne, 12-20 minuttar, alt etter korleis steikeovnen din steiker. Eg måtte ha mine inni i nesten 20 minuttar.

Skulle eg servert desse i bursdag eller liknande hadde eg pynta med melis og kakepynt (eller Non-Stop)

onsdag 8. mai 2013

Tacoburger

Detta er ein super-enkel burger som ein lagar på null komma svisj, nesten i alle fall. Eg pleier å bruka tacokrydder i mine, men her kan ein jo sjølvsagt bruka kva krydder ein vil og variera tilbehør alt etter kva som passar saman.
Til 1 burger treng du:
  • 1/3 karbonadedeig (ca 133 g)
  • litt vatn
  • litt potetmjøl
  • tacokrydder etter smak
  • Rundstykke el. hamburgerbrød
  • isbergsalat
  • tacosaus
  • mager kesam
  • agurk
  • tomat
Eg veit mange brukar egg når dei skal laga hamburger, så er du ein av dei så er det ikkje noko i vegen for å ha det i. Husk då på at det gjerne går 1 egg på 400g karbonadedeig. Eg brukar det ikkje, rett og slett fordi eg synst burgeren held seg godt nok saman utan. Bland karbonadedeig, ein skvett vatn (begynn med litt, og spe heller på), litt potetmjøl og krydder. Ha i potetemjøl/vatn til du synst at burgeren har ein ok konsistens. Lag ei kaka som passar til brødet ditt og steik dette i steikepanna. Varm gjerne brødet (om det er rundstykke, som eg brukar, eller hamburgerbrød) litt i ovnen. Så er det berre til å setja saman herligheita og nyta den. Kan vel nesten ikkje bli enklare enn det?

torsdag 2. mai 2013

Texas

Okay, no skal de få oppskrifta på den absolutt beste sjokoladekaka som finst. Ingen over ingen ved sidan av! Hadde eigentleg tenkt å venta med denna til eg har bursdag sidan eg har laga, og kjem til å fortsetta å laga den til meg sjølv kvart år. Grunnen til at de får den over ein mnd for tidleg er at eg skal i bursdag i morgon og eg tilbydde meg å laga ei kaka. Eigentleg hadde eg planar om Smashkaka, men det var behov for ei i langpanna, så då blei det denne sidan alle eg har servert denne til har hatt berre godt å sei om den. OG sjølvsagt fordi eg elskar den og den er 99,9% idiotsikker for min del ;) Anar ikkje kvar oppskrifta eller namnet kjem i frå, me har hatt den som fast bursdagskaka så lenge eg kan huska. Og så ein advarsel før de får oppskrifta: Dette er ei skikkeleg kaloribomba, så om du skyr det som pesten kan du berre slutta å lesa no.
Til ei langpanna av den typen du får med komfyren treng du:
  • 400g margarin
  • 4,5 dl varmt vatn
  • 7 strøkne ss kakao
  • 9 dl kveitemjøl
  • 9 dl sukker
  • 1 ts salt
  • 4 egg
  • 2,5 dl rømme
  • 2 ts natron
Sett steikeovnen på 180°C. Smelt margarin på svak varme. Medan margarinet smeltar blandar du egg og sukker. La margarinet kjølna litt når det har smelta, ha det så i bollen. Bland kakaoen med vatn. Mål opp mjøl, natron og salt i eit litermål e.l., og ha ca 1/3 i bollen. Bland. Ha i halvparten av kakaoblandinga. Fortsett med å blanda annakvar mjølblanding og kakaoblanding til du har hatt alt i. Ha så i rømmen til slutt og bland godt. Hell røra i smurt langpanna med bakepapir. Steik nederst i ovnen i 40-50 minuttar. Det skal ikkje vera noko røra på kakepinnen når du sjekkar.

Når kaka nesten er ferdig kan du begynna med kremen. Til den treng du:
  • 150 g margarin
  • 9 ss mjølk
  • 6 ss kakao
  • 525 g melis
  • 1,5 ts vaniljesukker
Smelt margarinet og bland alle ingrediensane godt. Kremen kan virka ganske hard og vanskeleg å jobba med, men det er sånn den skal vera for kremen skal nemleg på kaka medan den framleis er varm. Når du tek kaka ut av ovnen stikk du hol i den, gjerne med ein gaffel. Ha så på kremen. Den vil då smelta og rennna ned i hola, sånn at kaka blir ekstra god og saftig heile vegen gjennom. Nam!

onsdag 1. mai 2013

Spinatwok

Nok ein gong blei det wok til middag, men kva kan ein gjera når ein har ein har ein rett som er så rask og lett å variera. Når eg lagar wok går det for det meste på ca. mengder, eg har oppi noko til eg føler det er nok av det. Opfta blir det restar av ting eg har att i kjøleskapet, og spesielt no når sommarferien nærmar seg med stormskritt. Berre 29 dagar att før eg seier hade til Bergen og sett nasen heim mot Hardanger for sommaren, og då må eg jo prøva å bruka opp alt av ferskvarer som er i kjøleskapet sånn at eg slepp å kasta det. Samtidig prøver eg iherdig å eta plass i frysaren min, noko som har vist seg lettare sagt enn gjort. Som sagt, wok er eit godt alternativ til middag om ein skal gjera som meg. Og her kjem ein variant.
1-2 porsjonar:
  • 0,5 pose med Findus wok Classic
  • 1 Go og mager røykt kjøttpølsa
  • ca 100 g frossen spinat
  • 1/3 paprika
  • 2-3 cherrytomater
  • 0,5 pose Uncle Ben's Boil-in-bag fullkornsris, ferdigkokt (gjerne restar frå dagen før)
  • 0,5 ss rapsolja
  • ein neve kikerter
  • 1-2 ts sesamfrø
  • 1-1,5 ss sitronsaft
  • salt
  • pepper

Kutt paprika, kjøttpølsa og cherrytomater i bitar. Steik først wokgrønsakene og spinaten. Når desse er tinte, ha kjøttpølsa, paprika og rapsolja i steikepanna. La detta surra 2-3 minuttar. Ha så cherrytomatene, risen, sesamfrø og kikerter i. Bland godt, og la det nett bli varmt, før du har i salt, pepper og sitronsaft. Bland raskt og server :) Nam!!

Tips: Denne kan lagast utan kjøtt ved å bytta ut pølsa med bønner.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...