søndag 8. februar 2015

Makaronigrateng

Eg er ein stor fan av gratengar sidan dette ofta betyr at ein slepp å laga til middag dagen etterpå. Denne oppskrifta er lånt frå boka "1 kjøttdeig, 100 retter", men endra litt på den då eg bytta ut mais med sopp, dijonsennep med vanleg senep og vellagra ost med norvegia + parmesan. Og det vart veldig godt!
6 porsjonar:
  •  1 løk, hakka
  • 2 fedd kvitløk, finhakka
  • 400 g karbonadedeig
  • 1 liten boks sjampinjong 
  • 1 boks hermetisk tomat, ca 400 g
  • 1 ts tørka urter, valgfritt
  • ca. 4 dl makaroni
  • 2 ss smør
  • 3 ss kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 2 ts sennep
  • 250 g reven ost
  • salt og pepar
Forvarm steikeovnen til 200°C. Steik løk og kvitløk til den er mjuk og blank, Ha i karbonadedeigen til og steik til den begynnar å bli brun. Rør inn sopp, hermetiske tomater og urter, og mska til med salt og pepar. Skru ned varmen, Legg lokk på og la sausen stå og småkoka i 25-30 minuttar. Rør om av og til.
Kok makaronien etter anvisning på pakken. Smelt i mellomtida smør i ei lita panna Dryss på mjøl og fres under omrøring i ca 2 minuttar. Ta kjelen av plata og visp inn litt og litt mjølk om gongen. Sett panna tilbake på plata og kok opp medan du rører heile tida. Skru ned varmen og lat det småkoka under omrøring i 5  minuttar til den er tjuk og glatt. Ta panna av plata og rør inn sennep og 150 g av osten. Rørtil osten har smelta heilt. Sil av makaronien og bland den godt i ostesausen.
Smør ei eldfast form og ha kjøttsausen i. Legg ostesausen jamt over. Dryss resten av osten på toppen og steik under grill i 4-5 minuttar til toppen er gyllen og osten har smelta. Server gjerne med grøn salat og godt brød.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...