fredag 13. desember 2013

Krema pasta med kylling og bacon

Krema pasta med kylling og bacon er ein enkel og god middag som ikkje tek så mykje tid, og den kan varieast ved bruk av forskjellig krydder. Oppskrifta er inspirert av Kristins Middagstips. Her i huset blei middagen veldig godt motteken,og dei blei spurt om reprise allereie halvegs i middagen ;)
2-3 porsjonar:
  • 300 g kyllingfilet i terningar
  • 140 g bacon i terningar
  • 2 tomater i terningar
  • 100 g erter, frossne
  • 1 dl grønsakskraft
  • 2 dl matfløyte
  • litt chilipulver
  • litt paprikapulver
  • salt og pepar
  • sitronsaft
  • basilikum
  • 6 dl pasta, eg brukte penne og fusili
Sett på pasta til koking. Steik kylling og bacon godt. Tilsett chilipulver og paprikapulver og bland. Ha i fløyte og kraft. Rør om og la det heile koka på middels varme til det har tjukkna noko. Ha så i tomater og erter, og smak til med salt, pepar og sitronsaft. Hell vatn av pastaen og ha sausen i. Dryss over litt basilikum og bland alt godt. Server med kvitlauksbaguett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...