fredag 22. november 2013

Biscotti med sjokolade og hasselnøtter

Biscotti er tradisjonelle italienske kjeks, og kanskje ikkje det ein forbinn med julekaker her i Noreg. Mange julekaker kan verta litt kjedelige og tørre synst eg. Då passar desse heilt ypperleg som julebakst sidan det både er sjokolade og nøtter i, noko som gir det det vetle ekstra. I tillegg gir nugattien eit lite ekstra kick av både sjokolade og hasselnøttsmak.
Biscotti blir i Italia servert med vin santo, som ein dypper kjeksen i. Utanfor Italia er det meir vanleg å servera den med kaffi i ei eller anna form eller svart te, men eg ser ikkje noko i vegen for å dyppa dei i mjølk heller ;) Denne oppskrifta, som eg har oversatt frå Erica's Sweet Tooth, gir ca 22 stk, men eg skar dei litt tjukke så ein kan nok få fleire.

  • 115 g smør, romtemperert
  • 170 g sukker
  • 140 g Nugatti/Nutella
  • 3 egg
  • 2 ts vaniljeekstrakt
  • 400 g mjøl
  • 0.5 ts bakepulver
  • litt salt
  • 150 g  sjokolade, grovt hakka
  • 165 g hasselnøtter, utan skall, rista og grovt hakka
For å få skinnet lettare av hasselnøttene kan du koka dei nokon minuttar. Bruk så eit handkle for å gni av skallet. Pass på dei er heilt tørre før du ristar dei gyldne i ei tørr steikepanna. 
Forvarm så steikeovnen til 175°C. Visp smør og sukker kvitt. Ha i Nugatti miks til du har ei janm røra. Tilsett så eitt og eitt egg. Skarp kantane og miks godt mellom kvart. Ha i vaniljeekstrakt og bland igjen. 
Ha i mjøl, bakepulver og salt. Litt om gongen og bland til det nett er blanda saman. Vend så inn sjokoladen og hasselnøttene. 
Kle eit steikebrett med bakepapir. Del deigen i to og lag to pølser lika lange som steikebrettet (ca 33 cm). Trykk dei ut til dei er ca 5 cm breie. Pass på at det er 10 cm mellom pølsene. Steik i 30-35 minuttar.
Ha pølsene over på rist og lat dei avkjøla til romtemperatur. Når dei er avkjølte varmar du opp att steikeovnen til 175°C. Brukar ein skarp kniv og skjær skiver ca 1 cm tjukke. Sjær svakt diagonalt. 
Plasser biscottiane på steikeplata med kuttsida ned og steik i 20-25 minuttar. Lat dei så avkjøla heilt før du har på sjokolade.
  • 150 g sjokolade
  • 2-3 generøse ss Nugatti
Smelt sjokoladen over vassbad. Ta så sjokolade av og visp inn Nugattien. Ha sjokoladen over på fat og dypp botnen av biscottien i den. Lat sjokoladen stivna før du har dei i ein lufttett boks. Her kan biscottien halda seg i opptil 2 mnd. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...