fredag 20. september 2013

Penne con Ragù

Hadde ingen idè om kva eg skulle laga til middag i dag, så eg byrja sjå gjennom alle dei oppskriftshefta eg har samla for å sjå om eg fant noko eg kunne tenkja meg å laga. I og med at eg allereie hadde teke opp ein karbonadedeig, var eg mest på utkikk etter ei oppskrift der eg kunne bruka denne. I ei av hefta frå Rema 1000 fant eg denne oppskrifta og tenkte at dette kunne vera verdt å prøva. Eg tok i midlertid å gjorde nokon få justeringar frå orginaloppskrifta. Eg bytta ut 500 g kjøttkakedeig med 400 g karbonadedeig, minska mengda pasta frå 500 g til 350 g og hadde i gulrøtter i staden. Som de ser så står det kanel i oppskrifta. Eg var litt skeptisk til akkurat dette, men eg lovar, det smakar ikkje kanelbollar av middagen ;)
Til 4-6 porsjonar treng du:
  • 2 laukar
  • olivenolja
  • 2 boksar hakka tomater
  • 2 små laubærblad
  • 400 g karbonadedeig
  • 350 g frosne erter
  • 5 små gulrøtter i bitar (ca 180 g)
  • 1-2 ts kanel (evt. muskat)
  • 1 ss sukker
  • salt og pepar
  • 350 g penne
  • reven ost
Finhakk den eine lauken og fres i litt olivenolja til den er gylden. Tilsett dei hermetiske tomatene og laubærblada. La sausen småkoka i 15-30 minuttar.
Finhakk den andre lauken og fres den òg i olivenolja. Skru opp varmen og tilsett karbonadedeigen. Steik i 3 minuttar. Tilsett så erter, gulrøtter og kanel.
Bland tomatsausen med den steikte karbonadedeigen. Ta ut laubærblada og la det småkoka i minst 30 minuttar. Smak til med salt, pepar og sukker.
Medan raguen kokar, kokar du penne. La den koka 2 minuttar kortare enn det som står på pakken. Bruk rikeleg med lettsalta vatn. Ta vare på noko av kokevatnet og spe i raguen for å få meir kraft. Bland penne med raguen og la pastaen koka ferdig i sausen før servering. Server med litt reven ost. I oppskrifta stod det parmesan, men her i huset nøyer me oss med vanleg kvitost. Ha gjerne litt salat attåt òg.

4 kommentarer:

  1. Mmm, kanel i raguen brukes en del i greske oppskrifter og det smaker nydelig! Du trenger forresten ikke velge mellom kanel eller muskat. Hvis du liker begge deler så smaker det faktisk kjempegodt i sammen. Jeg lover!!

    Oppskiften så kjempegod ut så den skal jeg jammen prøve. Jeg bor i Italia så her går det en del i pasta... ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hadde i litt muskat då er varma opp igjen raguen dagen etter, og eg synst det smaka heilt greitt. Men som min kjære sa, så lukta det litt for mykje julebakst i huset :P Så neste gong må nok kanskje begge desse kryddera vika til fordel for pepar.

      Slett
  2. Heisann! Ser at vi ikke bor så langt fra hverandre...Fin blogg du har med masse god mat:-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...