torsdag 8. august 2013

Banankaka

Dette er ei kaka eg har laga mange gongar. Så og sei kvar gong eg har hatt to eller fleire brune bananer på kjøkkenet. Laga denne òg i går, saman med knekkebrøda og ripssyltetøyet, men fekk ikkje tid til å skriva noko blogginnlegg før i dag. Dette er ein sikker vinnar i mi bok i alle fall. Einaste som kan slå feil er at kaka ikkje er skikkelig steikt i midten etter endt steiketid. Dette skjer på grunn av varierande størrelse på bananene frå gong til gong, og kan lett ordnast ved å steja kaka inn igjen i ovnen ei stund.
  • 150 g margarin
  • 2 dl sukker
  • 2 egg
  • 4 dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts kanel
  • 2 godt modne bananer
  • 100 g mørk sjokolade
Varm opp steikeovnen til 175°C. Smør ei brødform som rommar 1 liter. Rør så smør og sukker kvitt. Her er det ein fordel om smøret er litt mjukt. Ha i egga og bland godt. Bland så alt det tørra, utenom sjokoladen, og ha det i bollen. Bland igjen. Mos bananene med ein gaffel og ha dei i røra. Hakk så opp sjokoladen i passelege bitar og vend dei inn i røra for hand. Ha så røra i forma og steik på midderste rilla i 45 minuttar. Som sagt så kan det vera du mår steika kaka lenger, det må du berre sjå ann etter endt steiketid. Avkjøl kaka noko før du tek ho ut av forma. Så er det berre til å nyta, gjerne med ein kopp kaffi eller ei glas mjølk.


onsdag 7. august 2013

Ripssyltetøy

Har fått ei skikkeleg husmorbyga i dag, så her kjem oppskrift nr. 2 for dagen. Denne oppskrifta fant eg på bloggen Kjøkkenkroken før i veka. Og det passa heilt perfekt, sidan eg har lurt på kva eg skal gjera me all ripsen som begynnar å bli moden i hagen. Ripssyltetøy er noko eg aldri har høyrt om før, så då måtte eg jo sjøvlsagt berre prøva.
Til ca 500 g syltetøy treng du:

  • 5 dl vaska og renska rips
  • 1/2 dl vatn
  • 250 g sukker
Kok opp vatn og sukker. Skru så ned varmen og ha i ripsen. La det koka på svak varme i ca 20 minuttar. Bæra skal bli litt mørkare i fargen. Mos gjerne ripsen med ein potetmosar eller liknande hvis du vil ha mindre klumpar i syltetøyet ditt. Når det er ferdig å koka har du syltetøyet rett på glas. Skru på lokk og la det avkjøla. Konsistensen vil bli tjukkare når den er heilt avkjølt, så ikkje blir bekymra om den ser noko tynn ut når du har den på glas.

søndag 4. august 2013

Marknad på Voss

Denne veka var det marknad på Voss. Der hadde dei mykje forskjellig, og deriblant mat frå mange andre land i Europa. Uheldigvis dreiv dei å pakka saman då eg kom, så det vart ikkje så mykje kikking og handling denne gongen. Heldigvis er det ny marknad i Bergen i begynnelsen av november, så då kjem ein ny sjangs :) Her er nokon bilete frå marknaden.

søndag 21. juli 2013

Lørdagspizza ala taco

Denne helga har det gått i fjelltur det aller mesta av både gårsdagen og i dag. Etter ein lang og god tur til Midtfjell i går laga eg pizza til to minst lika trøtte turkameratar. Heldigvis var me ikkje så svoltne at me åt opp alt, så det vart pizza til kvelds etter ein endå lenger og lika fin tur til Trolltunga med endå større turgjeng. Sunn og frisk norsk ungdom kan me med rette kallast denne helge ;)
Botn:
  • ca 500 g mjøl (det/dei typane du måte ha i skapet)
  • 1 pose Idun pizzagjær
  • 1-2 ts salt
  • 4-4,5 dl vatn
  • 1/4 dl matolja
Bland mjøl, gjær salt og ca 3/4 av væska. Elt deigen, og spe på med væska litt etter litt til du får ein deig som er smidig og ikkje klissete. Hev deigen ca 1 time. Medan deigen hevar lagar du pizzasausen.

Pizzasaus:
  • 400 g karbonadedeig
  • 4 sjalottlauk (eller 1 vanleg)
  • 1 boks hakka tomater
  • litt vatn
  • 1 ts sukker
  • 1/3 glas med hot tacosaus
  • 3-4 ts lettrømme
Finhakk lauken. Steik karbonadedeigen og ha i lauken. La detta surra litt i steikepanna, før du har i tomater, sukker og tacosaus. Bland detta godt saman. Smak så til med litt rømme for å gjera smaken litt rundare. Kor mykje rømme du har ha kjem ann på kor mykje snert du vil ha i sause. Om du vil ha mykje kan du kutta heilt ut rømmen. Ha i litt vatn, og la sausen kosa seg på låg til middels varme medan du kutta opp fyllet.

Fyll:
  • paprika
  • sjampinjong
  • pepperoni
  • ost
Når deigen er ferdigheva kjevlar du den ut til ønska fason og tjukkelse. Ha på pizzasausen og fyllet. Her må det seiast at eg var rimeleg svolten då eg laga pizzaen, så dei blei MYKJE ost, og det var heilt nydeleg! Steik pizzaen i forvarma ovn på 225°C i 12-15 minuttar om du har pizzafunksjon på komfyren, og 15-20 minuttar om du ikkje har det. Steiketida avheng uansett av tjukkelsen på botnen, mengda fyll og av sjølve ovnen, så det er lurt å følgja med undervegs. Server med rømme og kanskje ein grøn salat til. Me haldt oss til rømmen sidan me ikkje orka kutta opp salat.

fredag 19. juli 2013

Tunfiskpasta

Denna oppskrifte har eg hatt lyst til å prøva ei stund, så i dag klinte eg til å laga den då eg kom heim etter jobb. Dette er ein rask og enkel middag, i tillegg så smakar det nydeleg!
2 porsjonar
  • pasta
  • 3 sjalottlauk
  • 1.5 dl matfløyte
  • 1 boks tunfisk
  • 2.5 dl frossne erter
  • 4-5 ss raspa ost
  • 1 ts smør
  • 2 ss matolja
  • sitronsaft
  • salt
  • pepar
Kok valgfri mengd pasta etter anvisning på pakken. Sil av vatnet.
Tilsett matolja og smør i gryta og fres sjalottlauken raskt. Ha så pastaen tilbake i gryta. Tilsett fløyten. Ha i raspa ost over pastaen. Rør rundt på middels varme til pastaen har blitt kremete. Ha så i ertene og tunfisken. Rør rundt ei stund til ertene har blitt gjennomvarme. Smak til med salt, pepar og sitronsaft. Velbekomme! 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...