torsdag 8. august 2013

Banankaka

Dette er ei kaka eg har laga mange gongar. Så og sei kvar gong eg har hatt to eller fleire brune bananer på kjøkkenet. Laga denne òg i går, saman med knekkebrøda og ripssyltetøyet, men fekk ikkje tid til å skriva noko blogginnlegg før i dag. Dette er ein sikker vinnar i mi bok i alle fall. Einaste som kan slå feil er at kaka ikkje er skikkelig steikt i midten etter endt steiketid. Dette skjer på grunn av varierande størrelse på bananene frå gong til gong, og kan lett ordnast ved å steja kaka inn igjen i ovnen ei stund.
  • 150 g margarin
  • 2 dl sukker
  • 2 egg
  • 4 dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts kanel
  • 2 godt modne bananer
  • 100 g mørk sjokolade
Varm opp steikeovnen til 175°C. Smør ei brødform som rommar 1 liter. Rør så smør og sukker kvitt. Her er det ein fordel om smøret er litt mjukt. Ha i egga og bland godt. Bland så alt det tørra, utenom sjokoladen, og ha det i bollen. Bland igjen. Mos bananene med ein gaffel og ha dei i røra. Hakk så opp sjokoladen i passelege bitar og vend dei inn i røra for hand. Ha så røra i forma og steik på midderste rilla i 45 minuttar. Som sagt så kan det vera du mår steika kaka lenger, det må du berre sjå ann etter endt steiketid. Avkjøl kaka noko før du tek ho ut av forma. Så er det berre til å nyta, gjerne med ein kopp kaffi eller ei glas mjølk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...