søndag 3. august 2014

Go' kako

Denne kaka er den så absolutte favoritten i min familie. For å sei det sånn: Når kaker og kaffi blir servert spurtar (nesten) samtlege av mine søstre og søskenbarn mot kakebordet for å få eit passeleg stort stykke av denne kaka, og den blir alltid eten opp. Det er alltid bestemor som lagar kaka til selskap, men denne gongen var kaka til ein dåp i min kjæres familie, så då fekk eg prøvd meg på kaka sjølv. Og ut i frå biletet nederst vil eg sei at kaka var ein suksess :)
Trur kanskje denne kaka går under namnet "Ripskaka" eller noko i den dur, men eg har aldri kalla den noko anna enn "Go' kako", og det vil eg fortsetja med så lenge eg lev trur eg.
Til ei 24 cm rundform treng du:
Botn:
  • 5 eggekvitar
  • 188 g melis
  • 188 g mandlar
Forvarm ovnen til 170°C. Dekk botnen på kakeforma med bakepapir og smør kantane med smør elller formfeitt. Finhakk mandlane og bland dei med melisen. Rør eggekvitane stive. Dei er ferdig når du kan halda bollen opp-ned utan at noko kjem ut. Vend eggekviten forsiktig inn i mandelmassen. Fortsett heilt til du har ei jamn blanding. Pass på så du ikkje rører lufta ut av eggekviten når du vender den inn. Steik botnen nederste i ovnen i ca 45 minuttar. 

Når botnen er ferdig tek du den ut og let den avkjøla heilt. Lat den stå i forma, men  du kan godt løsna litt på ringen så du veit at botnen ikkje heng fast i sidene. Boten kan  med fordel lagast god tid i forvegen og frysast ned. Fyll og pynt bør ein helst venta med til den dagen kaka skal serverast

Fyll og pynt:
  • 2 bananer
  • 200 g raspa mørk sjokolade (150 g til fyll + 50 g til pynt)
  • krem (3 dl kremfløyte + 2 ss sukker)
  • rips
Bre eit tynt lag med  krem på botnen. Skjær så bananene i passeleg tjukke skiver  og dekk heile botnen. Rasp så over mesteparten av sjokoladen. Eg brukar hakketilbehøret på stavmiksaren min til sjokoladen. Ha resten av kremen over. Bruk gjerne ein sprøytepose for å få eit fint resultat. Strø over resten av sjokoladen. Til denne kaka skal det vera rips, og då har ein 3 alternativ til korleis ein vil gjera det:
  1. Strø rips over sjølve kaka
  2. Ha rips rundt heile kaka på kakefatet
  3. Server rips ei skål ved sidan av
Alternativ 1 og 2 passa best om du har fersk ripa, medan alternativ 3 er best om ripsen har vore frosen. Uansett så blir denne kaka nam nam!
Det som var igjen av kaka då dåpen var over :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...