lørdag 15. mars 2014

Devil's Food Cake med bringebærmousse og sjokoladeganache

Denne kaka har ein smak av mørk sjokolade i botnen med ein frisk og litt syrlig bringebærmousse med søt og litt salt sjokoladeganach. Med andre ord ein uslåeleg kombinasjon. Den tek litt tid å laga sidan det er ein del venting på at alle delar anten skal blir avkjølte eller stivna, men det er verdt ventinga. Eg laga denne kaka til ein 30-årsdag, og den vart godt motteken på kakebordet.
Devil's Food Cake:
  • 200 g smør
  • 3 dl sukker
  • 3 egg
  • 1 dl kakao
  • 2 dl kokande vatn
  • 5 dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 ts natron
  • 1 dl rømme
Sett steikeovnen på 175°C. Visp smør og sukker kvitt. Tilsett egg og visp vidare. Bland saman kakao og vatn. Sett dette til side. Sikt i mjøl, bakepulver, vaniljesukker og natron. Bruk så ein slikkepot til å blanda det heile saman. Tilsett så kakao og rømme og rør til alt er blanda godt saman. Hell røra i form. Eg brukte 2 lika store former, men ein kan òg steika det heile i ei form. Brukar du to, som meg vil steiketida bli 25 minuttar. Brukar du berre ei må du rekna med opptil 40-45 minuttar. Sjekk undervegs. La botnane avkjøla heilt før du gjer noko meir med dei.

Bringebærmousse:
  • 350 g bringebær, ferske eller frossne
  • 80 g sukker
  • 3 ss sitronsaft
  • 4 gelantinplater
  • 3.75 dl kremfløyte
Om du brukar frossne brringebær må desse tinast heilt før du brukar dei. Legg gelantinplatene i iskaldt vatn i ca 12 minuttar. Kjør bringebær, sukker og sitronsaft i ein blender eller liknande for å laga bringebærpurè. Ha purèen i ei sil for å få vekk frøa. Pisk fløyten til krem, men husk å ikkje piska for mykje. Kok opp 1/3 av bringebærpurèen. Når det kokar dreg du det til side. Klem alt vatnet ut av gelantinplatene. Tilsett gelantinen i den kokte purèen og rør til det løyser seg opp. La dette avkjøla til det er heilt kaldt. I mellomtida har du den andre delen av bringebærpurèen, som ikkje er kokt, i kremen og blandar det heile saman. Når den kokte purèen er blitt kladt vispar du denne inn i kremblandinga. La moussen avkjøla i kjøleskap i 2 timar. 

Om du no laga to tynne botnar av kaka er det ikkje så mykje å gjera. laga du ein må du derimot dela denne i to, eller tre om det er mogeleg. Legg den første botnen på eit kakefat. Ha på bringebærmousse. Legg over den andre botnen. Fortsett med dette til du har brukt alle botnane. Om du har mousse att etter at du har fyllt kaka kan du gjera som meg og ha eit tynt lag utanpå heile kaka. Sett dette i kjøleskap å la det stivna. Mi kaka stod over natta fordi den ikkje skulle serverast før dagen etterpå, men det er ikkje nødvendig at den står så lenge. 

Sjokoladeganache:
  • 1,25 dl vatn
  • 30 g brunt sukker
  • 175 g smør, i terningar
  • 300 g sjokolade ( eg brukte 2/3 mjølkesjokolade + 1/3 dronningsjokolade)
  • litt salt
Ha vatn, brunt sukker og smør i ei panna. La dette smelta på låg varme. Når det begynnar å bobla tek du panna av plata og tilset sjokolade og salt. Sørg for at all sjokoladen får kontakt med smørblandinga. La det stå 1 minutt før du vispar ganachen glatt og blank. Lat den stå ca 1 time. Rør i den no og då, f.eks kvar gong du går forbi panna. Hell ganachen midt på kaka og spre den forsiktig utover med ein slikkepott. La den renne nedover sidene. Pynt kaka etter smak og behag. 

2 kommentarer:

  1. Hørtes godt ut. Men du må vise bilder av kaken inni!!Sara

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var planen, men gløymde dessverre å ta bilete då kaka blei spretta i bursdagsselskapet eg laga den til :(

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...