søndag 25. august 2013

Knekkebrød med gulrot

Eg vart ikkje så fornøgd med dei knekkebrøda som eg laga for ei stund sidan, så eg fjerna oppskrifta frå bloggen. No prøver eg meg igjen med ei oppskrift lånt frå  Trines Oppskrifter, og denne gongen skal eg følgja oppskrifta til punkt og prikke. Trur kanskje eg skal prøva å få til knekkebrød skikkelig før eg begynna eksperimentera så mykje. Fekk forøvrig nokon knallgode knekkebrød av bestmor til min kjære, som eg skal prøva få oppskrifta på og prøva å få til, men eg kjem tilbake til desse seinare. No er det knekkebrød med gulrot som står i fokus. Denne gongen fekk eg det skikkeleg til, og dei vart knallgode! Så no har eg nytt eit lite fat med knekkebrød og sol på verandaen :)
Til 2 brett treng du:
  • 50 g kveitemjøl
  • 1 lita gulrot (ca 50 g)
  • 50 g sesamfrø
  • 100 g havregryn
  • 50 g linfrø
  • 50 g solsikkekjernar
  • 2 ts salt
  • 100 g rugmjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 0.75 dl rapsolja
  • 2 dl vatn
Forvram steikeovnen til 200°C på varmluft. Ha alt det tørra i ein bolle og bland godt saman. Tilsett det flytande og bland godt saman igjen. Finn fram to steikebrett med bakepapir og fordel deigen på desse. Smør deigen utover med fuktige fingrar. Dypp gjerne fingrane undervegs òg. Rut deigen opp før du set bretta i steikeovnen, då knekk dei nemleg lettare opp når dei er ferdige. Steik knekkebrøda i 12-15 minuttar, bytt gjerne rundt på bretta ca halvvegs i steiketida. Og husk å FØLGJA MED, plutselig er nemleg knekkebrøda ferdige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...