torsdag 20. juni 2013

Blondies med sjokoladebitar

No har det vorte ei stund sidan sist eg posta noko innlegg, 2 veker faktisk. Eg skyldar på at det er sommar og at eg hadde forferdeleg tannverk ei heil veka. Det var faktisk så gale at eg måtte til tannlegen å få ei rotfylling, men vær ikkje redde, det gjor meir vondt for lommeboka enn det gjor for kroppen. No er eg tilbake, litt i alle fall. begynnar snart i sommarjobb og neste veka skal eg vera frivillig på Ekstremsportveko, så det spørst kor mykje det blir blogga i sommar. Me får ta det som det kjem ;)

Inspirasjonen til dagens innlegg kjem frå skuleåret eg var i USA. Dette var noko som til stadigheit var å finna som dessert i skulekantina. Difor minnar denne kaka meg veldig om USA. No er det nokon år sidan eg laga dette sist, men i anledninga gjenforeining for oss som reiste til USA saman tenkte eg at dette kunne vera ein fin ting å ta med, sidan me er økonomiske og tenkjer spleiselag. Oppskrifta er den same som brownies, men har bytta ut kakao med mjøl.
  • 200 g smør
  • 5 dl sukker
  • 4 egg
  • 4 dl + 10 ss mjøl
  • 2 krm salt
  • 1 ts bakepulver
  • 100-150 g sjokolade
Rør smør og sukker kvitt, tilsett egga eit om gongen og bland mellom kvart egg. Bland saman mjøl, salt og bakepulver, og sikt dei i røra. Rør forsiktig alt saman. Hakk opp sjokoladen i passande bitar og vend inn i røra. Eg brukte mørk sjokolade og Smarties, men det går fint ann å bruka melkesjokolade eller andre sjokoladeplater.

Ha røra i ei lita langpanna. Steik på 150°C i nedre del av ovnen i ca. 45 minuttar, til kaka får "brownies" konsistens. Steiketida avheng litt av kva du steiker i og ovnen du brukar, så mitt tips er å sjekka etterkvart og heller la den stå i ovnen litt lenger hvis ikkje kaka er sånn som du vil ha den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...