fredag 21. juni 2013

Pølsegrateng

Nok ein gong har eg funn ein oppskrift på bloggen Husmorkjerringa som eg ville prøva. Sjølvsagt måtte eg jo laga min litt eigne vri på den, sidan eg ville bruka opp blant anna bacon og gulrøtter eg fant i kjøleskapet. Det blei ein veldig godt og enkel middag, som kan metta mange. Grønsakene kan ein variera etter kva ein lika og kva ein har i kjøleskapet, så det er ein fin middag å få brukt opp mat ein har liggande. Eg hadde planar om å ha kvitlauksbaguettar til, men plutselig var dei gløymt sidan kjærasten kom heim etter ei veka vekke på jobb :)
Ingrediensar:

  • 1/2 pakke bacon
  • 7 grillpølser (ca 400 g)
  • 1 raud paprika
  • 1 vårlauk
  • 1/3 purre
  • 4 små (eller 2 medium) gulrøtter
  • 1 liten boks asparges
  • 250 g fullkornsmakaroni
  • ost
Saus:
  • 1 l mjølk
  • 1 dl mjøl
  • 3 fedd kvitlauk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 2 egg
  • 1 buljongterning
Sett steikeovnen på 200°C. Del opp gulrøtterene i passelige bitar, og kok dei med makaronien. Makaronien skal kokast etter anvisning på pakken. Skjær pølsene og resten av grønsakene i bitar. Del opp bacon og steik litt på steikepanna. Ha pølsebitane på steikepanna når baconet omtrent er ferdig. Slå av plata og la det stå å kosa seg medan du laga til sausen.
Sausen laga du på denne måten: Bland mjøl og litt av mjølka og visp til det ikkje er klumpar. Ha så i resten av mjølka, kvitlauk, hermetiske tomater og buljongterningen. Eg brukte kyllingbuljong, for det var det eg hadde, men ein kan bruka både kjøtt- og grønsaksbuljong om det er det ein har i kjøkkenskapet. La dette koka opp. Trekk det så av plata og ha i egga. Rør godt!
Bland så saman pølser, bacon, grønsaker, makaroni og saus, og ha det i ei ildfast form. Strø over så mykje ost du vil ha. Steik i 25-30 minuttar, til osten er blitt gylden.
Server med ein enkel salat og kvitlauksbaguettar eller godt brød.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...