tirsdag 18. november 2014

Vårrullar

Sist veka hadde eg og fira andre veninnekveld der me laga vårrullar. Nokon hadde gjort det ein gong før, og nokon hadde aldri gjort det før (meg inkludert). Resultatet blei dei beste vårrullane eg har smakt, og sannsynlegvis dei sunnaste sidan me valde å steika dei i ovnen i staden for å fritysteika dei.
Vart ikkje så bra bilde då eg brukte mobilkamera i dårleg lys
Til ca 40 vårrullar treng du:

  • 40 vårrullflak (me brukte spring roll pastry frå ein innvandrarbutikk, sjå bilde nederst)
  • 2 pk kjøttdeig av svin
  • 3 gulrøtter
  • 2 lauk
  • 1 chili
  • 4 fedd kvitlauk
  • 1 pk glasnudlar (kjøp i innvandrarbutikk)
  • 1 lite kålhovud
  • 2 pk Oyster & Spring Onion wok sauce frå Blue Dragon
  • soyasaus etter smak
  • pepar
  • 1 egg, piska (til liming)
  • Rasp- eller solsikkeolja
Finhakk lauk og kvitlauk. Skjær gulrøttene i tynne små stenger eller rasp dei om du heller vil det. Hakk chilien i små bitar. Pass på at du fjernar alle frøa. Rasp kålhovudet. Fres lauk og kvitlauk i ei panna. Tilsett hovudkål, og steik til den er mjuk. Tilsett gulrøtter, chili og woksaus. Bland alt godt og smak til med soyasaus og pepar. Steik kjøttdeigen i eiga steike panna. Bland så kjøttdeigen og grønsaksblandinga. Medan denne avkjølar noko lagar du til glasnudlane. Kok opp vatn. Når det kokar tek du panna av plata og legg glasnudlane oppi. Dei skal ikkje koka, berre trekka. Dei er ferdige når dei er mjuke og gjennomsiktige, tek ca 5. minuttar. Del glasnudane i små bitar og bland dei med resten av fyllet. Varm steikeovnen til 225°C. Legg eit vårrullflak på kjøkkenbenken og legg 1.2 ss av fyllet nestenpå midten av flaket. 
Bilde lånt frå Enestående mat
Rull så vårrullen halvegs saman (bilde nr 2) og ha så litt egg på hjørna for å lima den saman. Forsett så å rulla den som på bildet. Legg vårrullane på ei bakepapirkledd steikeplata. Pensla dei med matolja og steik dei midt i ovnen i 15-20 minuttar. Server med Sweet chili sauce og soysaus.
Vårrullflak

torsdag 23. oktober 2014

Tunfiskpita

Dette er noko eg åt mykje til kvelds då eg var student i Bergen. Tunfiskpita er veldig enkelt og tek så lang tid å laga som den tida det tek å varma pitabrødet. Dessutan er det sunt og godt. Eg brukar helst grovt pitabrød om eg får tak i det.
Denne oppskrifta kan lett varierast ved å bruka forskjellige typar grønsaker og krydder, men eg likar denne versjonen best.
1 stor eller 2 små porsjonar:
  • 1-2 pitabrød
  • 1/3 beger Cottage cheese
  • 80 g (2-3 ss) tunfisk i vatn
  • ca 3 cm agurk
  • salt
  • pepar
  • timian eller basilikum (helst fersk, men tørka går òg fint)
Varm pitabrødet etter anvisning på pakken. Hakk agurken i fine bitar. Bland cottage cheese, tunfisk, agurk, salt, pepar og krydder i ein bolle. Når pitabrødet er ferdig har du fyllet i. Så er det berre til å nyta ein betre lunsj eller kvelds.

tirsdag 14. oktober 2014

Fårikål

No kan ein verkeleg sei at hausten er her, og kva er vel meir haust enn fårikål? Fårikål er ein enkel rett med kun fem ingrediensar: fårekjøtt, kål, salt, pepar og poteter. Enn så enkel denne retter er, er den til dags dato noko av det skumlaste eg har laga. Dette er ein rett som mange har eit forhold til og eg blei rett og slett litt nervøs for å gjera feil.
Så då vart det sjekka både to og tre sider på nett, samt ei kokebok og to. Det stod stort sett det overalt, men på den einesida hadde ein kokk sitt eit godt tip til betre smak: Gi fårikålkjøttet eit raskt oppkok (utan kål), ha deretter av alt vatnet og skyll og vaske det godt i lunka vatn. Dette skal ein gjera for å bli kvitt beinsplintrar og eggekvitestoff/blod frå  kjøttet. Etter dette gjer ein som vanleg.
Heldigvis var mi bekymring for at detta ikkje skulle bli vellykka heilt unødvendig, fårikålen smakte heilt nydeleg :)
Til 2-3 porsjonar treng du:
  • 1 kg fårikålkjøtt
  • 1 kg hovudkål
  • salt pepar
  • 3 dl vatn
  • 3-4 poteter
Del kålen i båtar. Legg kjøtt og kål lagvis i panna. Kjøttet skal liggja nederst med feittsida ned. Strø salt og pepar mellom laga. Du kan òg ha i heile peparkorn, men då må du ha noko å ha ein peparbehaldar å ha desse i. Hell på vatn. Kok opp og la fårikålen trekkja på svak varme til kjøttet slepper beinet. Dette tek ca 2 timar. Kok poteter og servert alt rykande varmt.

torsdag 9. oktober 2014

Peanut Butter-Chocolate Chip Bars

Denne oppskrifta har eg frå "Betty Crocker's baking classics" frå 1979 som eg kjøpte på Fretex for mange år sidan. I denne boka er det mange fristelsar, men dette er den første opppskrifta frå denne boka eg prøver, sidan ein må ta seg tid til å omgjera frå imperialt system til metrisk. Ut i frå resultatet ser det ut som eg må prøva meg på fleire av oppskriftene, for denne var avhengighetsdannande, rett og slett. Det er nesten ingenting som slå kombinasjonen av sjokolade og peanøtter.
Til ei lita langpanna/firkanta form (ca 33x23 cm) treng du:

  • 1.2 dl sukker
  • 0.8 dl brunt sukker
  • 60 g smør, romtemperert
  • 0.8 dl peanøttsmør
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 egg
  • 2 ss vatn
  • 3 dl kveitemjøl
  • 0.5 ts natron
  • 0.5 ts salt
  • 1.5 dl peanøtter
  • 200 g sjokolade
Forvarm ovnen til 190°C. Smør forma. Bland sukker, brunt sukker, smør, peanøttsmør og vaniljesukker. Mix inn egg og vatn. Bland mjøl, natron og salt. Sikt dette i røra og bland godt. Hakk peanøtter og sjokolade i passande bitar og bland desse i røra. Steik midt i ovnen i 22 til 25 minuttar, til gyldenbrun. Lat kjøla i forma før du deler opp i bitar.

søndag 21. september 2014

Eplekaka med vaniljekrem

Eplekaka er obligatorisk no når hausten og dei norske epla er komne. Om du skal laga kaka til mange, er langpanna heilt supert. Denne kaka er søt og god, men kesamen i vaniljeblandinga gjer den litt friskare, utan at det går ut over den tradisjonelle eplekakesmaken.
Kaka var eit lite eksperiment, så i oppskrifta nedanfor har eg skreve korleis eg vil laga den neste gong. Einaste forskjellen er at eplebåtane blir rulla i kanel og sukker før vaniljeblandinga kjem på, det gjor ikkje eg då eg laga akkurat den som er på bildet.
Til ei stor langpanna treng du:

  • 500 g smør, romtemperert
  • 500 g sukker (eg brukte 400 g kvitt + 100 g brunt)
  • 8 egg
  • 3 ts bakepulver
  • 3 ts vaniljesukker
  • 500 g kveitemjøl
  • 6-8 epler
  • 5 dl Piano vaniljekrem
  • 1 dl vaniljekesam
  • sukker
  • kanel
Forvarm ovnen til 200°C. Pisk saman smør og sukker. Pisk så inn egga, eitt og eitt av gongen. Sikt bakepulver, vaniljesukker og mjøl og bland det inn i smørblandinga. Ikkje bland meir enn nødvendig for å få alt godt blanda. Fordel deigen jamt utover ei bakepapirkledt langpanna. 
Bland kanel og sukker, mengd etter smak. Skrell epla, del dei i båtar og vend dei i sukker- og kanelblandinga. Legg så epleskivene i eit fint mønster oppå deigen. Bland saman vaniljekrem og vaniljekesam, og ha det over epla i små klattar. Om du vil kan du smøra blandinga utover sånn at den blir jamt fordelt, men det er ikkje nødvendig. Strø over litt meir kanel og sukker (men ikkje mykje).
Steik kaka midt i ovnen i 40-50 minuttar. Sjekk med kakenål at kaka er gjennomsteikt. La kaka avkjøla i forma. Server med vaniljeis og nyyyyt!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...