tirsdag 2. juli 2013

Bakt potet

Etter ein lang og fin fjelltur på søndag hadde eg og min kjære bakt potet til kvelds. Dette er noko som garantert alle klarar å få til, sidan det ikkje er noko komplisert i det heile. eg har ikkje bilde denne gongen, sidan eg heilt gløymte å ta bilde på søndag. Dessutan veit vel alle korleis ei potet ser ut.

Du treng:
  • 1 potet pr person
  • aluminiumsfolie
Finn nokon megastore poteter på butikkken, eller kjøp bakepoteter. Bakepoteter er det mange, litt større butikkar som har i grønsakshylla.
Set steikeovnen på 200°C. Når den er varm nok legg du potetene på ei rist midt i ovnen eller på ein grill. Steiketida kjem litt ann på størrelsen på potetene, men du må rekna minst 1 time og 15 minuttar, mest sannsynleg litt lenger. Kjenn på potetene, dei skal vera litt mjuke. Og så vil eg sei det er betre å baka dei litt for lenge, enn litt for lite.

Når det gjeld fyllet i poteta er det berre fantasien som set grenser. Det som er så fint er at alle kan ha i akkurat det dei sjølv vil, så alle blir fornøgde. Mine tips er:
  • kryddersmør
  • kremost (kvitlauk/krydder/urter)
  • skinka (kylling eller svin)
  • ost
  • rømme
  • paprika
  • bacon
  • løk
  • mais
  • bønner
  • dressing
Så er det berre å fylla poteta så godt ein klarar, og nyta maten. Nam nam!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...