torsdag 26. desember 2013

Kandiserte appelsinskal med sjokolade

Kvifor ikkje bruka alle delar av appelsina? Kandiserte appelsinskal med sjokolade er ein god kombinasjon av søtt og syrlig. Og perfekt for dei som elskar kombinasjonen appelsin og sjokolade, sånn som meg. Dei kan etast som dei er eller brukast som pynt på kaker og muffins. Dei må lagast seinast 1-2 dagar i forvegen sidan dei skal tørka over natta før du trekk dei med sjokolade, og så må sjokolade få lov til å stivna. Oppbevar i luftett glas.
  • skalet av 3 appelsiner
  • vatn
  • 200-250 g sukker
  • 200 g sjokolade
Del appelsinene i 4 og ta skalet av. Kok skalet i reint vatn. Skrap det kvita av skalet, prøv å få med så mykje som mogeleg. Ha på nytt vatn og kok opp ein gong til. Det kvita skal no ha blitt mjukt. Fjern det med skei eller kniv. Den teknikken som fungerte for meg var å ta det meste med ei skei og så ta det skeia ikkje fekk med ein skarp kniv. Skjær skalet i tynne strimlar og ha dei i ein kjele. Ha på vatn sånn at det nett dekkjer strimlane. La det koka opp og ha så i sukker. Mende vatn kjem ann på kor mykje du treng for å dekkja strimlane, og her føl du prinsippet "Mei vatn, meir sukker", enkelt og greitt. La det koka til vatnet har fordampa. Mitt brukte ca 45 minuttar. For at det ikkje skal svi seg er det lurt å røra heile tida på slutten. Ha det så over på bakepapir. Prøv å skilja strimlane så fort som mogeleg. La det tørka over natta. 
Smelt sjokoladen i vassbad og dekk alle strimlane med sjokolade. Om du vil at sjokolade skal stivna fort, ha strimlane i kjøleskap eller frys. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...