torsdag 5. desember 2013

Mamma sine julekjeks ♥

Dette er litt mjuke kjeks med store bitar av sjokolade og peanøtter. Det er ikkje tradisjonelle julekaker, men heilt sidan mamma laga desse til jul eit år har dei blitt ein fast innslag til jul. Desse kjeksa er favoritten til både meg og vetlesystera mi, og med ei blanding av salt og søtt blir dei ikkje liggjande lenge i kakeboksen, så det er ein fordel å laga ein stor ladning når ein først er i gong.
Denne oppskrifta gir ca. 60 kjeks:
  • 450 g margarin, romtemperert
  • 350 g melis
  • 200 g sukker
  • 4 egg
  • 2 ts bakepulver
  • 550 g kveitemjøl
  • 400 g sjokolade (denne gongen brukte eg 200 g dronningsjokolade og 200 g Freia Melkesjokolade med Non Stop), grovt hakka
  • 250 g peanøtter
Forvarm steikeovnen til 200°C. Rør margarin, sukker og melis kvitt. Ha i eitt og eitt egg om gongen, og bland godt mellom kvart egg. Bland inn mjøl og bakepulver. Til slutt har du i sjokoladen og peanøttene. Bruk teskeier og plasser kjeksdeigen på steikebrett. Pass på at det er mellomrom mellom kvar ball då digen vil flyta litt utover i steikeovnen. Steik midt i ovnen i ca 10 minuttar. Avkjøl på rist før du har i lufttett boks. Om du lurar på kor lenge dei held seg, så har eg ikkje svar. Dei pleier alltid å forsvinna lenge før dei blir dårlige ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...