tirsdag 8. oktober 2013

Eplemos

I tillegg til å laga Daimkjeks har eg i dag vore ut til bestemor å plukka nokon posar med epler. Den eine posen fekk svigermor, sidan eg umuleg klarar å bruka opp alt før dei blir dårlige, den andre behaldt eg sjølv. Bestemor gav meg nokon tips om kva eg kunne laga av eplene, ein av dei var eplemos. Virka enkelt nok, sjølv om eg har ein tendens til å ikkje ha tolmodigheit med ting som skal koka på låg varme, så eg gav det eit forsøk. Resultatet blei overraskande bra.
Du treng:
  • epler, helst norske
  • litt vatn
  • evt. kanel
Ha vatn i ei panna sånn at det akkurat dekkjer botn. Dette skal berre hinda eplene frå å setja seg fast i botn. Skrell så mykje epler som du vil laga eplemos av. Del dei så i fira og fjern kjernehuset. Ha eplebitane i panna og skru plata på låg varme. Ha lokk på panna og la det stå å koka til eplene har blitt til mos, enkelt og greit. Rør i panna av og til! Når eplene er blitt til mos kan ein tilsetja litt kanel om ein har lyst. Ha eplemosen over på reine glas. Skru lokket godt på og snu glasa på hovudet sånn at det er minst mogeleg luft i glaset. Lat dei stå sånn til eplemosen har kjølna. Oppbevar i kjøleskap eller frys ned til seinare.

2 kommentarer:

  1. Se flott ut :-)

    Her skal det også lages eplemos i de nærmeste dagene !

    NB -glassene bør stå på hodet i 24 timer uten å flyttes på for å være helt sikker på at de holder tett...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tips! Ser derimot ikkje ut som det er behov for at dei skal vera så tette sidan min kjære tek med seg eit heilt glas på jobb kvar dag. Då held dei tre glasa eg laga til i max tre dagar :P

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...