onsdag 21. august 2013

Præriepai

I dag er det igjen fri frå jobb og då pleier eg å laga middag som kan ta noko lenger tid enn det eg orkar etter ein dag med jobbing. Dette er ein sånn middag. Og sidan me bur på Prærien synst eg det berre var naturleg å kalla denne paien opp etter det. Den kan minna noko om sheperds pie eller cottage pie, men dei er utan paibotn. Denne er derimot ikkje det. Og som de kan sjå så klarte verken eg eller min kjære å venta så lenge at eg fekk teke bilde av ein heil pai denne gongen heller. Ein lite tips for å bruka minst tid på å laga paien er å lesa gjennom heile oppskrifta då det er ting som kan lagast medan du ventar på noko anna.
Til 4 personar treng du:
Paibotn
  • 100 g smør
  • 3 dl grovt mjøl
  • litt salt
  • 4-5 ss kaldt vatn
Potetstappa
  • 6-8 medium store poteter
  • ca 50 g margarin
  • ca 1 dl mjølk, fløyte eller ei blanding av dei to
  • Salt og pepar
Kjøttfyll
  • 1 lauk
  • 2-3 fedd kvitlauk
  • 400 g karbonadedeig
  • 2 ss mjøl
  • ca 2,5 dl vatn
  • 1 kjøttbuljongtrening
  • 3 ss tomatpuré
  • 1 boks (415 g) skiva sjampinjong
  • oregano
  • salt og pepar
Lag til paideigen først. Del smøret i terningar og ha det i ein bolle. Bland det saman med mjøl, salt og vatn til du har ein smidig deig. Kjevl så ut deigen til den passar til paiforma di. Eg har alltid litt problemar med å få deigen frå benkeplata til forma etter utkjevling, så eg kjevlar til den passar i botn og så trykker eg deigen opp på kantane. Bruk den teknikken som passar deg best. Det er heller ikkje så dumt å smørja forma, noko eg gløymde, men det gjekk fint likavel.
Lag små hol i deigen med ein gaffel el. Sett den så i kjøleskapet og varm opp ovnen til 225°C eller 200°C dersom du brukar paifunksjon. Når steikeovnen er varm nok forsteiker du botnen i 10-12 minuttar.

Medan paien steiker begynnar du å skrella og dela potetene. Kok dei til dei er møre. Tøm av vatnet og ha i smør og mjølk. Mos potetene til potetstappa med potetstappar eller stavmiksar. Smak til med salt og pepar.

Medan potetene kokar hakkar du lauken og kvitlauken. Surr dette i olja til lauken er blitt mjuk. Ha i karbonadedeigen og bland til den er ferdigsteikt. Dryss så over mjøl og bland godt. Ha i vatn, buljongtreningen og tomatpurèen. Bland det saman og ha så i soppen. La det koka til noko av veska har kokt inn. Smak til med oregano, salt og pepar. Ha kjøttfyllet i paibotnen og fordel potetstappa oppå. Steik paien midt i ovnen på anten 225°C eller 200°C alt etter kva funksjon du brukar (sånn som med forsteikinga) i 20 minuttar. Server gjerne med grøn salat og ein klatt rømme :)
Som de ser av bildet så var paien vellukka ;)

TIPS: om du vil ha ein middag som er raskare å laga kan du laga kjøttfyllet og servera den med potetstappa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...