torsdag 4. april 2013

Brownies med sjokoladebitar, cashewnøtter og kremost

Her kjem endå ei oppskrift som eg har henta frå min gamle blogg. Ideèn til denne fekk eg (sjølvsagt) frå diverse bloggar. browniesrøra er mi eiga oppskrift. Eller i grunn så er den ikkje det, men det er den eg har brukt sidan eg var 16-17 og eg anar rett og slett ikkje kvar eg har den i frå. Denne kaka er himmelsk og utruleg mektig. Så om du ikkje er ein erfaren kakemons (som meg) så greier du ikkje mange stykker i slengen. 
Ingredisensar:
  • 200 g smør
  • 5 dl sukker
  • 4 egg
  • 3 dl kveitemjøl
  • 2 krm salt
  • 1 ts bakepulver
  • 10 ss kakao
  • 200 g sjokolade
  • 200 g cashewnøtter (kan bytast ut med andre typar nøtter)
  • 1 pk Phildalephia naturell
  • 1 dl melis
Framgongsmåte:
Rør smør og sukker kvit, tilsett egga eit av gongen. Bland saman dei tørre ingrediensane og sikt det inn i røra, rør alt sammen.  Hakk opp sjokolade og nøtter og bland det i røra. Ha røra i ei lita langpanne. Bland saman kremost og melis, og ha dette oppå røra i klattar. Ta så ei skei og dra det litt utover sånn at det fordeler seg litt ned i kaka.

Steik på 150 grader i nedre del av ovnen til kaka får "brownies" konsistens. Steiketida avheng litt på kva du steiker i, så mitt tips er å sjekka etterkvart og heller la den stå i ovnen litt lengre hvis ikkje røra er sikkelig stivna. I orgnialoppskrifta står det 30-35 minuttar, men sidan det både er ekstra sjokolade og kremost i denne kaka må den nok stå i ovnen litt lenger. Mi stod vel nærrare 50-60 minutt. Som sagt, sjekk undervegs til du er fornøgd. La den få avkjøla litt i forma før du evt har den over på fat. La browniesen bli heilt kald før du smakar på den. Det er ikkje lett, eg veit, men då ungår du brannsår i munnen.


Tips: Lag kaka i ei lita langpanna i staden for ei rundform, då klarar det seg med ei steiketid på 35 minuttar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...