søndag 28. april 2013

Makronsnurrar og kanelbollar

I går vart det stor bakedag i her i huset. Har ei stund gått med idèen om å fylla makronfyll i bolledeig, og då er jo snurrar det enklaste synst no eg. Og sidan eg likavel var i gong med å laga bolledeig laga eg nok til å få til kanelbollar òg. Trur verkeleg eg er født i feil tidsepoke av og til, hadde nok passa utmerka som husmor på 50-talet eller noko sånt. Nok om det, her kjem oppskrifta.
Til bolledeigen brukte eg oppskrifta til verdas beste bollar. Mjøl blei ei salig blanding av det eg hadde i kjøkkenskapet, som denne gongen blei 1 kg med Fibra fullkornskveitemjøl og resten kveitemjøl og sammalt kveite. Hadde akkurat nok mjøl til sjølve oppskrifta...trudde eg! Viste seg det at deigen blei noko klissete, så det er lurt å ha litt ekstra mjøl i bakhand. Det hadde ikkje eg, så då vart det nødløysing med melis og maizenna. Maizenna fungerte best, men eg anbefalar likavel å bruka mjøl ;) Delte deigen i to ca lika halvdelar, så var det over til fyllet.

Makronsnurrar
  • Bolledeig
  • Freia Makronfyll
Ha mjøl på kjøkkendisken, sånn at deigen er lett å få av att. Kjevl ut deigen til du har eit rektangulært emne. Tilbered så makronfyllet som det står på pakken og smør det ut over emnet. Pass på at du får fyllet så tynt som mogeleg. Rull så saman og gjer som i oppskrifta for bolledeigen.

Kanelbollar
  • Smelta meierismør eller margarin
  • Sukker
  • Kanel
Prøvde med Soft bordsmør, og det blei rett og slett ikkje så bra som eg ville hatt det, så her anbefalar eg smelta smør eller margarin. Det er det eg plar å bruka til vanelg, men det var eg tomt for i går. Kjevl ut emnet nett som du gjor med makronsnurrane. Ha på smelta smør og strø over rikeleg med kanel og sukker. Det hadde ikkje eg, så det vart litt lite kanelbollesmak på dei, men så absolutt etande likavel. Steik på same temperatur og tid som makronsnurrane.

Begge deler skal vera litt gyldne når dei er ferdige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...