tirsdag 23. april 2013

Slumpewok

Hadde ikkje ein heilt klar plan over kva eg skulle ha til middag då eg kom heim i dag, så eg tok rett og slett det eg fant i kjøleskapet og heiv det saman med nudlar. Derav namnet "Slumpewok". Blei ganske mykje mat, så min prosjon kunne godt ha metta to om det hadde vore nødvendig. Når eg lagar wok endar eg alltid opp med mykje meir mat enn det eg hadde tenkt fordi eg skal ha litt av alt, og plutselig blir det til saman mykje. Lærer visst aldri akkurat det, men god mat blir det i alle fall.
Denne inneheld:
  • 0,5 pose Findus wok classic
  • 3/4 vårløk
  • 1/4 løk
  • 1/3 raud paprika
  • 2 sjampingiongar
  • litt rapsolja
  • nudlar
  • ein neve linser, ca 1,5 dl
  • ca 1 neve salatbønner/Kidneybeans
  • 1 ss soyasaus
  • 1ss sitronsaft
  • koriander, etter smak
  • ingefær, etter smak
Begynn med å steika wokgrønsakene og koka nudlane. Når wokgrønsakene er tint har du i vårløk, løk og paprika. La desse surra litt før du har i rapsolja og soppen. La dette surra eit par minuttar. Ha så oppi nudlar, linser, salatbønner, soyasaus, sitronsaft, koriander og ingefær. Bland alt godt. Så er middagen klar. Som de ser er det ikkje noko kjøtt i middagen denne tirsdagen heller, men denne wok'en blir lika god med kylling eller svin om ein vil det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...