tirsdag 9. april 2013

Grøn lasagne

Mange driv på med meatless monday, her blir det i staden meatless tuesday, i alle fall når det kjem til middagen. Ein kan jo sjølvsagt ha kjøtt i lasagnen om ein absolutt vil, men reint næringsmessig får ein meir enn nok proteinar frå bønnene og cottage cheesen. God middag er det i alle fall :)
Til 4 personar:

  • 2 vårlauk
  • 2 kvitlauksfedd
  • 1 bunt asparges
  • 200-300 g bønner
  • 1,5 dl grønsaksbuljong
  • 150 g erter (frosne)
  • 300 g cottage cheese (1 beger)
  • 1 ss sitronsaft
  • 1,5 dl H-mjølk
  • salt + pepar
  • timian
  • 100 g revet ost
  • lasagneplater
Set steikeovnen på 225°C. Skyll vårlauken i skjær den i skiver. Skyll òg aspargesen. Knekk av botnen og kast denne, skjær så av toppane og legg desse til side. Resten av aspargesen skjær du i ca. 1,5 cm lange bitar. Varm litt matolja i steikepanna og fres vårløken på middels varme i ca. 5 minutt. Press kvitlauken, ha den i steikepanna og rør rundt medan det steikjer nokon minuttar til. Ha i aspergesbitane (ikkje toppane) og grønsaksbuljongen. La detta surra i 5 minutt. Tilsett så erter og bønner. Her kan du velgja kva bønner du vil. Eg brukte i dag kidneybønner sidan det var det som var i kjøkkenskapet. Rør godt og ha i H-mjølk, salt, pepar, timian og sitron. La det koka nokon minuttar. Mos det så lett med f.eks. ein potetmosar. Ha så i 150 g cottage cheese og rør godt nokon minuttar. Ha halvparten av blandinga i lasagneforma og dekk med lagasneplater. Eg pleier å nøya meg med 2 til kvart lag. Ha på resten av blandinga og dekk med lasagneplater. Etter lag nr. 2 blandar du resten av cottage cheese med litt vatn og fordelar den over platene. Ha aspargestoppane på og stør til slutt over revet ost og litt meir timian. Steik midt i ovnen i ca 20 minuttar, til osten er gyllen. kan serverast med godt brød til, men smakar heilt supert åleina òg ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...