mandag 1. april 2013

Enkel omelett

I går vart det ein sein lunsj, så sein at det omtrent var middagstid, men sidan me var inviterte på hjortebiff og fløytegratinerte poteter vart det ikkje laga noko middag her i hus. I staden blei det omelett, som i mitt hovud er ei god erstatning for middag når ein har lyst på noko varmt, men ikkje alt for mykje.
Omelett:

  • 2-3 egg
  • 1 ss vatn pr egg
  • litt salt
  • krydder etter smak
Visp alle ingrediensane saman og ha dei i ei varm steikepanna. Om du har Teflonsteikepanna er det ikkje behov for smør/olja, anna enn for smaken si skuld. Har du ikkje teflonsteikepanna må du huska smør/olja.
Til fyll er det berre fantasien og det du har i kjøleskapet som set grenser. Her vart det hermetisk kyllingskinka, sjampinjong, paprika, tomat og ost. Ha fyllet på med ein gong og skru ned varmen, sånn at omeletten ikkje blir svidd under. Har du lokk til steikepanna har du det på no. La omeletten kosa seg i panna til eggemassen har stivna og osten smelta. Ha over på fat og brett. Ha gjerne skjeva til, men det er ikkje nødvendig. Det er nok mat i omeletten til at det går ann å bli mett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...