lørdag 13. april 2013

Yoghurtmarinert kylling med couscous

Eg fant ei oppskrift på marinert kylling og couscous som eg ville prøva i dag, problemet var berre det at eg ikkje hadde noko olja å marinera kyllingen i. Og i lys av at eg hadde lite lyst på butikken berre for å kjøpa olja (som det tek meg år og dag å bruka opp), så kom eg på at eg hadde ein liten slant med naturell yoghurt igjen i kjøleskapet. Så då vart det marinering med yoghurt i staden. I couscousen tilsatte eg òg, i tilleg til det som stod i originaloppskrifta, ein rest av ei grønsaksblanding eg fant i frysen. Godt vart det òg!
Til 2 personar treng du:

  • 2 kyllingfiletar
Marinade:
  • ca 2 dl Yoghurt naturell
  • spisskummin
  • rosmarin
  • salt
  • pepper
Couscous
  • 2 dl couscous
  • 1/3 lauk
  • ca 1/2 paprika
  • 1-2 tomater
  • 80-100 g frossen grønsaksblanding
Bland ingrediensane til marinaden. Ha kyllingen i ein pose og hell over marinaden. La den marinera så lenge du har tid til. Helst skal den marinera eit par timar, men mindre går fint det òg. Eg hadde ikkje tid til å marinera den så lenge og den smakte heilt fortreffeleg likavel. Når kyllingen er klar steiker du den i steikeovnen saman med marinaden på 200°C i 20-25 minuttar.

Kok grønsaksblandinga sånn at dei akkurat er gjennomvarme, det skal vera litt motstand igjen. Skjær opp paprika, lauk og tomat i fine bitar. Varm vatn til couscousen. Når det kokar tek du panna av plata og har i couscousen og dei finhakka grønsakene. Ikkje den frosne grønsaksblandinga. La couscousen stå med lokk i 10 minuttar sånn at den kan svella. Etter 10 minutt har du i resten av grønsakene og middagen er klar. Om det er litt lite smak på couscousen anbefalar eg å ha på paprikapulver og salt, det gjor eg. Eller kan du evt har det i når du skal la couscousen svella, alt ettersom om alle som skal eta likar det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...