På
heimesida til Nigella Lawson pågår det kvar månad ein
konkurranse (cookalong) som går ut på å laga ei spesifikk oppskrift, ta bilde av det ferdige resultatet og lasta det opp på sida saman med ein kommentar til oppskrifta. Premien er ei oppskriftsbok etter eige val signert av Nigella. Denne månaden er oppskrifta
Devil's Food Cake, ei oppskrift eg lenge har hatt lyst til å prøva meg på. Dette vart dermed ein ypparleg anledning til å gjera dette. Sidan det til tider kan bli litt vel mykje kaker og slikt her i heimen valde eg å halvera oppskrifta. Nedanfor får de altså det dobbelte av den oppskrifta eg laga til. Har òg bytta ut mørkebrunt muscovadosukker med vanleg brunt sukker og vaniljeekstrakt med vaniljesukker, dette eine og åleina fordi desse er enklare å få tak i. Har òg laga
focaccia i dag, og begge deler blir med i babyshower i morgon.
Botn:
- 50 g kakao (sikta)
- 100 g brunt sukker
- 2,5 dl kokande vatn
- 125 g smør (helst usalta)
- 150 g sukker
- 225 g kveitemjøl
- 0,5 ts bakepulver
- 0,5 ts natron
- 3 ts vaniljesukker (el. 2 ts dersom du brukar vaniljeekstrakt)
- 2 store egg
Frosting:
- 1,25 dl vatn
- 30g brunt sukker
- 175 g smør (helst usalta) i terningar
- 300 g mørk kokesjokolade fint opphakka
Forvarm steikeovnen til 180°C. Kle 2 kakeformer à 20 cm med bakepapir og smør dei godt. Om du gjer som meg og halverar oppskrifta treng du berre ei form. Ha kakao og brunt sukker i ein bolle og slå over det kokande vatnet. Rør til det er godt blanda saman og set så tilsides.
Visp smør og sukker kvitt. Blanda saman mjøl, bakepulver og natron.
Om du brukar vaniljeektrakt har du denne i smør- og sukkerblandinga no og blandar godt saman. Gjer du som meg, og brukar vaniljesukker har du det i mjølblandinga.
Bland 1 egg i smør- og sukkerblandinga. Ha så i litt av mjølblandinga i bollen, før vispar inn det andre egget. Forsett å miksa til all mjølblandinga er blanda inn. Til slutt har du i kakaoblandinga som til laga til aller først. Fordel så røra i dei 2 kakeformene, eller ha alt i ein eine, alt etter som. Steik i 30 minuttar, eller til
kakepinnen kjem ut rein. Lat botnane avkjøla i formene i 5-10 minuttar før du tek dei ut for å kjøla av heilt.
Så snart botnane er ute av steikeovnen begynnar du med frostingen. Ha vatn, brunt sukker og smør i ei panna og la det smelta på låg varme. Når dette begynnar å bobla tek du panna av plata og har i sjokoladen. Sørg for at all sjokoladen før kontakt med smørblandinga. La den stå eit minutt før du vispar forstingen glatt og blank.
La den stå 1 time. Rør i den no og då, f.eks. kvar gong du går forbi panna. Etter ein time vil kaka vera klar for frostingen. Har du to botnar set du den eine på eit kakefat og har på 1/3 av frostingen. Om du berre har ein botn deler du denne i to og gjer det same med eine halvdelen. Legg så den andre delen på toppen og ha på resten av frostingen på toppen og sidene. Hell frostingen midt på kaka og spre den forsiktig utover med ein slikkkepott el. La den renna nedover sidene. Pynt kaka etter smak og behag.