Viser innlegg med etiketten Tapas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tapas. Vis alle innlegg

tirsdag 18. november 2014

Vårrullar

Sist veka hadde eg og fira andre veninnekveld der me laga vårrullar. Nokon hadde gjort det ein gong før, og nokon hadde aldri gjort det før (meg inkludert). Resultatet blei dei beste vårrullane eg har smakt, og sannsynlegvis dei sunnaste sidan me valde å steika dei i ovnen i staden for å fritysteika dei.
Vart ikkje så bra bilde då eg brukte mobilkamera i dårleg lys
Til ca 40 vårrullar treng du:

  • 40 vårrullflak (me brukte spring roll pastry frå ein innvandrarbutikk, sjå bilde nederst)
  • 2 pk kjøttdeig av svin
  • 3 gulrøtter
  • 2 lauk
  • 1 chili
  • 4 fedd kvitlauk
  • 1 pk glasnudlar (kjøp i innvandrarbutikk)
  • 1 lite kålhovud
  • 2 pk Oyster & Spring Onion wok sauce frå Blue Dragon
  • soyasaus etter smak
  • pepar
  • 1 egg, piska (til liming)
  • Rasp- eller solsikkeolja
Finhakk lauk og kvitlauk. Skjær gulrøttene i tynne små stenger eller rasp dei om du heller vil det. Hakk chilien i små bitar. Pass på at du fjernar alle frøa. Rasp kålhovudet. Fres lauk og kvitlauk i ei panna. Tilsett hovudkål, og steik til den er mjuk. Tilsett gulrøtter, chili og woksaus. Bland alt godt og smak til med soyasaus og pepar. Steik kjøttdeigen i eiga steike panna. Bland så kjøttdeigen og grønsaksblandinga. Medan denne avkjølar noko lagar du til glasnudlane. Kok opp vatn. Når det kokar tek du panna av plata og legg glasnudlane oppi. Dei skal ikkje koka, berre trekka. Dei er ferdige når dei er mjuke og gjennomsiktige, tek ca 5. minuttar. Del glasnudane i små bitar og bland dei med resten av fyllet. Varm steikeovnen til 225°C. Legg eit vårrullflak på kjøkkenbenken og legg 1.2 ss av fyllet nestenpå midten av flaket. 
Bilde lånt frå Enestående mat
Rull så vårrullen halvegs saman (bilde nr 2) og ha så litt egg på hjørna for å lima den saman. Forsett så å rulla den som på bildet. Legg vårrullane på ei bakepapirkledd steikeplata. Pensla dei med matolja og steik dei midt i ovnen i 15-20 minuttar. Server med Sweet chili sauce og soysaus.
Vårrullflak

søndag 15. september 2013

Focaccia

I går var det tapas-kveld med ein god vennegjeng. Og då benytta eg sjangsen til å prøva meg på ei ny oppskrift, som vanleg. I går falt valget på focaccia rett og slett fordi det er så utruleg godt inntil tapas, og fordi det ikkje er så veldig komplisert å få til :)
Ei lita langpanna:
  • 6 dl kveitemjøl
  • 4 dl sammalt kveite
  • 1 pakke tørrgjær
  • 5 dl lunka vatn
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • 2 ss olivenolja
Fyll:
  • 0.5-1 glas fetaost
  • 0.5 glas soltørka tomater i olja, hakka i medium bitar.
  • 2 dl steinfrie oliven
  • 2 ts flaksalt
  • 1 dl olivenolja
  • timian
Bland mjøl, tørrgjær, sukker, salt og vatn til det blir ein jamn og tjukk deig. Tilsett olivenolja slik at den nett legg seg rundt deigen. la så focacciadeigen heva på ein lun plass i 30-40 minuttar, gjerne under plast.
Sett steikeovnen på 180°C. Smør ei lita langpanna (20x30cm) og hell så deigen i. Trykk ned fetaost, soltørka tomater og evt rosamrin/timian. Fordel oliven over, strø på salt og hell over olivenolja.
Bruk hendene og klapp deigen ned sånn at det blir danna mange små groper på overflata av focacciaen. 
Etterhev i ca. 10 minuttar. Steik så brødet midt i ovnen i ca. 25 minuttar, eller til det er heva, gylldent og gjenomsteikt. Avkjøl på rist.

torsdag 16. mai 2013

Lefserull med spekeskinka

Sidan eg er den eg er, synst eg ikkje det var nok å berre ha med potetsalat til 17. mai frokost, så då vart det lefserullar òg, sidan det er så enkelt og raskt å laga til.
  • Grove tortillalefser (du kan òg bruka potekaker eller lomper)
  • Spekeskinka
  • Ruccola
  • Philadelphia Lett
Smør Philadelphia på lefsene. Legg på spekeskinka og ruccola. Skjær opp i passande bitar og server. Enklare enn detta bilr det ikkje! Godt er det òg :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...