Viser innlegg med etiketten Pizza. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pizza. Vis alle innlegg

fredag 30. oktober 2015

Pizzasnurrar med tacosmak

Dei seier at utsjånaden skjemmer ingen. Desse pizzasnurrane vinn så absolutt ikkje nokon skjønheitskonurranse, men det dei ikkje har av utsjånad tek dei igjen på smak. Dei er sjølvsagt aller, aller best når dei er ferske ut av steikeovnen, men dei er veldig gode om ein frys dei og tinar dei i steikeovnen òg. Dei er òg kjempe fine å ha med til lunsj.
Til ca 20 pizzasnurrar treng du:
Fyll:
  • 400 g karbonadedeig
  • matolja
  • 1 hakka løk
  • 2 fedd finhakka kvitløk
  • 1 boks hakka tomater (ca 400 g)
  • 2 ss tomatpurè
  • pepper
  • salt
  • oregano eller basilikum
  • ca 1 dl vatn
  • 5 dl reven ost
  • 1 pose tacokrydder
Pizzadeig:
  • 1/2 pakke fersk eller tørr gjær (eg brukte tørr)
  • 3 dl lunka vatn
  • 2 ss olja
  • ca 7 dl mjøl (eg brukte ei blanding mellom sikta kveitemjøl, grovt kveitemjøl og grovt rugmjøl)
  • salt
Om du brukar fersk gjær:
Rør gjæren ut i vatn og tilsett olja, mjøl og salt.
Om du brukar tørr gjær:
Bland gjær og mjøl. Tilsett vatn, olja og salt

Elt deigen godt saman og la den heva til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 225°C

Lag kjøttsaus:
Brun kjøttdeigen i olja på strek varme. Tilsett løk, kvitløk, tomater, tomatpurè, salt, pepper, vatn og tacokrydder. La sausen småkoka i ca. 10 minuttar til den blir ekstra tjukk. Dryss over oregano/basilikum.
Kjelv deigen til ein avlang firkant (ca 30x50 cm). Smør kjøttsausen utover og rull saman sånn at deigen blir ei pølsa (nett som med kanelbollar). Skjær den i stykker på ca 1,5 cm tjukke skjever og legg dei på ei bakepapirkledd steikebrett. Dryss på ost og ekstra fyll som paprika eller sopp hvis du vil ha det.
Etterhev pizzasnurrane i ca. 10 minuttar. Steik midt i steikeovnen i ca 15 minuttar

lørdag 5. april 2014

Pizzasaus/tomatsaus

Denne sausen kan brukast både på pizza og spagetti. Eg brukar den aller helst på pizza sidan ferdig spagettisaus på glas er ein favoritt her i huset. Sausen er litt sterk sidan vanleg pizzasaus med kun tomat og krydder fort blir litt kjedeleg. Pizzasausen kan godt lagast dagen i forvegen.
Til ein pizza i langpanna treng du:
  • 2 boksar hermetiske tomater
  • 1 lauk
  • 3-4 ss medium eller sterk tacosaus
  • 2-3 ss tacokrydder
  • evt. kvitlauk, chili, jalapeno og krydder
Ha alle ingrediensane i ei gryta og bruk stavmikasr til å kjøyra alt til ein glatt masse. Sett sausen til koking på låg til medium varme og late den stå å småputtra så lenge du kan. Den blir berre betre jo meir den får stå å kosa seg.

fredag 13. september 2013

Pizza på 1-2-3

Har nett ete noko som berre kan beskrivast som ein heilt himmelsk pizza. Og det besta med den er at det tek ca. 10-15 minuttar å laga frå begynnelse til slutt. Heil perfekt når ein har lyst på pizza, men ikkje orka laga ei heil steikeplata berre til seg sjølv, og er lei frossenpizza ;)
Og så har me juksa litt
Du treng:

  • Pizza tortilla
  • Pizzasaus
  • Kyllingfilet
  • raudlauk
  • mozarella
  • paprika
  • cherrytomater
Veldig enkelt om du brukar den pizzasausen eg brukte (Cremè fraîche med mango og chili) må ein berre røra saman kladt, ingen koking. Forvarm steikeovnen til 250°C. Steik kyllingen litt. Ha pizzasausen og mozarella på lefsa. Kutt paprika, raudlauk og cherrytomater i den størrelsen du vil ha og ha det på. Ha på kylling og dryss ver litt meir mozarella. Steik midt i ovnen i 5-6 minuttar. Server! Om du har er det godt med litt ruccola på. Det hadde ikkje eg i kjøleskapet i kveld, så då blei det ikkje det denne gongen.

søndag 21. juli 2013

Lørdagspizza ala taco

Denne helga har det gått i fjelltur det aller mesta av både gårsdagen og i dag. Etter ein lang og god tur til Midtfjell i går laga eg pizza til to minst lika trøtte turkameratar. Heldigvis var me ikkje så svoltne at me åt opp alt, så det vart pizza til kvelds etter ein endå lenger og lika fin tur til Trolltunga med endå større turgjeng. Sunn og frisk norsk ungdom kan me med rette kallast denne helge ;)
Botn:
  • ca 500 g mjøl (det/dei typane du måte ha i skapet)
  • 1 pose Idun pizzagjær
  • 1-2 ts salt
  • 4-4,5 dl vatn
  • 1/4 dl matolja
Bland mjøl, gjær salt og ca 3/4 av væska. Elt deigen, og spe på med væska litt etter litt til du får ein deig som er smidig og ikkje klissete. Hev deigen ca 1 time. Medan deigen hevar lagar du pizzasausen.

Pizzasaus:
  • 400 g karbonadedeig
  • 4 sjalottlauk (eller 1 vanleg)
  • 1 boks hakka tomater
  • litt vatn
  • 1 ts sukker
  • 1/3 glas med hot tacosaus
  • 3-4 ts lettrømme
Finhakk lauken. Steik karbonadedeigen og ha i lauken. La detta surra litt i steikepanna, før du har i tomater, sukker og tacosaus. Bland detta godt saman. Smak så til med litt rømme for å gjera smaken litt rundare. Kor mykje rømme du har ha kjem ann på kor mykje snert du vil ha i sause. Om du vil ha mykje kan du kutta heilt ut rømmen. Ha i litt vatn, og la sausen kosa seg på låg til middels varme medan du kutta opp fyllet.

Fyll:
  • paprika
  • sjampinjong
  • pepperoni
  • ost
Når deigen er ferdigheva kjevlar du den ut til ønska fason og tjukkelse. Ha på pizzasausen og fyllet. Her må det seiast at eg var rimeleg svolten då eg laga pizzaen, så dei blei MYKJE ost, og det var heilt nydeleg! Steik pizzaen i forvarma ovn på 225°C i 12-15 minuttar om du har pizzafunksjon på komfyren, og 15-20 minuttar om du ikkje har det. Steiketida avheng uansett av tjukkelsen på botnen, mengda fyll og av sjølve ovnen, så det er lurt å følgja med undervegs. Server med rømme og kanskje ein grøn salat til. Me haldt oss til rømmen sidan me ikkje orka kutta opp salat.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...