Viser innlegg med etiketten Pai. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pai. Vis alle innlegg

onsdag 21. august 2013

Præriepai

I dag er det igjen fri frå jobb og då pleier eg å laga middag som kan ta noko lenger tid enn det eg orkar etter ein dag med jobbing. Dette er ein sånn middag. Og sidan me bur på Prærien synst eg det berre var naturleg å kalla denne paien opp etter det. Den kan minna noko om sheperds pie eller cottage pie, men dei er utan paibotn. Denne er derimot ikkje det. Og som de kan sjå så klarte verken eg eller min kjære å venta så lenge at eg fekk teke bilde av ein heil pai denne gongen heller. Ein lite tips for å bruka minst tid på å laga paien er å lesa gjennom heile oppskrifta då det er ting som kan lagast medan du ventar på noko anna.
Til 4 personar treng du:
Paibotn
  • 100 g smør
  • 3 dl grovt mjøl
  • litt salt
  • 4-5 ss kaldt vatn
Potetstappa
  • 6-8 medium store poteter
  • ca 50 g margarin
  • ca 1 dl mjølk, fløyte eller ei blanding av dei to
  • Salt og pepar
Kjøttfyll
  • 1 lauk
  • 2-3 fedd kvitlauk
  • 400 g karbonadedeig
  • 2 ss mjøl
  • ca 2,5 dl vatn
  • 1 kjøttbuljongtrening
  • 3 ss tomatpuré
  • 1 boks (415 g) skiva sjampinjong
  • oregano
  • salt og pepar
Lag til paideigen først. Del smøret i terningar og ha det i ein bolle. Bland det saman med mjøl, salt og vatn til du har ein smidig deig. Kjevl så ut deigen til den passar til paiforma di. Eg har alltid litt problemar med å få deigen frå benkeplata til forma etter utkjevling, så eg kjevlar til den passar i botn og så trykker eg deigen opp på kantane. Bruk den teknikken som passar deg best. Det er heller ikkje så dumt å smørja forma, noko eg gløymde, men det gjekk fint likavel.
Lag små hol i deigen med ein gaffel el. Sett den så i kjøleskapet og varm opp ovnen til 225°C eller 200°C dersom du brukar paifunksjon. Når steikeovnen er varm nok forsteiker du botnen i 10-12 minuttar.

Medan paien steiker begynnar du å skrella og dela potetene. Kok dei til dei er møre. Tøm av vatnet og ha i smør og mjølk. Mos potetene til potetstappa med potetstappar eller stavmiksar. Smak til med salt og pepar.

Medan potetene kokar hakkar du lauken og kvitlauken. Surr dette i olja til lauken er blitt mjuk. Ha i karbonadedeigen og bland til den er ferdigsteikt. Dryss så over mjøl og bland godt. Ha i vatn, buljongtreningen og tomatpurèen. Bland det saman og ha så i soppen. La det koka til noko av veska har kokt inn. Smak til med oregano, salt og pepar. Ha kjøttfyllet i paibotnen og fordel potetstappa oppå. Steik paien midt i ovnen på anten 225°C eller 200°C alt etter kva funksjon du brukar (sånn som med forsteikinga) i 20 minuttar. Server gjerne med grøn salat og ein klatt rømme :)
Som de ser av bildet så var paien vellukka ;)

TIPS: om du vil ha ein middag som er raskare å laga kan du laga kjøttfyllet og servera den med potetstappa

torsdag 15. august 2013

Ripspai med vaniljeis

Eg driv forsatt å plukkar på rips frå hagen. Det verkar nesten som om den busken aldri blir tom, så i dag tok eg meg ei skikkeleg god økt og plukka så mykje som eg orka. Noko blei brukt til denne paien, noko skal lagast meir ripssyltetøy av og noko skal frysast til seinare bruk. Har allereie ei oppskrift med rips i tankane, så de får berre følgja med framover. Hvis de, som eg, har ein ripsbusk i hagen så er det ikkje dumt å plukka og frysa ned. Det er ekstra godt med heimaplukkka bær utover hausten, derfor var eg og Helena òg på blåbærtur sist søndag der me fekk plukka tilsaman 8 liter før me gav oss, så det blir nok nokon blåbæroppskrifter utover hausten òg. Oppskrifta på paien har eg lånt frå Middag og mer.
  • 2 egg
  • 2,5 dl sukker
  • 2 dl kveitemjøl
  • 2 ts vaniljesukker
  • 2 ts bakepulver
  • 2,5 dl rips
  • sukker
  • kanel
  • kald Melange
  • evt potetmjøl
Sett steikeovnen på 200°C. Pisk eggedosis av egg og sukker. Pisk inn kveitemjøl, vaniljesukker og bakepulver. Hell så massen over i ei paiform og lat den flyta ut i kantane. Strø på ripsen. Om den er litt blaut kan det vera lurt å ha på 1 ss med potetmjøl. Strø over så mykje sukker og kanel som du vil. Eg hadde på veldig mykje kanel og ikkje så mykje sukker, sidan me er veldig glade i kanel her i huset. Ta ut Melange frå kjøleskapet og bruk ostehøvel for å få tynne skiver av smør. Legg smørskivene utover heile paien. Steik den midt i ovnen i 25-30 minuttar. Har steikeovnen din paifunksjon er dette ein ypperleg anledning til å bruka den. Server paien lun med vaniljeis, anten det er heimalaga eller butikkkjøpt. Min vaniljeis er butikkjøpt, så veit de det.

søndag 14. juli 2013

Kylling- og spinatpai

Denne oppskrifta har eg lånt av Cathrines matblogg. Har laga den eit par gonger no, og synst den er kjempe god. Paien tek litt tid å laga, men den er verdt det. Denne gongen fekk eg ikkje tak i fersk spinat, så då vart det frossen. Det anbefalast ikkje, då det er alt or mykje væska i den. Tips dersom du kun har tilgong til frossen spinat: (1) steik spinaten ei stund, sånn at så mykje som mogeleg av væska forsvinn og (2) steik paien litt lengre. Sjølv om paien blei litt vassen denne gongen var det ingenting å sei på smaken, så det blei middag i dag òg ;)
Deig:
  • 2,25 dl fullkornsmjøl/sammalt kveite
  • 2,25 dl kveitemjøl
  • 40 ml olja
  • 75 ml kesam/yoghurt naturell
  • 40 ml vatn
Fyll:
  • ca 400 g kylllingfilet
  • 1 pose spinatblader
  • 1-2 fedd kvitlauk
  • ca 2 dl reven ost
  • 3 egg
  • 2 dl mjølk
  • salt, pepar og paprikakrydder/chilipulver
Steik kyllingen i ovnen ved 200°C i 13-17 minuttar, avhengig av størrelsen. Kyllingen skal nett så vidt vera gjennomsteikt. La den kvila før du skjær den. Lag botn og fyll i mellomtida.

Bland det tørra til deigen. Ha i olja, kesam og vatn, og bland godt. Hvis deigen ikkje samlar seg skikkeleg har du i litt meir kesam/yoghurt. Den skal kunna kjevlast, men ikkje vera klissete. Du kan kjevla ut deigen så den passar til forma. Eg pleier å berre trykka ut deigen rett i forma, då eg synst dette er lettare å få til. Etter at du har fått deigen i forma prikkar du den med ein gaffel. Forsteik botnen ved 200°C i 12-15 minuttar.

Medan botnen forsteiker vaskar du spinatblada. Rens kvitlauk og finhakk den. Ha litt matolja i steikepanna og fres kvitlauken forsiktig nokon minuttar. Ha så i spinaten, og la den detta saman. Det blir ikkje så mykje att av den, men den smakar godt. Fordel spinaten i botnen og strø over halvparten av osten. Skjær så kyllingen i passelige skiver og fordel utover paien. Visp lett saman egg, mjølk og krydder. Hell eggestanden over, nesten til kanten. Fordel resten av osten på toppen. Steik paien ved 200°C i ca 15 minuttar. Dei siste 5 minuttane kan du skru opp temperaturen til 225°C og skru på varmluft for å få fin farge på osten. La paien kvila i 5-10 minuttar før du skjær og serverar den. Server med salat og dressing/rømme.

mandag 3. juni 2013

Tacopai

Tacopai tek litt tid å laga, men til gjengjeld får ein både god og mykje mat. Denne oppskrifta er eigentleg ei dobbel oppskrift, men sidan det her ikkje finst ei paiform måtte eg improvisera første gongen eg laga den, så då vart det dobbel oppskrift i ildafast form i staden. Noko som ikkje har vist seg å vera så dumt, sidan det då lett blir mat til mange eller 2-3 dagar med middag ;) Nok ein gong, ikkje veldig lekkert bilde, må nok øva meg på det. Unnskyldninga denne gong er rett og slett at det som vart servert på fat blei ete opp før eg kom på å ta bilde, så god er paien :)
Botn:
  • 300 g smør
  • 6 dl mjøl (3 dl kveitemjøl + 3 dl sammalt kveite fint)
  • 4 ss vatn
  • salt + pepper
Bland ingerdiensane til botn. Hvis ikkje du får samla det til ein deig er det berre til ha i ei ekstra spiseskei med vatn. Trykk deigen godt opp på kantane på forma. Prikk så med gaffel og sett kjølig i minimum 30 minuttar. Sett steikeomnen på 200°C. Forsteik botnen midt i ovnen i 10-15 minutt. Avkjøl den før du har fyllet i. Botnen kan godt lagast dagen før og oppbevarast i kjøleskap fram til den skal brukast.

Fyll:
  • 800 g karbonadedeig/kjøttdeig
  • 2 lauk
  • 4 fedd kvitlauk (kan sløyfast)
  • 3 paprika (raud, gul og/eller grøn)
  • 1 pose tacokrydder
  • 4 dl lettrømme
  • 4 tomater
  • 3-4 ss tacosaus (eller meir om du vil ha det sterkare)
  • 2-4 raspa gulrøtter (om du har, ellers kan desse sløyfast)
  • 4 dl ost
Hakk lauk, paprika og kvitlauk. Steik dette saman med kjøttdeigen. Ikkje steik alt med ein gong, men halvparten av kjøttdeigen og halvparten av grønsakene om gongen. Ha over i ei stor panna. Del opp tomatene i terningar og bland i. Hvis du skal ha gulrot i, har du den i no. Rør inn tacokrydder, tacosaus og rømme. Fordel fyllet i botnen. Dryss over ost og steik paien på 200°C midt i ovnen i 30-35 minutt, til osten er gyllen. Om du har paifunksjon på steikeomnen må du huska å skru ned temperaturen med 30-40°C. Sjekk alltid paien undervegs, plutseleg er osten blitt litt vel gyllen. Server med rømme og salat.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...