tirsdag 29. oktober 2013

Enkel lapskaus

Denne helga som var hadde eg jobbhelg. Sidan min kjære hadde planar om å reisa på jakt tenkte eg det var best å laga nok middag til at det var restar å varma opp att, samtidig som det måtte vera enkelt og greitt å både laga og raskt å varma opp att etter jobb. Tok ein tur i frysaren og der fant eg ein pose med lapskausblanding, så då blei det lapskaus. Vart ikkje noko bilete denne gongen, men de veit vel alle ca korleis lapskaus ser ut.

Til 3 liter treng du:
  • 1 pose lapskausblanding
  • 1,5 liter buljong
  • 5 kjøttpølser
  • 1/2 blomkål
  • 1/2 brokkoli
  • salt
  • pepar
Kok opp buljongen. Medan du ventar på at den skal koka deler du opp kjøttpølsa, blomkålen og brokkolien. Når buljongen kokar har du i lapskausblandinga, blomkål, brokkoli og kjøttpølsa. Lat det koka opp att. Lat det koka litt sånn at blomkålen og brokkolien blir litt møre. Smak til med salt og pepar. Så er supppa klar til servering. Enkelt og greitt!

søndag 20. oktober 2013

Formkaka med eple og blåbær

Nesten to veker sidan sist innlegg no. Det skuldast lite nytt på kjøkkenet og generelt liten inspirasjon til å finna nåko nytt å laga. Av og til kjem ein inn i periodar der ein ikkje har noko lyst til å laga mat, og i alle fall ikkje noko nytt. Heldigvis går det over! Denne oppskrifta har eg lånt frå Marias Salt og Søtt. Har teke vekk noko og tilsatt noko anna, men stort sett er oppskrifta den same. Eg har brukt epler frå bestemor sin hage og sjølvplukka blåbær frå Espelandsdalen, noko eg er skikkeleg fornøgd med sidan det ligg litt meir innsats og sjel i kaka enn det å gå på butikken for å få tak i det same som ein finn rett utanfor døra.
  • 125 g kaldt smør i terningar
  • 150 g kveitemjøl
  • 75 g sammalt kveite
  • 2 ts bakepulver
  • 175 g sukker
  • 2 egg
  • 2 epler, skrelt og delt i tynne skiver
  • ca 100 g blåbær (ferske eller frosne)
  • litt kanel
Forvarm steikeovnen til 180°C. Kle ei lita brødform, som held ca 1 liter, med bakepapir. Eller smør den med formfeitt om du heller vil det, men då blir det litt vanskeligare å få kaka ut av forma etterpå.
Sikt mjøl og bakepulver og bland det saman med smøret til det ser ut som brødsmular. Ha så i sukker,egg og kanel. Bland til du har ei tjukk og jamn røra. 
ha halvparten i brødforma og bre den jamt utover. Legg på halvparten av epleskivene og halvparten av blåbæra. Ha så resten av røra over og jamn til overflate så godt du klarar. Ha på resten av epleskivene og blåbæra. Steik midt i ovnen ca 1 time. Sjekk med kakepinne (spagetti) om kaka er ferdig. Heng det røra igjen så må kaka stå litt til. 
La kaka stå i forma 10-15 minuttar før du har den ut av forma. Server gjerne lunka med vaniljeis :)

tirsdag 8. oktober 2013

Eplemos

I tillegg til å laga Daimkjeks har eg i dag vore ut til bestemor å plukka nokon posar med epler. Den eine posen fekk svigermor, sidan eg umuleg klarar å bruka opp alt før dei blir dårlige, den andre behaldt eg sjølv. Bestemor gav meg nokon tips om kva eg kunne laga av eplene, ein av dei var eplemos. Virka enkelt nok, sjølv om eg har ein tendens til å ikkje ha tolmodigheit med ting som skal koka på låg varme, så eg gav det eit forsøk. Resultatet blei overraskande bra.
Du treng:
  • epler, helst norske
  • litt vatn
  • evt. kanel
Ha vatn i ei panna sånn at det akkurat dekkjer botn. Dette skal berre hinda eplene frå å setja seg fast i botn. Skrell så mykje epler som du vil laga eplemos av. Del dei så i fira og fjern kjernehuset. Ha eplebitane i panna og skru plata på låg varme. Ha lokk på panna og la det stå å koka til eplene har blitt til mos, enkelt og greit. Rør i panna av og til! Når eplene er blitt til mos kan ein tilsetja litt kanel om ein har lyst. Ha eplemosen over på reine glas. Skru lokket godt på og snu glasa på hovudet sånn at det er minst mogeleg luft i glaset. Lat dei stå sånn til eplemosen har kjølna. Oppbevar i kjøleskap eller frys ned til seinare.

Daimkjeks

I går fekk eg ein god del daimkuler av sjefen min på jobb, då me ikkje har bruk for dei meir. Allereie før eg var komen heim hadde eg minst ein plan for kva eg skulle bruka dei til, og sidan eg har ein del å bruka opp er det bra. Så de kan forventa ein del bakverk med daim utover hausten og vinteren. Første oppskrift ut blei daimkjeks. Desse er heilt fantastiske med god sjokoladesmak i sjølve kjeksdeigen og knas og karamellsmak frå Daim.
ca. 26 kjeks
  • 200 g smør
  • 150 g sukker
  • 50 g brunt sukker
  • 0.5 ts vaniljeessens
  • 1 stort egg
  • 225 g kveitemjøl
  • 2 ss kakao
  • ei klypa salt
  • 1 ts natron
  • 250 g Daimkuler
Forvarm steikeovnen til 180°C, bruk varmluft då du kan steika fleire brett samtidig på denne måten.
 Ha smør, sukker og vaniljeessens i ein stor bolle og rør det godt saman. Rør Så inn egget til røra er lett og luftig. Sikt mjøl, kakao, salt og natron over røra, og rør det inn. Vend inn daimkulene. Kle to steikeplater med bakepair. Bruk ts til å laga kuler av digen som du set på steikeplatene. Deigen vil flyta utover når du set steikeplatene i steikeovnen, så du må passa på å ikkje steja kulene for tett. Steik kjeksa i steikeovnen i 10-12 minuttar til dei er sprø på utsida, men framleis mjuke inni. Avkjøl kjeksa på steikeplatene i ca 2 minuttar før du legg dei på rist og lar dei avkjøla heilt. Oppbevar i ein lufttett boks.

fredag 4. oktober 2013

Nigella's Devil's Food Cake

heimesida til Nigella Lawson pågår det kvar månad ein konkurranse (cookalong) som går ut på å laga ei spesifikk oppskrift, ta bilde av det ferdige resultatet og lasta det opp på sida saman med ein kommentar til oppskrifta. Premien er ei oppskriftsbok etter eige val signert av Nigella. Denne månaden er oppskrifta Devil's Food Cake, ei oppskrift eg lenge har hatt lyst til å prøva meg på. Dette vart dermed ein ypparleg anledning til å gjera dette. Sidan det til tider kan bli litt vel mykje kaker og slikt her i heimen valde eg å halvera oppskrifta. Nedanfor får de altså det dobbelte av den oppskrifta eg laga til. Har òg bytta ut mørkebrunt muscovadosukker med vanleg brunt sukker og vaniljeekstrakt med vaniljesukker, dette eine og åleina fordi desse er enklare å få tak i. Har òg laga focaccia i dag, og begge deler blir med i babyshower i morgon.
Botn:
  • 50 g kakao (sikta)
  • 100 g brunt sukker
  • 2,5 dl kokande vatn
  • 125 g smør (helst usalta)
  • 150 g sukker
  • 225 g kveitemjøl
  • 0,5 ts bakepulver
  • 0,5 ts natron
  • 3 ts vaniljesukker (el. 2 ts dersom du brukar vaniljeekstrakt)
  • 2 store egg
Frosting:
  • 1,25 dl vatn
  • 30g brunt sukker
  • 175 g smør (helst usalta) i terningar
  • 300 g mørk kokesjokolade fint opphakka
Forvarm steikeovnen til 180°C. Kle 2 kakeformer à 20 cm med bakepapir og smør dei godt. Om du gjer som meg og halverar oppskrifta treng du berre ei form. Ha kakao og brunt sukker i ein bolle og slå over det kokande vatnet. Rør til det er godt blanda saman og set så tilsides. 
Visp smør og sukker kvitt. Blanda saman mjøl, bakepulver og natron.
Om du brukar vaniljeektrakt har du denne i smør- og sukkerblandinga no og blandar godt saman. Gjer du som meg, og brukar vaniljesukker har du det i mjølblandinga. 
Bland 1 egg i smør- og sukkerblandinga. Ha så i litt av mjølblandinga i bollen, før vispar inn det andre egget. Forsett å miksa til all mjølblandinga er blanda inn. Til slutt har du i kakaoblandinga som til laga til aller først. Fordel så røra i dei 2 kakeformene, eller ha alt i ein eine, alt etter som. Steik i 30 minuttar, eller til kakepinnen kjem ut rein. Lat botnane avkjøla i formene i 5-10 minuttar før du tek dei ut for å kjøla av heilt. 

Så snart botnane er ute av steikeovnen begynnar du med frostingen. Ha vatn, brunt sukker og smør i ei panna og la det smelta på låg varme. Når dette begynnar å bobla tek du panna av plata og har i sjokoladen. Sørg for at all sjokoladen før kontakt med smørblandinga. La den stå eit minutt før du vispar forstingen glatt og blank. 
La den stå 1 time. Rør i den no og då, f.eks. kvar gong du går forbi panna. Etter ein time vil kaka vera klar for frostingen. Har du to botnar set du den eine på eit kakefat og har på 1/3 av frostingen. Om du berre har ein botn deler du denne i to og gjer det same med eine halvdelen. Legg så den andre delen på toppen og ha på resten av frostingen på toppen og sidene. Hell frostingen midt på kaka og spre den forsiktig utover med ein slikkkepott el. La den renna nedover sidene. Pynt kaka etter smak og behag. 

torsdag 3. oktober 2013

Mud Hen Bars

Fant denne oppskrifta på denne amerikanske bloggen, og fekk lyst til å prøva meg på den. Dette er kjeksbotn med sjokolade, marshmallows og marengs. Fant ikkje noko betre namn enn orginalnamnet, så då blei dei heitande det. Barane blir litt klissete på grunn av marshmallowsen, og passar nok kanskje betre i barnebursdag enn kakeselskap, men som noko godt når ein er fysen passa dei heilt perfekt. Og aller best er dei når dei kjem rett frå kjøleskapet.
  • 120 g smør
  • 200 g sukker
  • 1 egg
  • 2 eggeplommer
  • 2 eggekvitar
  • 180 g kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 100 g sjokolade (hakka)
  • 130 g marshmallows (mini eller oppdelte store)
  • 130 g brunt sukker
Forvarm steikeovnen til 180°C. Rør smør og sukker kvitt. Visp inn det heile egget og to eggeplommer. Bland mjøl og bakepulver og ha det i bollen. Bland alt saman godt. Spre røra i ei smurt form (ca 23x33 cm). Strø over hakka sjokolade og marshmallows. Visp eggekvitane stive. Vend inn brunt sukker og spre over forma. Steik midt i ovnen i 40 minuttar. Når den er ferdig lar du den kjøla heilt ned før du deler den i firkantar. Hvis du klør i fingare etter å ta deg ein bit kan det kjølast raskare ned ved å setja forma i kjøleskapet eller frysaren. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...