fredag 31. januar 2014

Daimmuffins

Denne oppskrifta har eg gått å tenkt på sidan eg laga Daimkjeksa i oktober, og endeleg vart det noko av dei planane.
Rykande ferske rett frå ovnen...mmmmm!
6 store/12 medium muffins:
  • 100 g smør
  • 2 dl mjølk
  • 2 egg
  • 1.5 dl sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 4 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 klypa salt
  • 200 g Daim (kuler eller opphakka sjokolade)
Forvarm steikeovnen til 175°C om du lagar store muffins og 200°C om du lagar små. Smelt smør i ei gryta og ha mjølka i. Pisk egg, sukker og vaniljesukker til det er lyst og luftig. Visp så smørblandinga inn i eggedosisen. Bland mjøl, bakepulver og salt. Ha dette og Daim i bollen og bland alt saman godt. Steik midt i ovnen i 20 minuttar for store og 12-15 minuttar for små. 

onsdag 29. januar 2014

Smoothie med jordbær, banan og appelsin

Ein søt og frisk smoothie, som kun tek minuttar å laga til. Fin å laga til frokost eller som eit lite mellommåltid før trening eller når ein er litt svolten.
2 porsjonar
  • 4 dl appelsinjuice
  • 3 dl frossne jordbær
  • 1 banan

Ganske enkelt ha alt i ein blender eller mos med stavmiksar. Hell over i passande glas og ny med ein gong. Kan og stå kaldt i kjøleskap om ein ikkje drikk opp alt saman med ein gong. Uansett så smakar det kjempe godt. Bytt gjerne jordbæra ut med anna frossen frukt eller bær.

lørdag 25. januar 2014

Kanelbrød

Denne oppskrifta har eg hatt på lager veldig lenge, men har aldri komme så lang som til å faktisk laga den. Så i går då slo eg til med både kjøttkaker til middag til meg og min kjære og kanelbrød til kaffien heima hos svigers. Siste rest av brødet forsvant til frokost i dag, så ein kan jo sei at dette var ei veldig vellukka oppskrift.
  • 0.5 pakke tørrgjær
  • 2 ss sukker
  • 2.5 dl lunka vatn
  • 2 egg (+ 1 eggeplomme)
  • 0.25 dl rapsolja
  • ca 500 g kveitemjøl
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts kardemomme
Fyll:
  • smør
  • sukker
  • kanel
Visp sukker og gjær inn i vatnet og lat det stå ca 5 minuttar. I mellomtida vispar du saman egg (eggeplomma kan utelatast) og olja i ein bolle. Ha så gjæren i bollen og bland lett. Bland inn kveitemjøl, vaniljesukker og kardemomme. La det stå å heva på ein lun plass til deigen har blitt dobbelt så stor. 
Kjevl så ut deigen sånn at den blir mest mogeleg firkanta. Pass på at det er mjøl under, då det blir vanskeleg å få den av kjøkkenbenken ellers. Det gløymde nemleg eg. Pensle godt med smør og strø på sukker og kanel. Del så deigen vertikalr i 6 lika store delar. Less desse oppå kvarandre og del så i 5-6 lika store delar att. Legg desse så etter kvarandre i ei smurt brødform. La det etterheva i 20-30 minuttar. I mellomtida let du steikeovnen forvarma til 180°C. Når brødet er ferdigheva steikjer du det midt i ovnen i 20-25 minuttar. La det avkjøla litt i forma før du tek det utav. Pynt med melis medan kanelbrødet forsatt er litt lunka. 

Om du treng litt betre forklaring på korleis ein skal dela den utkjevla deigen har eg nokon enkle illistrasjonar her:

lørdag 18. januar 2014

Müslibar

Müslibarar er kjempe fine å ha dersom ein kjenner seg litt småsvolten mellom lunsj og middag, eller som ein liten energiboost når ein er ute på tur i skog og mark. Mange oppskrifter inneheld sjokolade, det gjer ikkje denne, men om ein absolutt vil ha sjokolade i er det ingenting i vegen for å byta ut litt av dei andre tørre ingrediensane med litt sjokolade.

  • 3 dl müsliblanding
  • 4 ts sukker
  • 1 egg
  • 1 eggekvite
  • 6 ss peanøttsmør
  • 30 g linfrø
Forvarm steikeovnen til 160°C. Ha müsliblanding, sukker, egg, eggekvite, peanøttsmør og linfrø i ein bolle. Bland alt saman godt så fort du kan. Lag den størrelsen på müslibarane som du sjølv ynskjer, pass berre på at dei får nokolunde same størrelse sånn at dei steikjer likt. Trykkk dei godt saman på ei steikeplata og steik dei midt i ovnen i ca. 20 minuttar. 

tirsdag 14. januar 2014

Hot kyllingsuppa med, potet, paprika og gulrot

Med oppskrift nr. 2 i dag er eg offisielt i gong med bloggåret 2014. Kyllingsuppa er ei slags alt-i-eitt-suppa der du kan putta i kva som helst. Inspirasjonen til denne fekk eg frå TRINEs MATBLOGG. Sånn som eg har laga den er det lett å variera kor hot ein vil ha suppa med å variera mengda av blant anna chili, red curry paste og sambal olek. Suppa passar godt no når det er meldt minusgrader og vind, då den varmar heilt inn til ryggmargen.
4-6 porsjonar:
  • 3 kyllingfiletar, i terningar
  • 4 poteter, i treningar
  • 3 gulrøtter, i skiver
  • 2 lauk, i terningar
  • 2 raude paprika, i terningar
  • 3-4 fedd kvitlauk, finhakka
  • 0.25-0.5 raud chili, finhakka
  • 1 ts paprikapulver
  • 1.5 ss tomatpuré
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 0.5-1 ts red curry paste (kan sløyfast)
  • 0.5-1 ts sambal olek (kan sløyfast)
  • 3 vårlauk, hakka
  • 5 dl kylling- eller hønsebuljong
  • salt og pepar
  • rømme eller creme fraiche
Fres poteter, gulrøtter, lauk, paprika, chili og kvitlauk litt i matolja, til lauken er mjuk og blank. Bruk ei gryta med litt plass. Tilsett paprikapulver og tomarpurè og la da fresa litt saman med grønsakene. Ha i buljong, hermetiske tomater, vårlauk og evt. red curry paste og sambal olek. La detta koka på medium til høg varme i ca 10-15 minuttar, til potetene og gulrøttene er møre. Rør av og til.
Medan suppa kokar steiker du kyllingen. Smak til med salt og pepar. Ha kyllingen i gryta når potetene og gulrøttene nesten er ferdige. Smak til med salt, pepar og paprikapulver om du føler gryta treng det. Serverast med ein gong med ein god klatt rømme og godt brød til.

Grove scones

Etter ei jul med alt for mykje god mat er det lett å bli matlei og ty til raske løysingar, som posesupper og posegryter. Og ein har no i alle fall ikkje lyst til å baka noko søtt. Ok, det er vel ikkje heilt sant, ein har lyst til å baka, men helst ikkje eta så veldig mykje av det ferdige produktet. Eg, som mange andre, strødde på vekta etter romjula og fekk ei merkeleg lyst til å eta ekstremt magert og sunt, samt å trena veldig mykje. Noko som forklarar den litt ufrivillige bloggpausen her på Kjøkkenet med det rare i. Men no er eg tilbake og klar til å gi dykk gode, enkle og kanskje litt annerledes oppskrifter gjennom heile 2014.
Eg begynnar med grove scones. Desse sconsa liknar litt på nokon eg har laga på bloggen før, men desse inneheld i tilleg til grovt mjøl og magert feitt, frø som gjer godt for kroppen (og kanskje sjel òg).
Til 4 scones treng du:

  • 2 dl kveitemjøl
  • 1 dl sammalt rug, grovt
  • 1 ss linfrø
  • 2 ss gresskarfrø, hakka
  • 1 ss solsikkefrø, hakka
  • 2 ts bakepulver
  • 0.5 ts salt
  • 50 g smør
  • 250 g (1 beger) cottage cheese
Sett steikeovnen til 250°C. Bland mjøl, frø, bakepulver og salt i ein bolle. Skjær smøret i bitar og kna det saman med blandinga i bollen til det er jamnt fordelt. Tilsett cottage cheese og kna det heile raskt saman til ein deig. Del deigen så i 4 delar og form dei til bollar. Ha dei på ei bakepapirkledt steikeplata og trykk dei flate. Steik midt i ovnen i ca 10 minuttar. Avkjøl på rist.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...