Hadde ingen idè om kva eg skulle laga til middag i dag, så eg byrja sjå gjennom alle dei oppskriftshefta eg har samla for å sjå om eg fant noko eg kunne tenkja meg å laga. I og med at eg allereie hadde teke opp ein karbonadedeig, var eg mest på utkikk etter ei oppskrift der eg kunne bruka denne. I ei av hefta frå Rema 1000 fant eg denne oppskrifta og tenkte at dette kunne vera verdt å prøva. Eg tok i midlertid å gjorde nokon få justeringar frå orginaloppskrifta. Eg bytta ut 500 g kjøttkakedeig med 400 g karbonadedeig, minska mengda pasta frå 500 g til 350 g og hadde i gulrøtter i staden. Som de ser så står det kanel i oppskrifta. Eg var litt skeptisk til akkurat dette, men eg lovar, det smakar ikkje kanelbollar av middagen ;)
Til 4-6 porsjonar treng du:
- 2 laukar
- olivenolja
- 2 boksar hakka tomater
- 2 små laubærblad
- 400 g karbonadedeig
- 350 g frosne erter
- 5 små gulrøtter i bitar (ca 180 g)
- 1-2 ts kanel (evt. muskat)
- 1 ss sukker
- salt og pepar
- 350 g penne
- reven ost
Finhakk den eine lauken og fres i litt olivenolja til den er gylden. Tilsett dei hermetiske tomatene og laubærblada. La sausen småkoka i 15-30 minuttar.
Finhakk den andre lauken og fres den òg i olivenolja. Skru opp varmen og tilsett karbonadedeigen. Steik i 3 minuttar. Tilsett så erter, gulrøtter og kanel.
Bland tomatsausen med den steikte karbonadedeigen. Ta ut laubærblada og la det småkoka i minst 30 minuttar. Smak til med salt, pepar og sukker.
Medan raguen kokar, kokar du penne. La den koka 2 minuttar kortare enn det som står på pakken. Bruk rikeleg med lettsalta vatn. Ta vare på noko av kokevatnet og spe i raguen for å få meir kraft. Bland penne med raguen og la pastaen koka ferdig i sausen før servering. Server med litt reven ost. I oppskrifta stod det parmesan, men her i huset nøyer me oss med vanleg kvitost. Ha gjerne litt salat attåt òg.