Viser innlegg med etiketten Salat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Salat. Vis alle innlegg

tirsdag 20. mai 2014

Baconsurra indrefilet av svin med mojosaus

Då var det endeleg tid for ny oppskrift her! Har ikkje vore store aktiviteten her inne den siste 1,5 mnd, men eg har ikkje gløymt bloggen. Hadde f.eks planar om ei ny muffins-oppskrift til 17. mai, men kom i tidsklemma, så det blei berre laga den same potetsalaten som i fjor. I dag fekk me middagsgjest her i hus, og sidan eg har hatt fri heile dagen tok eg lika greit å diska opp med noko skikkeleg lekkert, nemleg baconsurra indrefilet med mojosaus (soppsaus for den som ikkje likar sterkt), potetbåtar og salat. Soppsausen blei frå Toro denne gongen sidan dei blei meir enn nok å laga til, men eg hadde i litt sopp som var steik i same steikepanna som indrefileten, for å gi sausen litt meir smak.
Nok til 3 personar:

  • Indrefilet av svin (ca 400 g)
  • Nok bacon til å dekkja indrefileten
  • 10 store poteter
  • Olivenolja
  • Krydder
Forvarm steikeovnen til 220°C. Vask potetene og del dei på langs. Ha dei i ein bolle saman med olivenolja og krydder. Bland saman. Legg potetbåtane med skinnsida ned på steikebrett. Sett midt i ovnen. Potetbåtane skal stå i 30-40 minuttar.
Rull bacon rund indrefileten sånn at det dekkjer den heilt. Brun inderfileten i ei varm steikepanna til baconet er gyllent over det heila. Sett eit steiketermometer i indrefileten og legg den i steikeovnen saman med potetbåtane. Steik til kjernetemperaturen er 75°C. Poteter og filet bør vera ferdig samtidig om det blir gjort i denne rekkjefølgja. Husk at indrefileten må kvila 10 minuttar før du skjer i den. 

Mild raud mojosaus:
  • 1 fedd kvittlauk
  • 1 heil raud chili 
  • 0.5 raud paprika (bytt denne ut med ein til chili om du vil ha sterkare saus)
  • 1 ts spisskummin
  • 1 ts paprikapulver
  • 3-4 ss eddik
  • 1.5-2 dl olivenolja
  • salt
Ha alle ingerdiensane (utanom salt) i ein liten hurtikmiksar og la den gå ei stund. Smak så til med salt. Om du synst sausen blir for tjukk eller sterk vispar du inn litt vatn. Sett sausen i kjøleskap om det er ei stund til den skal serverast.

Salat:
  • Isbergsalat
  • Ruccola
  • Raspa gulrot
  • Paprika
  • Agurk
  • Avocado
  • 1 glas fetaost
Lag salaten medan indrefileten kviler seg, og så er det berre til å nyta eit betre måltid :)

fredag 12. juli 2013

Kylling- og fetasalat

Eg er ein stor forkjempar av å ikkje kasta noko mat, så eg prøver å bruka opp restar som best eg kan. I dag resulterte det i denne enkle salaten, sidan me hadde salat igjen frå middag før i veka.
Du treng:

  • Isbergsalat
  • agurk
  • paprika
  • raspa gulrot
  • Apetina fetasnack med soltørka tomater
  • Kyllingskinka
Dette er så enkelt at det ikkje treng nokon forklaring på korleis det skal lagast. Eit lite tips er å bruka olja som er med fetaosten for smak :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...