torsdag 28. november 2013

Brysselkjeks

Brysselkjeks eg tørre kjeks med ein mild smak av vanilje. For meg er dette julekaker, då det blant anna var desse me fekk servert hos mormor rundt juletider. Difor blir desse òg laga her i huset no når det nærmar seg advent og jul med stormskritt! Kjeksa inneheld berre 4 ingrediensar og er superenkle å laga. 
  • 4.5-5 dl kveitemjøl
  • 1 dl sukker
  • 2 ts vaniljesukker
  • 200 g smør el. margarin
I oppskrifta står det att ein skal hakka saman alle ingrediensane, noko som sikkert er mogeleg om ein har kjøkkenmasking. Eg pleier berre å kna dei saman i ein bolle, på same måte som eg ville gjort med ein paideig. Her får ein i grunn finna ut kva måte som høver best for ein sjølv. 
Det ser først ut som om deigen ikkje vil samla seg, og ein kan bli frista til å ha i vatn eller mjølk, men ikkje gjer det, gi den tid i staden. 
Når du har fått samla alt til ein deig formar du den til rullar på ca 4 cm i diameter. Sett rullane kjølig ei stund. 30 minuttar held nok, men har du andre ting du skulle ha gjort, som jo ofta er tilfelle rundt desse tider, så kan dei godt liggja lenger.
Forvarm steikeovnen til 175°C. Skjær rullane i skiver, og legg dei på bakepapir. Steik dei midt i ovnen i ca 10 minuttar. Dei skal fordsatt vera kvite når dei kjem ut av ovnen. Så er det berre til å la dei avkjøla før du har dei i ein lufttett boks.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...