Viser innlegg med etiketten Sjokolade. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sjokolade. Vis alle innlegg

lørdag 24. januar 2015

Brødpudding med sjokolade

Dette er ein heilt fantastisk måte å bruka opp gammal loff. Servert lunka med vaniljeis til kan ein nesten ikkje tru at desserten er laga av tørt brød. Heilt fantastisk!

  • 1 l loff  i terningar(ca 1/2 loff)
  • 100-200 g kokesjokolade
  • 5 dl H-mjølk
  • 3 egg
  • 1 eggeplomma
  • 1 dl sukker
  • kanel
Smør ei brødform som rommar 1.5 l og ha eit stykke bakepapir i botnen. Dette klarte eg å gløyma, men det gjekk fint sidan mi brødform er non-stick, heldigvis! 
Hakk sjokoladen i små bitar. Mengda av sjokolade bestemm du sjølv etter kor glad du er i sjokolade. Eg er veldig glad i sjokolade så eg brukte 200g.
 Legg loff og sjokolade lagvis i brødforma. Pisk så saman mjølk, egg, eggeplomma og sukker. Hell blandinga over loffen. La det heila stå å trekka i ca 30 minuttar. Væska vil då ha trukke ein del inn i loffen, men det skal forsatt vera litt av eggeblandinga igjen i forma. Om den verka litt tørr helller du over litt meir mjølk. Dryss over litt kanel til slutt.
Steik midt i ovnen ved 175°C i 45 minuttar. Server gjerne med vaniljeis eller vaniljesaus.

mandag 15. desember 2014

Sjokoladepepperkaker

Desse laga eg for første gong for mange år sidan. Dette er pepperkaker etter min smak: med sjokolade. Oppskrifta er lånt frå Mat på bordet, men eg har endra litt på den.
ca. 30 peppekaker:
  • 200 g kokesjokolade, hakka
  • 275 g kveitemjøl
  • 1.25 ts ingefær
  • 1 ts kanel
  • 0.25 ts nellik
  • 0.25 ts muskat
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ss kakao
  • 200 g brunt sukker
  • 0.5 beger (250 g) lys sirup 
Bland saman alle dei tørre ingrediensane: mjøl, ingefær, kanel, nellik, muskat, bakepuulver og kakao. Visp saman smør og brunt sukker til alt er blanda. Tilset sirup og miks det godt saman.
Sikt i dei tørre ingrediensane og bland godt. Ha så i den hakka sjokoladen og kna den inn med hendene. 
Ha deigen ut på plastfolie og trykk den ut til ei plata som er 2-3 cm tjukk. Pakk plastfolien godt rundt og legg til kjøling eit par timar, gjerne over natta.

Når deigen har avkjølt seg nok trillar du den ut til kulen på 2-3 cm i diameter. Sett desse på ei bakepapirkledt steikeplata med 5 cm avstand mellom dei. Kjøl i 10 min. Varm ovnen til 170°C. Steik så pepperkanene midt i ovnen til overflata sprekk noko, ca 10-14 minuttar. Avkjøl i ca.. 5 minuttar på steikebrettet før du har dei over til vidare avkjøling på rist. Oppbevar tørt og i ein tett kakeboks. 

torsdag 9. oktober 2014

Peanut Butter-Chocolate Chip Bars

Denne oppskrifta har eg frå "Betty Crocker's baking classics" frå 1979 som eg kjøpte på Fretex for mange år sidan. I denne boka er det mange fristelsar, men dette er den første opppskrifta frå denne boka eg prøver, sidan ein må ta seg tid til å omgjera frå imperialt system til metrisk. Ut i frå resultatet ser det ut som eg må prøva meg på fleire av oppskriftene, for denne var avhengighetsdannande, rett og slett. Det er nesten ingenting som slå kombinasjonen av sjokolade og peanøtter.
Til ei lita langpanna/firkanta form (ca 33x23 cm) treng du:

  • 1.2 dl sukker
  • 0.8 dl brunt sukker
  • 60 g smør, romtemperert
  • 0.8 dl peanøttsmør
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 egg
  • 2 ss vatn
  • 3 dl kveitemjøl
  • 0.5 ts natron
  • 0.5 ts salt
  • 1.5 dl peanøtter
  • 200 g sjokolade
Forvarm ovnen til 190°C. Smør forma. Bland sukker, brunt sukker, smør, peanøttsmør og vaniljesukker. Mix inn egg og vatn. Bland mjøl, natron og salt. Sikt dette i røra og bland godt. Hakk peanøtter og sjokolade i passande bitar og bland desse i røra. Steik midt i ovnen i 22 til 25 minuttar, til gyldenbrun. Lat kjøla i forma før du deler opp i bitar.

mandag 14. april 2014

Banana chocolate chips muffins

Har kjem endå ei oppskrift med sjokolade og banan. Eg veit det begynnar å bli ein del, men eg elskar smakskombinasjonen og det faktum at bananene gjer bakverket søtare utan å tilføra noko sukker (utanom fruktsukker då). Desse muffinasane blei laga i forbindelse med bursdagselskapet til ein av mine søstre sist torsdag.  Glasuren på muffinsane er ikkje heimalaga denne gongen, men frå ein Toro pose. Av og til må ein juksa litt når ein har dårleg tid. Til opplysing så var den kjempe god, så eg ser ikkje vekk i frå at den kanskje blir brukt ved ein annan anledning. Pynten på toppen er bamsekjeks eg fanti i kjekshylla på butikken. Min kjære nevø, som er ganske kresen i matvegen, åt opp ein heil muffins og det ser eg på som eit meir enn godkjent stempel ;)
Til ca 20 muffins treng du:

  • 150 g smør
  • 2 dl rømme
  • 2 egg
  • 1.5 dl sukker
  • 3 dl mjøl
  • 1 dl kakao
  • 2 ts bakepulver
  • litt salt
  • 3 modne bananer, moste
  • 200 g sjokolade, grovt hakka
Forvarm ovnen til 175°C. Smelt smør og ha i rømme. Pisk egg, sukker og vaniljesukker til luftig eggedosis. Rør smørblandinga raskt inn i eggedosisen. Bland så mjøl, kakao, bakepulver og salt. Ha i bollen med resten og bland godt. ha så i dei moste bananene og bland godt igjen. Til slutt vender du inn den hakka sjokoladen. Ha røra i muffinsformer og full dei 2/3 fulle. Steik midt i ovnen i 12-15 minuttar.
Pynt etter smak og behag, eller et dei som dei er ;)


torsdag 13. mars 2014

Brownies- og oreo(bursdags)muffins

I dag fyller verdas beste vetlesyster heile 20 år, så da synst eg det var på sin plass å laga ein muffins med rikeleg med sjokolade i. Ho eg tross alt lika (om ikkje meir) glad i sjokolade som det eg er, og det seier jo litt ;) Ser at det er den same kakepynten som går igjen på veldig mange av kakene og muffinsane eg har laga, så kanskje det er på tide å investera i litt ny kakepynt etterkvart :P
Til 12 muffins treng du:

  • 130 g smør
  • 1.25 dl brunt sukker
  • 2 egg
  • 2.5 dl kveitemjøl
  • 1/2 ts natron
  • 4 ss kakao
  • 1.25 dl rømme
  • 1 pakke Oreokjeks
  • 200 g valgfri sjokolade (eg brukte mjølkesjokolade med M)
Sett steikeovnen på 180°C. Visp smør og sukker godt saman. Ha i egg. Bland alt det tørra og bland alt godt saman. Til slutt har du i rømmen. Legg ein Oreokjeks i kvar muffinsform og dekk denne med røra. Det er ikkje så nøye om du får røra godt nedi forma for dette vil smelta nedi når du set dei i steikeovnen. Steik midt i ovnen i 17-20 minuttar. Eg sjekka med ein spagetti om dei var ferdige annakvart minutt frå dei hadde stått inni i 16 minuttar, berre for å vera sikker. Når muffinsane er ferdige let du dei avkjøla heilt. Smelt så sjokoladen i vassbad og har den over muffinsane og strø over kakepynt.

lørdag 21. desember 2013

Mandelkonfekt

Mandelkonfekt er super enkelt og raskt å laga, og så smakar det veldig godt. Forrige veka prøvde eg meg på brente mandlar, men fekk det ikkje heil til då dei ikkje blei sikkeleg brente, så det blei heller kandisertemandlar. Desse brukte eg her. Du kan sjølvsagt bruka vanlege mandlar, eller ein annan type nøtt for den slags skyld, men sidan det er jul passar brente mandlar utruleg godt. Som med pikekyss med bringebærsmak, er dette noko som ein kan ha i bakhand om ein plutseleg får bruk for ei ekstra julegåve.
Du treng:

  • brente mandlar
  • mørk + lys kokesjokolade
  • silikonformer
Mengda av mandlar og sjokolade kjem ann på kor mykje du vil laga. Eg bruke 100 g mørk kokesjokolade og 100 g lys kokesjokolade blanda saman. Hakk opp mandlane og ha dei i silikonformene. Smelt sjokoladen over vassbad. Pass på at det ikkje kjem noko vatn i sjokoladen. Ha så sjokoladen over mandlane i formene og lat dei stå i kjøleskap til det har stivna.
Eg brukte desse formene kjøpt på Europris for ein slikk og inegnting

tirsdag 5. november 2013

Sjokolademokka

No når hausten er komt for fullt er det godt å sitta inne og kosa seg med noko varmt i koppen. Kaffi og te er fint, men av og til vil ein ha noko ekstra godt. Då er sjokolademokka tingen! Dette er ei blanding mellom kaffi og kakao, og smakar heilt nydelig!
Til 4 vanlege kaffikoppar eller 2-3 av dei du ser på bilete treng du:
  • 0.5 dl sukker
  • 0.5 dl kakao
  • 3 dl kokande vatn
  • 3 dl kaffi, strek og nytrakta
  • 3 dl kaffifløyte
  • 0.5 krm salt
Bland sukker og kakao i ein kjele. Hell over litt av det kokande vatnet og rør til sukker og kakao er heilt blanda ut. Ha så over resten av vatnet, kaffien, fløyten og salt. Gi eit raskt oppkok medan du rører kraftig. Server med ein gong og gjerne med ein kremdott. Det hadde ikkje eg, så då blei det ikkje det denne gongen. Eg trur òg at sjokolademokkane kunne vore god med ein skvett baileys i, så når det passar seg litt meir sånn skal dette prøvast ut ;)

fredag 27. september 2013

Havremuffins med sjokoladebitar

Laga for ei stund tilbake havremuffins med plommer. Desse var ikkje akkurat nokon stor suksess, sjølv om småfuglane som fekk dei vil sei noko anna. Problemet var plommene, for havremuffinsen i seg sjølv var i grunn ganske god, så eg tenkte kvifor ikkje prøva å ha sjokolade i i staden. For kva blir ikkje bra med sjokolade? På dei siste 5 muffisane hadde eg dessutan ei teskjei med peanøttsmør på kvar. Var i grunn ikkje så dumt det ;)
  • 130 g smør
  • 2 egg
  • 2,5 dl sukker
  • 2,5 dl kulturmjølk
  • 3,5 dl havregryn (små)
  • 2,5 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 100 g mørk sjokolade
  • (peanøttsmør)
Forvarm steikeovnen til 180°C. Smelt og avkjøl smør. Pisk egg og sukker til eggedosis. Rør inn smør og kulturmjølk. Bland havregryn, mjøl og bakepulver. Rør dette inn i. Hakk sjokoladen i passelege bitar og vend den inn i røra. Fyll formene 2/3 og steik midt i ovnen i ca 20 minuttar. Dei er ganske mjuke når dei kjem ut av ovnen, så lat dei avkjøla litt før du tek ein smaksprøve ;)

fredag 20. september 2013

Himmelske sjokolademuffins

Av og til finn eg oppskrifter som blir sitjande i hovudet på meg heilt til eg får laga dei. Dette er ein av dei oppskriftene. Ikkje fordi den er så fryktelig spesiell, men fordi den inneheld kaffi, som eg nyleg har lært meg å laga, men ikkje lika. Oppskrifta til sjølve muffinsen er lånt frå Passion 4 vintage, forstingen er den same som på desse muffinsane.
Til 18 muffins treng du:
  • 2,5 dl varm kaffi
  • 60 g kakao
  • 1,5 dl olja
  • 290 g sukker
  • 2 eggeplommer
  • 2 egg
  • 1 ts vaniljeekstrakt/vaniljesukker
  • 200 g mjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts natron
Forvarm steikeovnen til 175°C. Bland kakaoen i varm kaffi. Bland så sukker, mjøl, bakepulver og natron i ein bolle. Ha i egg, eggeplommer, vaniljeekstrakt, olja og kaffi med kakao. Miks detta saman til ei glatt røra. Fyll mffinsformene 2/3 fulle. Steik midt i ovnen i ca 20 minuttar. La muffinsane bli heilt kalde før du har på frostingen. Om du ikkj vil ha frosting så smakar dei lika godt utan :)

lørdag 7. september 2013

Mørdeigskaka med sjokoladebitar

fridag for meg betyr som regel bakedag, og i dag er intet unntak. Etter litt fram og tilbake om eg faktisk skulle ta å baka i dag òg, kom eg fram til at "Jo, det skal eg". Så eg forsett på kokebok-prosjektet mitt og lagar ei oppskrift eg har funne i ein av kokebøkene mine. I dag bladde eg tilfeldig opp på ei side i "Sjokolade" og fant denne oppskrifta. Sidan det var bruk for så få ingrediensar synst eg denne var ein god idè å laga sidan eg eigentleg ikkje orka noko som tok lang tid eller kravde mange ingrediensar.
  • 115 g smør
  • 115 g kveitemjøl (eg blingsa litt og brukte 155 g, men det fungerte det òg sjølv om kaka kanskje ikkje blei så saftig som den skulle ha blitt)
  • 55 g maizena
  • 55 g sukker
  • 65 g sjokolade (i boka stod det 40 g, men det er jo alt for lite :P )
Forvarm steikeovnen til 160°C. Smør ei lita form. I boka stod det 23 cm paiform med laus botn, men sidan eg ikkje har det så blei det ei 20x20cm firkanta form. Ta det du har i kjøkkenskapet.
Sikt mjøl og maizena i ein bolle. Rør inn sukkeret. Tilsett smør i terningar, og smuldre det inn til blandinga begynnar å binda seg.
Ha deigen i den smurte forma og klem den jamt ned. Prikk overflata med gaffel. Dette klarte eg òg å blingsa på, så ein skulle jo tru eg aldri har lest ei oppskrift før, men det gjekk fint likavel. 
Hakk sjokoladen i bitar og dryss den over deigen. Klem den lett ned.
Steik kaka i steikeovnen i 35-40 minuttar til den er steikt, men ikkje brun. Skjær den i passelege bitar med ein skarp kniv. Avkjøl stykkene i forma i 10 minuttar. Legg dei så på rist, og avkjøl dei heilt...om du klarar å venta då!

mandag 26. august 2013

Sjokoladevafler

Kven seier at ein ikkje kan kosa seg på ein heilt vanleg måndag? Ikkje eg i alle fall, så i dag small eg til med sjokoladevafler. Har lenge hatt lyst til å prøva denne oppskrifta frå Tine, men det har liksom aldri blitt tid til det...heilt til no! Gjor ein liten vri og hadde i litt finhakka kokesjokolade for å få ekstra sjokoladesmak. Huskar eg prøvde meg på sjokoladevafler ein gong då eg va liten, men utan mykje hell. Desse deriomot blei eg ganske så fornøgd med. Dei er nesten litt som brownies i vafelform, men ikkje heilt. God og kraftig sjokoladesmak er det i alle fall på dei.
  • 4 dl mjølk
  • 2 egg
  • 2,5 dl kveitemjøl
  • 0,5 dl kakao
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 3 ss sukker
  • 0,5 ts salt
  • 50 g smør (smelta)
  • 50 g kokesjokolade
Visp egga og tilsett mjølk. Bland dei tørre ingrediensane og rør dei inn i egge- og mjølkeblandinga saman med smelta smør. Kvern sjokoalden til fint pulver og ha den i røra. La vafelrøra stå og svella i 15 minuttar. Steik vaflene i varmt vafeljern og server dei nysteikte med is, krem eller vaniljekesam, og friske bær om du har.

onsdag 21. august 2013

Ripsmuffins med kvit sjokoladeganach

Idèen til denne oppskrifta fekk eg då eg stod med hovudet inni ripsbusken og plukka rips. Rips er jo som de veit syrleg, og kvit sjokolade kan vera kvalmande søt om den blir eten åleina, så då vil jo desse jamna kvarandre ut, tenkte eg. I denne muffinsen er det kvit sjokoalde både inni og som sjokoladeganach på toppen.
Til 16 muffins treng du:
  • 2 egg
  • 2 dl sukker
  • 100g smør
  • 4 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1,5 dl mjølk
  • rips
  • 100 g kvit sjokolade
Sett steikeovnen på 180°C. Smelt margarin og la det avkjøla litt. I mellomtida piskar du egg og sukker til eggedosis. Bland alle dei tørre ingrediensane, og tilsett desse vekselvis med mjølk og smelta smør. Hakk opp sjokoladen og vend den inn i røra for hand. Fyll opp muffinsformene 2/3. Strø så over rips, så mykje som du vil ha og dytt dei litt ned i røra. Det er ein fordel om du har eit muffinsbrett, då er du garantert at muffinsane ikkje vil flyta utover. Hvis du ikkje har det er det lurt å bruka to former til kvar muffins. Steik i ca. 20 minuttar.

Kvit sjokolade ganach:
  • 100 g kvit sjokolade
  • 1/2 dl fløyte
  • 1 ss smør
Kok opp fløyten og ta den av plata. Knekk opp sjokoladen i bitar og rør den inn i fløyten. Rør så inn romtemperert smør. La den stå til den har fått romtemperatur. Ha den så i kjøleskapet i ca 30 minuttar. På mine muffins tok eg å pensla ganachen på, sidan eg synst det blei så grisete å bruka sprøytepose. Her er det smak og behag som avgjer korleis deu gjer det, men spørytar du på må du nesten rekna med å laga dobbel prosjon med ganach. Uansett så endar du opp med ein god og litt annerledes muffins.

lørdag 30. mars 2013

Smashkaka

Har lenge hatt planar om å laga denne kaka sidan Endre har hatt ein stor pose med Smash liggande i ein skuff i aldri så lang tid, og no endelig i påsken fekk eg sumla meg til å gjera det. og det var ikkje bortkasta for å sei det sånn! Kaka er mektig, men jaggu meg blei 3/4 av den vekke då 5 personar satt seg ned for å eta. Oppskrifta fant eg på My Litte Kitchen.
Kakebotnar:

  • 5 eggekvitar
  • 4 dl sukker
  • 75 g Ritzkjeks 
  • 125 g Smash
Ha Smash og Ritz i ein plastpose og knus dei med ein kjevle el. Skill egga og sett eggeplommene til side. Pisk eggekvitane stive. Ha så i sukkeret og pisk til stiv marengs. Vend inn Smash og Ritz for hand. Ha bakepapir i to lika store kakeformer og spray dei med formfett. Har du ikkje to like kakeformer kan du steika botnane i to omgongar, sånn som eg gjor. Det går òg ann å laga det i langpanna. Eg brukte ei 26 cm springform. Hell halvparten av marengsen i forma. Steik ved 175°C i 20-25 minuttar. Avkjøl botnane før du tek dei ut av forma.

Sjokoladeglasur:
  • 4 eggeplommer
  • 3 ss sukker
  • 60 g smør
  • 200 g kokesjokolade
Smelt smøret. Tilsett så sjokoladen som du har delt opp i bitar og smelt på svak varme. Pass på at det ikkje svir seg. Når all sjokoladen er smelta tek du panna av plata og tilset sukker og eggeplommer. Visp kraftig til du får ein jamn sjokoladekrem. Avkjøl litt. Smør sjokoladekremen på toppen av kvar kakebotn. Sett botnane kaldt. I orginaloppskrifta stod det 1 time i kjøleskap, men sidan eg ikkje hadde plass satte eg dei i frysen. Det fungerte lika godt det. Legg ein av kakebotnane på eit kakefat. 

Fyll:
  • 5 dl vaniljekrem
  • 50-75 g Smash
Fordel vaniljekremen utover botnen. Ha så på knust grovhakka Smash. Legg den andre kakebotnen oppå.

Pynt:
  • 3 dl kremfløyte
  • litt sukker
  • 50-75 g Smash
Pisk kremfløyten og sukkeret til krem. Ha kremen på toppen av kaka. Strø så til slutt over meir grovhakka Smash. Og då er kaka ferdig! Ha den i kjøleskap fram til servering. Den smakar aller best same dagen, men eg smakte på den i dag òg, og den var no omtrent lika god, berre litt seigare ;)

onsdag 20. mars 2013

Bananbitar med kanelostekrem

Her kjem ei oppskrift som eg allereie har posta på den gamle bloggen min, men tenkte det kunne vera ein god idè å ha alle oppskriftene på ein blogg. Så no framover kjem det nok til å komma blogginnlegg ganske tett, ikkje forvent det skal vera sånn heile tida. Så over til sjølve kaka. Laga den som bursdagskaka til Mette i april i fjor, og den var ein stor suksess. Sonen hennar fekk trillrunde auge då han putta første biten i munnen, eg fekk til og med ein klem. Eg tek det som at kaka var meir enn godkjend. Oppskrifta er ei noko modifisert versjon av oppskrifta Bananbiter med ostekrem frå Det søte liv.

Kaka:
50 g smør
2 små bananer, helst godt modne
1 egg
1,5 dl sukker
2 ss mjølk
2,5 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
1 ts bakepulver
75-100 g sjokolade

Ostekrem:
125 g kremost naturell
50 g smør
200 g melis
2 ts vaniljesukker
Kanel etter smak

Pynt: Minde sjokolade Corn

Smelt og avkjøl smøret. Pisk saman egg og sukker. Mos bananene (bruk gjerne stavmiksar) og bland i eggedosisen saman med avkjølt smør og mjølk. Sikt i det tørra. Rør deigen godt saman. Hakk opp sjokolade og rør den inn i deigen for hand.

Fordel deigen i ei lita langpanna (ca. 20x30 cm). Steik kaka på nedste rilla i ovnen på 175 grader i ca. 20 min. Avkjøl kaka i forma. Kvelv kaka ut av forma.

Pisk saman ingrediensane til ostekremen. Bruk mjukt smør sånn at du ikkje får smørklumpar i glasuren. Ha ostekremen over kaka når den er heilt avkjøt. Skjær opp i små firkantar og ha på pynt.


Sidan sjokolade ikkje eigentleg er ein del av oppskrifta blir kaka ein smule klissete, men min filosofi er at det aldri er feil med sjokolade uansett!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...