Viser innlegg med etiketten Muffins. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Muffins. Vis alle innlegg

tirsdag 2. september 2014

Miniostekaker med bær

Desse ostekakene har ein søt smak av bringebær saman med den litt syrlege smaken av skogsbær. Dessutan er dei veldig enkle å laga og tek mykje mindre tid enn ei stor ostekaka.
Gir ca 8 miniostekaker:

  • 9 Ballerina Jordbærkyss
  • 45 g smør
  • 300 g kremost
  • 1 ss kveitemjøl
  • 90 g melis
  • 1 ts bringebæressens (kan utelatast eller byttast ut med vanilje-eller mandelessens)
  • 1 egg
  • 3 ss rømme
  • raud konditorfarge (kan utelatast)
  • frossne skogsbær
Forvarm steikeovnen til 180°C. Knus kjeksene anten i ein miksar eller ha dei i ein brødpose og slå dei til smular med ein kjevle. Smelt smør og bland det med kjekssmulane. Fordel kjeksblandinga i muffinsformer og press den litt ned. Her er det ein fordel om du har eit muffinsbrett. Om du ikkje har det bruk dobbelt med muffinsformer. 
Bland saman kremost, mjøl, melis, bringebæressens, egg, rømme og eventuelt konditorfarge. Bland alt til det har blitt lett og luftig. Ha skogsbær i muffinsformene før du heller kremostblandinga over sånn at det dekkjer bæra heilt. 
Steik ostekakene i 15-20 minuttar til dei har blitt faste. Lat ostekakene avkjøla heilt i brettet før du har dei i kjøleskapet ei lita stund.
Så er det berre å nyta!

mandag 14. april 2014

Banana chocolate chips muffins

Har kjem endå ei oppskrift med sjokolade og banan. Eg veit det begynnar å bli ein del, men eg elskar smakskombinasjonen og det faktum at bananene gjer bakverket søtare utan å tilføra noko sukker (utanom fruktsukker då). Desse muffinasane blei laga i forbindelse med bursdagselskapet til ein av mine søstre sist torsdag.  Glasuren på muffinsane er ikkje heimalaga denne gongen, men frå ein Toro pose. Av og til må ein juksa litt når ein har dårleg tid. Til opplysing så var den kjempe god, så eg ser ikkje vekk i frå at den kanskje blir brukt ved ein annan anledning. Pynten på toppen er bamsekjeks eg fanti i kjekshylla på butikken. Min kjære nevø, som er ganske kresen i matvegen, åt opp ein heil muffins og det ser eg på som eit meir enn godkjent stempel ;)
Til ca 20 muffins treng du:

  • 150 g smør
  • 2 dl rømme
  • 2 egg
  • 1.5 dl sukker
  • 3 dl mjøl
  • 1 dl kakao
  • 2 ts bakepulver
  • litt salt
  • 3 modne bananer, moste
  • 200 g sjokolade, grovt hakka
Forvarm ovnen til 175°C. Smelt smør og ha i rømme. Pisk egg, sukker og vaniljesukker til luftig eggedosis. Rør smørblandinga raskt inn i eggedosisen. Bland så mjøl, kakao, bakepulver og salt. Ha i bollen med resten og bland godt. ha så i dei moste bananene og bland godt igjen. Til slutt vender du inn den hakka sjokoladen. Ha røra i muffinsformer og full dei 2/3 fulle. Steik midt i ovnen i 12-15 minuttar.
Pynt etter smak og behag, eller et dei som dei er ;)


torsdag 13. mars 2014

Brownies- og oreo(bursdags)muffins

I dag fyller verdas beste vetlesyster heile 20 år, så da synst eg det var på sin plass å laga ein muffins med rikeleg med sjokolade i. Ho eg tross alt lika (om ikkje meir) glad i sjokolade som det eg er, og det seier jo litt ;) Ser at det er den same kakepynten som går igjen på veldig mange av kakene og muffinsane eg har laga, så kanskje det er på tide å investera i litt ny kakepynt etterkvart :P
Til 12 muffins treng du:

  • 130 g smør
  • 1.25 dl brunt sukker
  • 2 egg
  • 2.5 dl kveitemjøl
  • 1/2 ts natron
  • 4 ss kakao
  • 1.25 dl rømme
  • 1 pakke Oreokjeks
  • 200 g valgfri sjokolade (eg brukte mjølkesjokolade med M)
Sett steikeovnen på 180°C. Visp smør og sukker godt saman. Ha i egg. Bland alt det tørra og bland alt godt saman. Til slutt har du i rømmen. Legg ein Oreokjeks i kvar muffinsform og dekk denne med røra. Det er ikkje så nøye om du får røra godt nedi forma for dette vil smelta nedi når du set dei i steikeovnen. Steik midt i ovnen i 17-20 minuttar. Eg sjekka med ein spagetti om dei var ferdige annakvart minutt frå dei hadde stått inni i 16 minuttar, berre for å vera sikker. Når muffinsane er ferdige let du dei avkjøla heilt. Smelt så sjokoladen i vassbad og har den over muffinsane og strø over kakepynt.

fredag 31. januar 2014

Daimmuffins

Denne oppskrifta har eg gått å tenkt på sidan eg laga Daimkjeksa i oktober, og endeleg vart det noko av dei planane.
Rykande ferske rett frå ovnen...mmmmm!
6 store/12 medium muffins:
  • 100 g smør
  • 2 dl mjølk
  • 2 egg
  • 1.5 dl sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 4 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 klypa salt
  • 200 g Daim (kuler eller opphakka sjokolade)
Forvarm steikeovnen til 175°C om du lagar store muffins og 200°C om du lagar små. Smelt smør i ei gryta og ha mjølka i. Pisk egg, sukker og vaniljesukker til det er lyst og luftig. Visp så smørblandinga inn i eggedosisen. Bland mjøl, bakepulver og salt. Ha dette og Daim i bollen og bland alt saman godt. Steik midt i ovnen i 20 minuttar for store og 12-15 minuttar for små. 

fredag 27. september 2013

Havremuffins med sjokoladebitar

Laga for ei stund tilbake havremuffins med plommer. Desse var ikkje akkurat nokon stor suksess, sjølv om småfuglane som fekk dei vil sei noko anna. Problemet var plommene, for havremuffinsen i seg sjølv var i grunn ganske god, så eg tenkte kvifor ikkje prøva å ha sjokolade i i staden. For kva blir ikkje bra med sjokolade? På dei siste 5 muffisane hadde eg dessutan ei teskjei med peanøttsmør på kvar. Var i grunn ikkje så dumt det ;)
  • 130 g smør
  • 2 egg
  • 2,5 dl sukker
  • 2,5 dl kulturmjølk
  • 3,5 dl havregryn (små)
  • 2,5 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 100 g mørk sjokolade
  • (peanøttsmør)
Forvarm steikeovnen til 180°C. Smelt og avkjøl smør. Pisk egg og sukker til eggedosis. Rør inn smør og kulturmjølk. Bland havregryn, mjøl og bakepulver. Rør dette inn i. Hakk sjokoladen i passelege bitar og vend den inn i røra. Fyll formene 2/3 og steik midt i ovnen i ca 20 minuttar. Dei er ganske mjuke når dei kjem ut av ovnen, så lat dei avkjøla litt før du tek ein smaksprøve ;)

fredag 20. september 2013

Himmelske sjokolademuffins

Av og til finn eg oppskrifter som blir sitjande i hovudet på meg heilt til eg får laga dei. Dette er ein av dei oppskriftene. Ikkje fordi den er så fryktelig spesiell, men fordi den inneheld kaffi, som eg nyleg har lært meg å laga, men ikkje lika. Oppskrifta til sjølve muffinsen er lånt frå Passion 4 vintage, forstingen er den same som på desse muffinsane.
Til 18 muffins treng du:
  • 2,5 dl varm kaffi
  • 60 g kakao
  • 1,5 dl olja
  • 290 g sukker
  • 2 eggeplommer
  • 2 egg
  • 1 ts vaniljeekstrakt/vaniljesukker
  • 200 g mjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts natron
Forvarm steikeovnen til 175°C. Bland kakaoen i varm kaffi. Bland så sukker, mjøl, bakepulver og natron i ein bolle. Ha i egg, eggeplommer, vaniljeekstrakt, olja og kaffi med kakao. Miks detta saman til ei glatt røra. Fyll mffinsformene 2/3 fulle. Steik midt i ovnen i ca 20 minuttar. La muffinsane bli heilt kalde før du har på frostingen. Om du ikkj vil ha frosting så smakar dei lika godt utan :)

onsdag 21. august 2013

Ripsmuffins med kvit sjokoladeganach

Idèen til denne oppskrifta fekk eg då eg stod med hovudet inni ripsbusken og plukka rips. Rips er jo som de veit syrleg, og kvit sjokolade kan vera kvalmande søt om den blir eten åleina, så då vil jo desse jamna kvarandre ut, tenkte eg. I denne muffinsen er det kvit sjokoalde både inni og som sjokoladeganach på toppen.
Til 16 muffins treng du:
  • 2 egg
  • 2 dl sukker
  • 100g smør
  • 4 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1,5 dl mjølk
  • rips
  • 100 g kvit sjokolade
Sett steikeovnen på 180°C. Smelt margarin og la det avkjøla litt. I mellomtida piskar du egg og sukker til eggedosis. Bland alle dei tørre ingrediensane, og tilsett desse vekselvis med mjølk og smelta smør. Hakk opp sjokoladen og vend den inn i røra for hand. Fyll opp muffinsformene 2/3. Strø så over rips, så mykje som du vil ha og dytt dei litt ned i røra. Det er ein fordel om du har eit muffinsbrett, då er du garantert at muffinsane ikkje vil flyta utover. Hvis du ikkje har det er det lurt å bruka to former til kvar muffins. Steik i ca. 20 minuttar.

Kvit sjokolade ganach:
  • 100 g kvit sjokolade
  • 1/2 dl fløyte
  • 1 ss smør
Kok opp fløyten og ta den av plata. Knekk opp sjokoladen i bitar og rør den inn i fløyten. Rør så inn romtemperert smør. La den stå til den har fått romtemperatur. Ha den så i kjøleskapet i ca 30 minuttar. På mine muffins tok eg å pensla ganachen på, sidan eg synst det blei så grisete å bruka sprøytepose. Her er det smak og behag som avgjer korleis deu gjer det, men spørytar du på må du nesten rekna med å laga dobbel prosjon med ganach. Uansett så endar du opp med ein god og litt annerledes muffins.

lørdag 1. juni 2013

Gulrot- og eplemuffins med kremostfrosting

Planen var å laga desse i går, men plutselig blei det ridetur i staden. Sånn er livet i blant, ting dukkar opp og planar endrar seg. Så då vart det baking i dag i staden, noko som i grunn passa bra sidan det var dugnad på kaien i dag. Når det er dugnad er det jo velkomment med noko godt til arbeidsfolket, og dei har fortent det sånn som dei jobba på i dag ;)
Til 12 muffins treng du:
  • 125 g rapsolja
  • 120 g sukker
  • 2 egg
  • 80 g eple
  • 80 g gulrot
  • 5 g (1 ts) vaniljesukker
  • 15 g (1,5 ts) bakepulver
  • 60 g sammalt kveite, fint
  • 200 g kveitemjøl
Visp egg og sukker luftig. Ha så i litt og litt rapsolja. Bland dei tørre ingrediensane og ha dei i bollen. Rasp så gulrot og eple, og vend det inn i røra. Fyll muffinsformene 3/4 fulle og steik i 12-15 min på 175°C.
La muffinsane kjølna før du har på kremostfrostingen.

Kremostfrosting
  • 70 g smør
  • 200 g kremost
  • ca 3/4 pakke melis
  • 1 ts vaniljesukker
La smøret bli mjukt i romtemperatur. Bland så alle ingrediensane saman. Mengde melis kjem ann på kva konsistens og smak du vil ha på frostingen, så det er i grunn berre å prøva seg fram. Dette blir ein ganske stor porsjon, så eg vil anbefala å halvera oppskrifta om du ikkje vil ha restar. Ellers så går det fint ann å frysa frostingen, og bruka resten ein annan gong. Då tek du den opp dagen før du skal bruka den, lar den tina i kjøleskap og gjer den fin og luftig att ved å miksa den i miksar.

lørdag 11. mai 2013

Vanilje- og Nugattimuffins

Heil sidan eg kjøpte Nugatti Melkesjokolade til kraftig nedsatt pris pga dato for eit par dagar sidan, har ein idè lurt i bakhovudet på meg: muffins med Nugatti. Sidan det er litt problem med steikeovnen her i kollektivet for tida slo eg i grunn tanken om å baka noko meir her før sommarferien i frå meg, men i dag klarte eg ikkje halda meg lenger, så då vart det baking. Eg brukte mi trofaste vaniljemuffins-oppskrift, som eg alltid brukar når eg skal testa ein idè, så veit eg at om det blir mislykka så er det ikkje røra si feil, men det ekstra eg evt. har hatt oppi (eller steikeovnen).
Ser nok ut som ein søt og uskyldig vaniljemuffins, men når ein set tenna i den finn ein ut det ikkje stemmer ;)
Denne oppskrifta rekk til 18 muffins:
  • 100 g smør
  • 2 dl sukker
  • 2 egg
  • 4 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1,5 dl mjølk
  • ca 0.5 boks Nugatti (velg kva type du vil)
Sett steikeovnen på 180°C. Rør smør og sukker kvitt. Pisk så inn eitt og eitt egg. Bland inn sikta kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker. Tilsett mjølka og rør om. Ha ca. 1 ss med deig i kvar muffinsform. Ha så ca 1 ts Nugatti i kvar form og dekk det med 0,5 - 1 ss deig. For å få høge, fine muffins brukar eg eit muffinsbrett. Steik muffinasne til dei er gyldne, 12-20 minuttar, alt etter korleis steikeovnen din steiker. Eg måtte ha mine inni i nesten 20 minuttar.

Skulle eg servert desse i bursdag eller liknande hadde eg pynta med melis og kakepynt (eller Non-Stop)

mandag 22. april 2013

Matmuffins med spinat, soltørka tomater og fetaost

Har i dag prøvd ut Møllerens matmuffins. Kjøpte posen billig for ei tid tilbake, sidan den skulle ut av sortimentet på den lokale Kiwi-butikken. Og den skuffa ikkje, for matmuffinsane blei kjempe gode og smakte akkurat som dei eg har laga frå botnen av før.
Du treng:

  • 1 pose Møllerens matmuffins
  • 2,5 dl vatn/melk
  • 1 dl olja/smør
  • ca. 50 g spinat
  • ca. 50 g soltørka tomat 
  • ca. 100 g fetaost naturell
Ganske enkelt ha posen i ein bolle og ha i alle ingrediensane. Eg brukte 1 dl av olja frå tomatene i muffinsane og 2,5 dl vatn, frossen spinat og den fetaosten ein finn i firkanta pakkar, ikkje den på glas i olja. Så er det berre til å følgja steikeinstruksjonane som står på pakken. Og voila, kjempe gode matmuffins.

Om du likavel vil laga dei heilt frå botnen av og få litt grovare muffins, kan du blanda saman detta:
  • 4 dl mjøl (kveite/rug, sammalt/fint)
  • 0.5 dl havregryn
  • 0.5 ts salt
  • 2 ts bakepulver
  • 50 g smør
  • 2 dl mjølk
  • 1 egg
  • ca 200g av det fyllet du vil ha i 
Sett steikeovnen på 250°C. Bland mjøl, havregryn, salt og bakepulver i ein bolle. Her kan du velgja sjølv kor grove du vil ha matmuffinsane, alt etter kva typar mjøl du vel å bruka. Smelt smøret på svak varme, avkjøl litt før du vispar inn mjølk og egg. Hell mjølkeblandinga i dei tørre ingrediensane og rør godt. Skjær/hakk opp fyllet du vil ha i og bland det inn. Fordel deigen i muffinsformer og steik i ca 15 minuttar.

Forslag til fyll:
  • Baconbitar og purre surrast lett på panna i smør eller olja før det blir tilsatt. Krydra me pepper og oregano. Dryss litt reven ost på toppen.
  • Skinka, mais, reven ost, oregano/timian og pepper. Dryss litt reven ost på toppen.
  • Reven gulrot, skiva vårløk, paprika i bitar, smuldra feta, timian, pepper og paprikapulver.
  • Eplebitar, kanel og litt honning
  • Tørka aprikos, valnøtter og litt honning
Her er det i grunn berre fantasien og ein eigen smak som set grensene. Hadde vore morro å høyrd kva de putta i matmuffinsen dykkar :)

torsdag 4. april 2013

Bananmuffins med sjokolade og kanel

Kombinasjonen banan, sjokolade og kanel er min desiderte favoritt (etter berre sjokolade sjølvsagt), så desse hadde eg stor tru på då eg begynnte bakinga. Og eg vart ikkje skuffa dei lukta himmelsk og smakte det same. Har igjen lånt oppskrifta frå nokon (som eg sjølvsagt gløymde å skriva ned), men eg endra litt på oppskrifta ved å minska sukkermengda. Det er rett og slett ikkje nødvendig med så mykje sukker når ein har bananer i. Det einaste ein då må passa på er at ein tek av litt av eggekviten òg.

18-20 muffins:

  • 3 egg (minus litt eggekvite)
  • 80 g sukker
  • 2 ts vaniljesukker
  • 200 g kveitemjøl
  • 100 g sammalt kveitemjøl
  • 3 ts bakepulver
  • 2-3 ts kanel
  • 175 g smør/margarin (eg brukar margarin)
  • 3 modne bananer
  • 100 g mørk sjokolade (eller anna sjokolade, om du foreterkk noko anna)
Begynn med å setja steikeovnen på 200°C. Pisk egg, sukker og vaniljesukker kvitt og luftig. Bland saman mjøl, bakepulver og kanel og ha det i bakebollen. Smelt så smøret på låg varme. Medan smøret kjøler seg litt ned mosar du bananene. Bland så smør og bananer, før du har det i resten av røra. Hakk opp sjokoladen i så små eller store bitar du vil og vend dei inn i muffinsrøra for hand. Fordel røra i muffinsformer, ca 2/3 fulle.  For å få dei høge og fine er det ein fordel å bruka muffinsbrett. Det gjer eg. 
Steik i 15-20 minuttar, til det er lett gyldne. Her hos meg var 15 minuttar nok, men det er forskjellig får ovn til ovn.

Om du ikkje vil eta alle muffinsane med ein gong, går det godt ann å frysa dei. Tin dei då i steikneovnen på 160-180°C i 10-15 minuttar. Men mi erfaring er at dei går så fort at det ikkje er noko vits i å frysa dei. Min kjære fortærte åleina nesten halvparten på 2 dagar ;)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...