Viser innlegg med etiketten Grateng. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Grateng. Vis alle innlegg

søndag 8. februar 2015

Makaronigrateng

Eg er ein stor fan av gratengar sidan dette ofta betyr at ein slepp å laga til middag dagen etterpå. Denne oppskrifta er lånt frå boka "1 kjøttdeig, 100 retter", men endra litt på den då eg bytta ut mais med sopp, dijonsennep med vanleg senep og vellagra ost med norvegia + parmesan. Og det vart veldig godt!
6 porsjonar:
  •  1 løk, hakka
  • 2 fedd kvitløk, finhakka
  • 400 g karbonadedeig
  • 1 liten boks sjampinjong 
  • 1 boks hermetisk tomat, ca 400 g
  • 1 ts tørka urter, valgfritt
  • ca. 4 dl makaroni
  • 2 ss smør
  • 3 ss kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 2 ts sennep
  • 250 g reven ost
  • salt og pepar
Forvarm steikeovnen til 200°C. Steik løk og kvitløk til den er mjuk og blank, Ha i karbonadedeigen til og steik til den begynnar å bli brun. Rør inn sopp, hermetiske tomater og urter, og mska til med salt og pepar. Skru ned varmen, Legg lokk på og la sausen stå og småkoka i 25-30 minuttar. Rør om av og til.
Kok makaronien etter anvisning på pakken. Smelt i mellomtida smør i ei lita panna Dryss på mjøl og fres under omrøring i ca 2 minuttar. Ta kjelen av plata og visp inn litt og litt mjølk om gongen. Sett panna tilbake på plata og kok opp medan du rører heile tida. Skru ned varmen og lat det småkoka under omrøring i 5  minuttar til den er tjuk og glatt. Ta panna av plata og rør inn sennep og 150 g av osten. Rørtil osten har smelta heilt. Sil av makaronien og bland den godt i ostesausen.
Smør ei eldfast form og ha kjøttsausen i. Legg ostesausen jamt over. Dryss resten av osten på toppen og steik under grill i 4-5 minuttar til toppen er gyllen og osten har smelta. Server gjerne med grøn salat og godt brød.

mandag 10. mars 2014

Pølsegrateng med spinat

Då eg var lita var det berre Skipper'n som åt spinat, det var ikkje mat som behaga min gane for å sei det sånn. Men Skipper'n hadde nok skjønnt meir enn meg, for spinat er både sunt og godt, dessutan gir det maten ein fantastisk grønfarge. Dessutan likar eg å laga til grateng for då er det så enkelt å laga middag til fleire dagar eller middag til mange. Til tilberedning av denne retten har eg to tips til deg, som eg godt kunne hatt bruk for: bruk ei stor gryta og tin lapskausblandinga før du blandar den inn i sausen. Oppskrifta fant eg i Gunda Djupvik's "Smalhans"
4-6 porsjonar:
  • 2 ss smør
  • 3 ss mjøl
  • 8-9 dl mjølk
  • 1 buljongterning (høns- eller grønsaksbuljong), knust
  • litt riven muskatnøtt
  • 600 g kjøttpølser utan skinn eller grillpølser
  • 2 egg
  • 0.5 purre
  • 1 pakke frossen lapskausblanding
  • 0.5 pakke frossen spinat
  • 2 dl tørr makaroni
  • strøkavring
  • salt og pepar
Sett steikeovnen på 200°C. Skjær pølsene i bitar og del purren i skiver. Kok makaronien etter anvisning på pakken. Lat han renna godt av og set den til side. Smelt smør på middels varme, rør inn mjølet og la det fresa litt. Ha i mjølk, og rør godt. Sett opp varmen, og rør heile tida medan sausen kokar opp. La han koka i 4-5 minuttar på middels varme, så den ikkje svir seg. Rør av og til. Smak til med buljongterningen, muskat og eventuelt salt og pepar. Ta sausen av plata og rør raskt inn egga. ha i spinaten og la han smelta i sausen. Ha i pølsebitar, purre, makaroni og lapskausblanding og bland godt. 
ha så alt i ei smurt eldfast form. Strø over strøkavring og legg tynne skiver av smør jamnt over heile gratengen. Steik den så i 40-50 minuttar til den får ei fin gyllen overflata. Dei siste 5-10 minuttane kan du godt setja på varmluft eller grillfunksjon for å få ei ekstra sprø overflata. Server med grøn salat, raspa gulrøtter og eventuelt smør eller rømme. 

torsdag 27. februar 2014

Potet- og gulrotgrateng med karbonadedeig

Av og til får eg for meg å bla i ein av dei mange kokebøkene eg har i søken etter inspirasjon. Denne retten er inspirert av ei oppskrift eg fant i boka "Frå bollar til burritos". Alle som har hatt heimkunnskap på grunnskulen huskar vel denne? Eg har bladd gjennom denne nokon gonger, og det er i grunn mykje godt i enkelt å finna her, så eg skal prøva å bruka denne (og dei andre) litt meir. Dette er ein litt sånn ta-det-du-har-grateng eigentleg. F.eks kom eg på då eg var nesten ferdig med å laga til i den eldfaste forma at eg hadde ein liten slump med frossne erter i frysen, så då vart dei med. Så ta det du har og lag i veg, og server gjerne med salat og godt brød. Men berre hvis du har altså ;)
4 porsjonar:

  • 4-5 poteter, strimla
  • 4 gulrøtter, strimla
  • 1 løk, hakka
  • 400 g karbonadedeig
  • 2 dl kvitost, riven
  • salt
  • pepar
  • timian (kan bytast ut med anna krydder)
  • 2 dl lettmjølk
  • 1 dl fløyte
  • ca 1 dl frossne erter
Forvarm steikeovnen til 225°C. Vask, reins og del potet, gulrøtter og løk. Gni ut karbonadedeigen sånn at han blir kornete. Legg så poteter, løk, gulrøtter, karbonadedeig og ost lagvis i ei eldfast form saman med salt og krydder. Slå mjølk og fløyte over. Dryss over ertene til slutt. Steik så gratengen i ovnen i ca 45 minuttar, til potetene og gulrøttene er møre. 

torsdag 26. september 2013

Mexikansk skinkegrateng

Laga dette på tirsdag, men på grunn av tekninske problemar med internett vart det ikkje til at eg fekk posta oppskrifta i dag. Fant oppskrifta på Storemyras matblogg, men forandra litt på måla og tilberedinga sidan eg såg det kom til å bli litt vel sterkt for min kjære. Originaloppskrifta finn de her.
Grateng
  • 2 boksar Picnicskinka
  • 1 ss soyasaus
  • 0.5 ts chilipulver
  • 2 vårlauk
  • 2 gulrøtter
Forvarm steikeovnen til 200°C. Kutt skinka opp i treningar. Kutt vårlauken opp i ringar. Skrell gulrøttene og del dei opp i skiver. Bland saman og ha det i ei eldfast form. Ha over chlipulver og soyasaus og bland det heile godt saman.

Saus
  • 3 ss kveitemjøl
  • 2 dl matfløyte
  • 2 dl buljong
  • 1 ts sambal oelek (chilipasta)
  • 0.5-1 dl sweet chilsaus
  • reven ost
Rist saman mjøl og fløyte. Rør inn buljong, chilisaus og sambal oelek. Sambal oelek finn ein i dei fleste innvandrarbutikkar, eg kjøpte den på Europris Pluss i Åsane. Slå sausen over forma, og sørg for at alt der nokolunde dekka av saus. Steik midt i ovnen. Etter 10 minuttar tek du gratengen ut og har på så mykje ost som du vil. Sett forma inn igjen i steikeovnen i 15 minuttar. Ca halvegs i denne steiketida slo eg på grillfunksjon for å gjera osten ekstra gylden og litt sprø. Server med ovnssteikte poteter og cherrytomater eller ein frisk salat.

fredag 21. juni 2013

Pølsegrateng

Nok ein gong har eg funn ein oppskrift på bloggen Husmorkjerringa som eg ville prøva. Sjølvsagt måtte eg jo laga min litt eigne vri på den, sidan eg ville bruka opp blant anna bacon og gulrøtter eg fant i kjøleskapet. Det blei ein veldig godt og enkel middag, som kan metta mange. Grønsakene kan ein variera etter kva ein lika og kva ein har i kjøleskapet, så det er ein fin middag å få brukt opp mat ein har liggande. Eg hadde planar om å ha kvitlauksbaguettar til, men plutselig var dei gløymt sidan kjærasten kom heim etter ei veka vekke på jobb :)
Ingrediensar:

  • 1/2 pakke bacon
  • 7 grillpølser (ca 400 g)
  • 1 raud paprika
  • 1 vårlauk
  • 1/3 purre
  • 4 små (eller 2 medium) gulrøtter
  • 1 liten boks asparges
  • 250 g fullkornsmakaroni
  • ost
Saus:
  • 1 l mjølk
  • 1 dl mjøl
  • 3 fedd kvitlauk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 2 egg
  • 1 buljongterning
Sett steikeovnen på 200°C. Del opp gulrøtterene i passelige bitar, og kok dei med makaronien. Makaronien skal kokast etter anvisning på pakken. Skjær pølsene og resten av grønsakene i bitar. Del opp bacon og steik litt på steikepanna. Ha pølsebitane på steikepanna når baconet omtrent er ferdig. Slå av plata og la det stå å kosa seg medan du laga til sausen.
Sausen laga du på denne måten: Bland mjøl og litt av mjølka og visp til det ikkje er klumpar. Ha så i resten av mjølka, kvitlauk, hermetiske tomater og buljongterningen. Eg brukte kyllingbuljong, for det var det eg hadde, men ein kan bruka både kjøtt- og grønsaksbuljong om det er det ein har i kjøkkenskapet. La dette koka opp. Trekk det så av plata og ha i egga. Rør godt!
Bland så saman pølser, bacon, grønsaker, makaroni og saus, og ha det i ei ildfast form. Strø over så mykje ost du vil ha. Steik i 25-30 minuttar, til osten er blitt gylden.
Server med ein enkel salat og kvitlauksbaguettar eller godt brød.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...