Viser innlegg med etiketten Konfekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konfekt. Vis alle innlegg

onsdag 17. desember 2014

Snøtoppar

Av og til når eg skal dyppa ting i smelta sjokolade får eg noko sjokolade til overs. Kva skal ein så gjera med den? Ein kan jo sjølvsagt eta den eller berre kasta den, men kvifor ikkje laga ein liten godtbit av denne resten? I går då eg laga pistasjmarsipan fekkk eg litt smelta sjokolade til overs, og då laga eg desse.
  • Smelta sjokolade
  • havregryn
  • melis
Ha havregryn i den smelta sjokoladen til all sjokoladen er brukt. Ha blandinga over på bakepapir med ei skei og lag små toppar. Dryss over melis. Sett kaldt for at dei skal stivna. Nam nam!

tirsdag 16. desember 2014

Pistasjmarsipan

Marsipan høyrer jula til, men visste de at det går ann å laga marsipan av andre nøtter enn mandlar? Eg har brukt salte pistasjnøtter, så marsipanen blir både søt og salt samtidig. Kjempe godt! I den smelta sjokoladen har eg tilsatt ei lita spiseskei med kokosolja, for at den skal halda seg fin og glatt til eg er ferdig med å dyppa alle marsipankulene. Om du ikkje har kokosolja er det ikkje så farlig, det blir lika godt utan ;)
Til ca 35 kuler treng du:
  • 140 g salte pistasjnøtter
  • 150 g melis
  • 1 eggekvite
  • 150 g mørk kokesjokolade (Dronningsjokolade)
  • 0.5 ss kokosolja
Ha pistasjnøttene ein ein hurtigmiksar og kjør til dei er malte. Du vel sjølv om du vil mala dei grovt eller fint, alt etter kor grov du vil ha marsipanen. Bland nøttene med melis, og ha i eggekviten. Kna alt saman til ein klump med marsipan. Oppbevar marsipanen kjøleg og i ein plastpose til du skal trilla ut til kulen så den ikkje tørkar ut.

Rull marsipanen ut til kuler og legg dei på bakepair. Smelt sjokoladen og kokosolja over vassbad. Pass på at det ikkje kjem noko vatn i den smelte sjokoladen, då detta vil gjera den kornete. 
Dypp marsipankulene i den smelta sjokoladen og legg dei på bakepapiret. Sett kaldt for at dei skal stivna. 

onsdag 10. desember 2014

Honningkaramellar

Dette er heilt nydelege fløytekaramellar med eit hint av honningsmak. Eg føler at på grunn av honningen er desse karamellane litt sunnare enn andre, noko som berre er tull sjølvsagt, men det er lov å lura seg sjølv litt ;)
  • 5 dl kremfløyte
  • 1 dl honnig
  • 4 dl sukker
  • 1 ss smør
Ha fløyte, honning og sukker i ein kjele. Kok på middels varme til røra blir tjukk og karamellaktig. Temperaturen skal vera 118°C, så om du har eit steiketermometer eller liknande kan du godt bruka det. Det kan ta 30-45 minuttar. For å sjekka om karamellane er ferdige kan du ta karamelltesten. Detta gjer du ved å dryppa litt karamellmasse i kaldt vatn. Om den klumpar seg og du kan ta den opp å rulla den til ein ball har den kokt lenge nok. 

Rør i smør. Når detta har smelat heller i karamellmassen i ei lita form (ca 20x20 cm). Om du ikkje har ei form, går det ann å hella massen utover ei bakepapirkledt steikeplata. 

Avkjøl til karamellen har stivna, men forsatt er mjuk nok til å delast opp. 

torsdag 26. desember 2013

Kandiserte appelsinskal med sjokolade

Kvifor ikkje bruka alle delar av appelsina? Kandiserte appelsinskal med sjokolade er ein god kombinasjon av søtt og syrlig. Og perfekt for dei som elskar kombinasjonen appelsin og sjokolade, sånn som meg. Dei kan etast som dei er eller brukast som pynt på kaker og muffins. Dei må lagast seinast 1-2 dagar i forvegen sidan dei skal tørka over natta før du trekk dei med sjokolade, og så må sjokolade få lov til å stivna. Oppbevar i luftett glas.
  • skalet av 3 appelsiner
  • vatn
  • 200-250 g sukker
  • 200 g sjokolade
Del appelsinene i 4 og ta skalet av. Kok skalet i reint vatn. Skrap det kvita av skalet, prøv å få med så mykje som mogeleg. Ha på nytt vatn og kok opp ein gong til. Det kvita skal no ha blitt mjukt. Fjern det med skei eller kniv. Den teknikken som fungerte for meg var å ta det meste med ei skei og så ta det skeia ikkje fekk med ein skarp kniv. Skjær skalet i tynne strimlar og ha dei i ein kjele. Ha på vatn sånn at det nett dekkjer strimlane. La det koka opp og ha så i sukker. Mende vatn kjem ann på kor mykje du treng for å dekkja strimlane, og her føl du prinsippet "Mei vatn, meir sukker", enkelt og greitt. La det koka til vatnet har fordampa. Mitt brukte ca 45 minuttar. For at det ikkje skal svi seg er det lurt å røra heile tida på slutten. Ha det så over på bakepapir. Prøv å skilja strimlane så fort som mogeleg. La det tørka over natta. 
Smelt sjokoladen i vassbad og dekk alle strimlane med sjokolade. Om du vil at sjokolade skal stivna fort, ha strimlane i kjøleskap eller frys. 

lørdag 21. desember 2013

Mandelkonfekt

Mandelkonfekt er super enkelt og raskt å laga, og så smakar det veldig godt. Forrige veka prøvde eg meg på brente mandlar, men fekk det ikkje heil til då dei ikkje blei sikkeleg brente, så det blei heller kandisertemandlar. Desse brukte eg her. Du kan sjølvsagt bruka vanlege mandlar, eller ein annan type nøtt for den slags skyld, men sidan det er jul passar brente mandlar utruleg godt. Som med pikekyss med bringebærsmak, er dette noko som ein kan ha i bakhand om ein plutseleg får bruk for ei ekstra julegåve.
Du treng:

  • brente mandlar
  • mørk + lys kokesjokolade
  • silikonformer
Mengda av mandlar og sjokolade kjem ann på kor mykje du vil laga. Eg bruke 100 g mørk kokesjokolade og 100 g lys kokesjokolade blanda saman. Hakk opp mandlane og ha dei i silikonformene. Smelt sjokoladen over vassbad. Pass på at det ikkje kjem noko vatn i sjokoladen. Ha så sjokoladen over mandlane i formene og lat dei stå i kjøleskap til det har stivna.
Eg brukte desse formene kjøpt på Europris for ein slikk og inegnting

fredag 20. desember 2013

Pikekyss med bringebærsmak

Pikekyss er små og luftige toppa med marengs. Desse kan er utruleg fine helt for seg sjølv, men kan òg serverast inntil is eller som pynt på kaker. Her er det berre til å leika seg med både smak og fargar. Oppskrifta har eg lånt frå Passion 4 baking.
  • 6 eggekvitar
  • nokon dråpar sitron
  • 2/8 ts salt
  • 2 ts ekstrakt/essens, eg brukte bringebæressens
  • 230 g sukker
  • evt. konditorfarge
Bland dei 4 første ingrediensane på høg hastigheit til det blir stivt skum. Tilsett litt og litt sukker (ca 1 ss) heile tida medan du blandar. Når du har fått ein fin og stiv marengs har du i konditorfarge, hvis du vel å bruka det, og blandar til du har ein janm farge på det heile. Ha marengsen i spørytepose med stor tipp og spøyt ut toppar på bakepapir. Steik marengsen i ovnen på 100°C, du kan godt setja begge bretta inn samtidig. La dei steika 1 time. Når det har gått 1 time slår du av ovnen og let marengsen stå der til dei har kjølna heilt.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...