Viser innlegg med etiketten Gryterett. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gryterett. Vis alle innlegg

fredag 19. september 2014

Krema gryta med pasta og bønner

Denne gryta laga eg sist helg då kjærasten var til Dyrsku ein tur. Han er ikkje så begeistra for bønner, så må ein nytta på å laga middag med det i når han ikkje er heima. gryta er krema, men og litt spicy på grunn av curry pasten eg hadde i. Om du ikkje har det går det fint ann å bruka chili eller chilipulver. Då må ein nok ha i litt meir enn det eg har gjort her. Om du ikkje vil ha den spicy kan du utelata det heilt. Som de ser er denne heilt utan kjøtt, og med bønner i saknar ein det i grunn ikkje heller, sjølv om nokon vil vera ueineg i det :P
3-4 porsjonar:
  • 1 boks kidneybønner (ca 400 g)
  • 4 ss rapsolja
  • 2 store lauk, finhakka
  • 3 fedd kvitlauk, finhakka
  • 1 boks hakka tomat
  • 2 ts oregano
  • 1 ts tomatpure
  • 0.5 ts red curry paste (kan sløyfast)
  • 8 dl vatn
  • 100 g makaroni
  • 100 g soltørka tomat i olja, oppdelt
  • 5-6 cherrytomater (kan sløyfast)
  • 4 ss lettrømme
  • salt og pepar
Varm olja i ei gryta på middels varme. Surr lauk og kvitlauk nokre minuttar til lauken er blitt blank og mjuk. Rør inn tomaert, oregano, tomatpure og red curry paste. Tilsett vatn og kok opp. Skyll bønnene og ha dei i gryta. Så har du i makaroni og dei soltørka tomatene. Kok på middels varme til makaronien er ferdig. Ha så i lettrømme og rør god sånn alt blandar seg. Kok 1 minutt til og så er middagen ferdig

torsdag 13. februar 2014

Kyllinggryta med eit lite kick

Ei kyllinggryta med gode smakar av karri, chili og paprika, som gir den det vetle kicket nemnt i overskrifta, samt kikerter, gulrot og løk. Krydderet blir mildna av kokosmjølk og, i mitt tilfelle, litt kulturmjølk. Kulturmjølka måtte til då eg klarte å hiva i litt for mykje chili og karri og var heilt tom for kokosmjølk. Grunnen til for mykje chili kom av at eg ikkje hadde fersk chili i kjøleskapet og difor måtte bruka sambal olek (chilipasta), som eg synst er mykje vanskelegare å berekna styrken på i forhold til mengda eg har i. Så har du fersk chili, bruk det! Blir gryta di likavel for sterk anbefalar eg å mildnar den med kulturmjølk, rømme, yoghurt naturell eller noko liknande. I alle fall må det vera noko tjukkare mjølkeprodukt enn vanleg mjølk.
Server gjerne gryta med ris og grøn salat, eller et den bar om du heller vil det. Dette er òg ei gryta som du kan laga på førehand og varma opp at ein dag du ikkje har så god tid til å laga middag.
Til 4 prosjonar treng du:
  • 1 pakke kyllingkjøttdeig
  • 0.5 lauk
  • 3 fedd kvitlauk
  • Chili el. sambal olek etter smak
  • 1 boks kokosmjølk
  • 1 boks kikerter
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 1 raud paprika
  • 4 gulrøtter
  • 1 ts grukemeie
  • 0.5-1 ts karri
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 terning kylling/hønsebuljon
Bruk ei gryta eller steikepanna med høge kantar. Steik kyllingkjøttdeigen. Når den er steik har du i lauk, Finhakka kvitlauk og chili. Lat dette surra litt før du har i kokosmjølk, hermetiske tomater og kikerter. Skrell og del gulrøttene i skiver, og del opp paprikaen. Ha dette i gryta. Ha så i krydder og buljonterningen. Rør om sånn at alt blir godt blanda og la det så putra i  ca 15 minuttar. Smak undervegs om du treng å mildna gryta med kultumjølk eller liknande. Så er det berre til å setja seg rund middagsbordet og nyta...mmmm!

torsdag 19. desember 2013

Risgryte

Dette er ein annan rett som har fulgt meg gjennom barndommen, og som blei laga jamnleg heima hos oss. Det er ein ganske enkel rett som ikkje tek så veldig lang tid og som smakar godt.
Til 4 porsjonar treng du:
  • 1 pakke bacon (ca 300-400 g), i terningar, ikkje bruk den typen som er skjært i tynne skiver
  • 1 pakke kjøttpølsa (5 pølser), i terningar
  • 3 paprika, i terningar
  • 6 porsjonar ris, då 1 porsjon er veldig liten
  • karri og paprikapulver
Kok risen som anvist på pakken. Når du har risen i vatnet har du òg i paprika. Steik bacon og pølsa. Når risen er ferdig blandar du den med bacon og pølsa. La kvar og ein ha på krydder etter eigen smak :) Enklare kan det vel ikkje bli.

tirsdag 3. september 2013

Kylling i karri

Etter ein tilfeldig kommentar om nattmat beståande av kylling og karri klarte eg ikkje å få dette ut av hovudet, så i går blei det kylling i karri til middag. No når det begynnar å bli kaldare ute er det godt med mat med god og kraftig smak, som varmar. Dette er nettopp ei sånn rett.
4 porsjonar:
  • 400 g kyllingfilet
  • 3 fedd kvitlauk
  • 2 lauk
  • 2 ss karri
  • 1 ss spisskummen
  • 1 ts ingefær
  • 0,5-1 ts red curry paste (kan sløyfast)
  • 3 ss tomatpuré
  • 2 dl vatn
  • 3 dl matyoghurt
  • 1 paprika
Hakk kvitlauk og lauk, og steik det saman med karri, spisskummen, ingefær og olja til lauken er mjuk. Del kyllingfilete i passelege bitar og ha den i steikepanna saman med tomatpuré og red curry paste. Red curry paste kan ein få kjøpt i dei fleste innvandrarbutikkar, men om du ikkje har tilgong på dette kan denne ingrediensen sløyfast og evt erstattast med litt meir karri om du vil.
Fres dette i nokon minuttar. Ha så i vatn og kok opp. Kok til kyllingen er gjennomkokt. Ha så i matyoghurten og rør til du har ein jamn gryta. Ha i paprikaen og la gryta stå å putra på middels varme nokon minuttar. Server med ris, grøn salat og rømme.
Om du får restar kan denne gryta fint oppbevarast i kjøleskap nokon dagar eller frysast. Husk å varma opp att langsomt, sånn at den ikkje skil seg.

torsdag 15. august 2013

Kvardagsgryta

Denne veka begynnte eg i ny jobb på Esso. Ein skulle trur at å laga hamburger og vaska diverse hyller og dører ville føra til at eg ikkje hadde noko behov for å verken vaska eller laga mat på fridagen min. Den gong ei! I dag har eg verkeleg teke fram mi indre husmor og vaska vindauger, rydda i alle kleda mine, vaska skitne klede, plukka nokon kilo med rips og laga middag og dessert (eige innlegg seinare i kveld). Middagen i dag blei, som de skjønnar av overskrifta, kvardagsgryta. Dette er ei enkel og grei gryta å laga, sidan den verken tek lang tid eller krev dyre og merkelege råvarer. I tillegg så er den ganske så sunn ;)
3-4 porsjonar:
  • 400 g krabonadedeig
  • matolja
  • 1/2 purre
  • 2 fedd kvitlauk
  • 5 gulrøtter
  • 1 terning grønsaksbuljong
  • 2 dl vatn
  • 1 boks hermetiske tomater
  • salt og pepar
Steik karbonadedeigen på høg varme saman med olja. Kutt purren fint og finhakk kvitlauken. Riv gulrøttene. Ha så alt saman, innkludert tomatene, i gryta. Bland saman buljongtreningen og vatn. Tilsett buljongblandinga i gryta og la det koka nokon minuttar, til du er fornøgd med gryta. Alt frå 5 til 10 minuttar skulle halda. Smak til med salt og pepar.
Server med potetstappa eller poteter. Her i huset falt valget på potetstappa enkelt og greit sidan dette tek mindre tid enn å koka poteter.

onsdag 22. mai 2013

Chili con Chicken

No, når det er eksamenstid, prøver eg å laga mat til fleire dagar om gongen, så eg heller kan bruka tida på å øva til eksamen. Eg har heldigvis berre ein att, og den er neste torsdag, så er det sommarferie. I dag vart det Chili con chicken, som er det same som Chili con carne, berre med kylling i staden for kjøtt ;)
2-4 porsjonar:
  • 300-400 g kyllingkjøttdeig
  • 2-3 fedd kvitlauk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 3 ss tomatpuré
  • 1/2 ts tabasco eller anna sterkt krydder etter smak (eg brukte restar av tacosaus)
  • 3 ts chilipulver
  • 1 buljongterning (hønsebuljong eller kjøttbuljong)
  • 2 boksar salat- og grytebønner
  • 1,5 dl yoghurt naturell
  • 1/2 ss kveitemjøl
  • 4-8 cherrytomater (alt etter kva du likar og har, eg hadde berre 4 att)
Rens og hakk kvitlauken. Steik kylligkjøttdeigen. Ha kvitlauken i steikepanna og la den fresa saaman med kyllingkjøttdeigen. Ha så alt over i ei gryta.
Tilsett hakka hermetiske tomater, tomatpuré, chilipulver, delte cherrytomater, tacosaus og smuldra buljongterning. Skyll bønnene og la dei renna av litt.
Bland bønnene i gryta og la alt koka i 2-3 minuttar. Bland kveitemjøl og yoghurt. Ha det så i gryta saman med resten. La det koka til du er fornøgd med tjukkelsen. Server med salat, mykje salat! 

onsdag 27. mars 2013

Gryterett med svin, sopp og paprika

Her kjem nok ei oppskrift på gryterett. Eg lovar, eg lagar andre ting enn gryterett altså. Fant denne oppskrifta på Trines oppskrifter, men måtte sjølvsagt forandra bittelitt på den. Gryteretten vart godt motteken her i huset, og eg fekk beskjed om at det såg ut som eg hadde lagt veldig mykje i den. Det hadde eg altså ikkje. Gryta er veldig enkel og billig å få i stand.
Beklagar ulekkert bilete, men gryterettar har ein tendens til å ikkje vera så fotogene.
Til 3-4 personar treng du:

  • 2 små eller 1 stor lauk
  • 3-5 fedd kvitlauk (etter kor godt ein likar kvitløk)
  • 300-400 g svinekjøtt
  • 800 g hakka tomat (anten ferske, hermetiske eller ei blanding av begge)
  • 150 g sjampingjong (eller så mykje du vil)
  • 1 paprika
  • salt
  • pepper
  • paprikapulver
  • oregano
  • 2 dl matfløyte/H-mjølk/kokosmjølk (det du måtte ha)
Start med å hakka opp kvitlauk og lauk så fint som du vil ha det. Kutt opp svinekjøttet, om du ikkje var lika lur som meg og kjøpte det ferdig strimla. Steik kvitlauk og lauk, og tilsett svinkjøttet etterkvart. Pass på at det blir skikkeleg steikt. Tilsett tomatene (eg brukte berre hermetiske), salt (evt litt sukker om du brukte mykje hermetiske tomater), pepper, paprikapulver og oregano og kok det opp.

Skru så ned varmen og la det småkoka. I orginal oppskrifta står det at ein gjerne kan la det småkoka i 1-2 timar, men eg fant ut det haldt med 30-45 min for å få den tjukk nok. Når det er 15-20 minuttar igjen av koketida kuttar du opp soppen og paprikaen og har den i gryta. La det småkoka i 10 minuttar til og ha så i fløyten. Kok opp og server med poteter og kokte grønsaker etter eige valg. Eg brukte gulrøtter og det smakte veldig godt.

tirsdag 19. mars 2013

Gassamiddag

Navnet på retten høyrest verkeleg ikkje appetitteleg ut, det skal eg vera eining med, men sjølve middagen er kjempe god. Veit ikkje kvar verken oppskrifta eller navnet på den kjem i frå. Dette er noko som foreldra mine har laga så lenge eg kan huska, så dette er ein smak av barndom for meg. Oppskrifta er utruleg lett og ein treng ikkje mange eller dyre ingrediensar for å laga detta. Er ikkje heilt sikker på kor mange denne rekk til, det kjem jo litt ann på kor svoltne dei som et er, men eg vil trur det held til 5-6 stykken om dei ikkje et som hestar alle saman.
400g kjøttdeig eller karbonadedeig (eg brukar karbonadedeig for å få den litt sunnare)
1 pose tomatsuppa utan makaroni
300-500 g fiskepudding
1 lite eller 1/2 stort kålhovud
5-7 gulrøtter
1 boks hakka tomater (ca 400 g)
1 potet pr person (eller meir om nokon er ekstra glade i potetet)

Aller først er det lurt å setja på potetene, sidan desse brukar litt tid på å bli ferdige. Sett òg på kokevatn til kålen og gulrøttene. Tilbered tomatsuppa som det står på pakken, men bruk halvparten av vatnet som står på pakken. Dette fordi tomatene tilfører ein del væska. Ha tomatene oppi saman med suppa med ein gong og la det koka til ferdig.
Medan dette står å kokar opp skjær ein opp kål, gulrøtter og fiskepudding. Når vatnet byrjar å koka, har ein kål og gulrøtter oppi. Desse må ikkje koka meir enn 15 min, 10 held som regel. Brun så krabonadedeigen i steikepanna. Fiskepuddingen treng du ikkje gjera noko meir med. Når alt er ferdig kokt og steikt har ein alt (kål, gulrøtter, karbonadedeig og fiskepudding) oppi tomatsuppa. La det stå å småputra til du er fornøgd med tjukkelsen på tomatsuppa. Knepp så potetene på middagstalerkenen og bland saman med Gassamiddagen. Eit tips er å la den vera litt tynn om ein skal varma det opp att seinare, for då tjukknar nemleg suppa. Evt kan ein ha i litt vatn når ein varma opp att, sånn at det i det heile er noko suppe att. Håpar det smakar!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...