søndag 21. juli 2013

Lørdagspizza ala taco

Denne helga har det gått i fjelltur det aller mesta av både gårsdagen og i dag. Etter ein lang og god tur til Midtfjell i går laga eg pizza til to minst lika trøtte turkameratar. Heldigvis var me ikkje så svoltne at me åt opp alt, så det vart pizza til kvelds etter ein endå lenger og lika fin tur til Trolltunga med endå større turgjeng. Sunn og frisk norsk ungdom kan me med rette kallast denne helge ;)
Botn:
  • ca 500 g mjøl (det/dei typane du måte ha i skapet)
  • 1 pose Idun pizzagjær
  • 1-2 ts salt
  • 4-4,5 dl vatn
  • 1/4 dl matolja
Bland mjøl, gjær salt og ca 3/4 av væska. Elt deigen, og spe på med væska litt etter litt til du får ein deig som er smidig og ikkje klissete. Hev deigen ca 1 time. Medan deigen hevar lagar du pizzasausen.

Pizzasaus:
  • 400 g karbonadedeig
  • 4 sjalottlauk (eller 1 vanleg)
  • 1 boks hakka tomater
  • litt vatn
  • 1 ts sukker
  • 1/3 glas med hot tacosaus
  • 3-4 ts lettrømme
Finhakk lauken. Steik karbonadedeigen og ha i lauken. La detta surra litt i steikepanna, før du har i tomater, sukker og tacosaus. Bland detta godt saman. Smak så til med litt rømme for å gjera smaken litt rundare. Kor mykje rømme du har ha kjem ann på kor mykje snert du vil ha i sause. Om du vil ha mykje kan du kutta heilt ut rømmen. Ha i litt vatn, og la sausen kosa seg på låg til middels varme medan du kutta opp fyllet.

Fyll:
  • paprika
  • sjampinjong
  • pepperoni
  • ost
Når deigen er ferdigheva kjevlar du den ut til ønska fason og tjukkelse. Ha på pizzasausen og fyllet. Her må det seiast at eg var rimeleg svolten då eg laga pizzaen, så dei blei MYKJE ost, og det var heilt nydeleg! Steik pizzaen i forvarma ovn på 225°C i 12-15 minuttar om du har pizzafunksjon på komfyren, og 15-20 minuttar om du ikkje har det. Steiketida avheng uansett av tjukkelsen på botnen, mengda fyll og av sjølve ovnen, så det er lurt å følgja med undervegs. Server med rømme og kanskje ein grøn salat til. Me haldt oss til rømmen sidan me ikkje orka kutta opp salat.

fredag 19. juli 2013

Tunfiskpasta

Denna oppskrifte har eg hatt lyst til å prøva ei stund, så i dag klinte eg til å laga den då eg kom heim etter jobb. Dette er ein rask og enkel middag, i tillegg så smakar det nydeleg!
2 porsjonar
  • pasta
  • 3 sjalottlauk
  • 1.5 dl matfløyte
  • 1 boks tunfisk
  • 2.5 dl frossne erter
  • 4-5 ss raspa ost
  • 1 ts smør
  • 2 ss matolja
  • sitronsaft
  • salt
  • pepar
Kok valgfri mengd pasta etter anvisning på pakken. Sil av vatnet.
Tilsett matolja og smør i gryta og fres sjalottlauken raskt. Ha så pastaen tilbake i gryta. Tilsett fløyten. Ha i raspa ost over pastaen. Rør rundt på middels varme til pastaen har blitt kremete. Ha så i ertene og tunfisken. Rør rundt ei stund til ertene har blitt gjennomvarme. Smak til med salt, pepar og sitronsaft. Velbekomme! 

mandag 15. juli 2013

Til alle mine blogglesarar

Heisann! For de som ikkje har fått det med dykk så har no "Kjøkkenet med det rare i" fått si eiga side på Facebook. Så trykk på Facebook-logoen og lik sida :)

søndag 14. juli 2013

Kylling- og spinatpai

Denne oppskrifta har eg lånt av Cathrines matblogg. Har laga den eit par gonger no, og synst den er kjempe god. Paien tek litt tid å laga, men den er verdt det. Denne gongen fekk eg ikkje tak i fersk spinat, så då vart det frossen. Det anbefalast ikkje, då det er alt or mykje væska i den. Tips dersom du kun har tilgong til frossen spinat: (1) steik spinaten ei stund, sånn at så mykje som mogeleg av væska forsvinn og (2) steik paien litt lengre. Sjølv om paien blei litt vassen denne gongen var det ingenting å sei på smaken, så det blei middag i dag òg ;)
Deig:
  • 2,25 dl fullkornsmjøl/sammalt kveite
  • 2,25 dl kveitemjøl
  • 40 ml olja
  • 75 ml kesam/yoghurt naturell
  • 40 ml vatn
Fyll:
  • ca 400 g kylllingfilet
  • 1 pose spinatblader
  • 1-2 fedd kvitlauk
  • ca 2 dl reven ost
  • 3 egg
  • 2 dl mjølk
  • salt, pepar og paprikakrydder/chilipulver
Steik kyllingen i ovnen ved 200°C i 13-17 minuttar, avhengig av størrelsen. Kyllingen skal nett så vidt vera gjennomsteikt. La den kvila før du skjær den. Lag botn og fyll i mellomtida.

Bland det tørra til deigen. Ha i olja, kesam og vatn, og bland godt. Hvis deigen ikkje samlar seg skikkeleg har du i litt meir kesam/yoghurt. Den skal kunna kjevlast, men ikkje vera klissete. Du kan kjevla ut deigen så den passar til forma. Eg pleier å berre trykka ut deigen rett i forma, då eg synst dette er lettare å få til. Etter at du har fått deigen i forma prikkar du den med ein gaffel. Forsteik botnen ved 200°C i 12-15 minuttar.

Medan botnen forsteiker vaskar du spinatblada. Rens kvitlauk og finhakk den. Ha litt matolja i steikepanna og fres kvitlauken forsiktig nokon minuttar. Ha så i spinaten, og la den detta saman. Det blir ikkje så mykje att av den, men den smakar godt. Fordel spinaten i botnen og strø over halvparten av osten. Skjær så kyllingen i passelige skiver og fordel utover paien. Visp lett saman egg, mjølk og krydder. Hell eggestanden over, nesten til kanten. Fordel resten av osten på toppen. Steik paien ved 200°C i ca 15 minuttar. Dei siste 5 minuttane kan du skru opp temperaturen til 225°C og skru på varmluft for å få fin farge på osten. La paien kvila i 5-10 minuttar før du skjær og serverar den. Server med salat og dressing/rømme.

fredag 12. juli 2013

Kylling- og fetasalat

Eg er ein stor forkjempar av å ikkje kasta noko mat, så eg prøver å bruka opp restar som best eg kan. I dag resulterte det i denne enkle salaten, sidan me hadde salat igjen frå middag før i veka.
Du treng:

  • Isbergsalat
  • agurk
  • paprika
  • raspa gulrot
  • Apetina fetasnack med soltørka tomater
  • Kyllingskinka
Dette er så enkelt at det ikkje treng nokon forklaring på korleis det skal lagast. Eit lite tips er å bruka olja som er med fetaosten for smak :)

torsdag 4. juli 2013

Eplesnippar

Fant denna oppskrifta i eit gammalt Hjemmet-blad mamma hadde liggande, og fant ut eg berre måtte prøva å laga dei sidan eg har hatt to epler liggande i ei evigheit no. Desse snippane er laga med sconesdeig og kanelsmør, og smakar aller best nysteikte med ein kopp te til, eller med vaniljesaus attåt. For min del blei det litt mykje julesmak pga muskatten, så neste gong blir det mindre muskat (om noko) og meir kanel.
Til ca 12 stk:
  • ca. 8 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 dl sukker
  • 1/2 ts salt
  • 100 g smør
  • 1 egg
  • 3 dl naturell yoghurt
  • ca. 1.5 dl mjølk
Fyll:
  • 2 epler
  • 5 ss smør
  • 1 ts malt kanel
  • 1 ts malt muskatnøtt
  • 3 ts brunt sukker
  • 1 ss sukker
  • 85 g rosiner
  • 1 egg til pensling
  • perlesukker
Sett steikeovnen på 200°C. Bland saman 7 dl kveitemjøl, sukker, bakepulver og salt. Smuldre inn smøret og tilsett yoghurt, mjølk og egg. Rør deigen saman så den blir glatt og smidig, utan klumpar. Ikkje arbeid deigen for lenge. er deigen klissete, tilsett litt meir kveitemjøl.
Ha deigen over på eit mjøla bakebord og kjevl den ut til eit rektangel. Bruk resten av mjølet om nødvendig.
Bland saman smør, krydder og brunt sukker. Del epla i små terningar. Smør kryddersmøret over leiven, dryss over rosiner og eplebitar. Brett deigen inn mot midten frå begge lengsidene sånn at den overlappar. Kutt rullen diagonalt i 12 trekantar med ein skarp kniv.
Legg trekantane på eit steikebrett og pensle dei med samavispa egg. Dryss over perlesukker.
Steik eplesnittane i ca 15 minuttar. Avkjøl på rist.

tirsdag 2. juli 2013

Bakt potet

Etter ein lang og fin fjelltur på søndag hadde eg og min kjære bakt potet til kvelds. Dette er noko som garantert alle klarar å få til, sidan det ikkje er noko komplisert i det heile. eg har ikkje bilde denne gongen, sidan eg heilt gløymte å ta bilde på søndag. Dessutan veit vel alle korleis ei potet ser ut.

Du treng:
  • 1 potet pr person
  • aluminiumsfolie
Finn nokon megastore poteter på butikkken, eller kjøp bakepoteter. Bakepoteter er det mange, litt større butikkar som har i grønsakshylla.
Set steikeovnen på 200°C. Når den er varm nok legg du potetene på ei rist midt i ovnen eller på ein grill. Steiketida kjem litt ann på størrelsen på potetene, men du må rekna minst 1 time og 15 minuttar, mest sannsynleg litt lenger. Kjenn på potetene, dei skal vera litt mjuke. Og så vil eg sei det er betre å baka dei litt for lenge, enn litt for lite.

Når det gjeld fyllet i poteta er det berre fantasien som set grenser. Det som er så fint er at alle kan ha i akkurat det dei sjølv vil, så alle blir fornøgde. Mine tips er:
  • kryddersmør
  • kremost (kvitlauk/krydder/urter)
  • skinka (kylling eller svin)
  • ost
  • rømme
  • paprika
  • bacon
  • løk
  • mais
  • bønner
  • dressing
Så er det berre å fylla poteta så godt ein klarar, og nyta maten. Nam nam!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...