torsdag 28. november 2013

Brysselkjeks

Brysselkjeks eg tørre kjeks med ein mild smak av vanilje. For meg er dette julekaker, då det blant anna var desse me fekk servert hos mormor rundt juletider. Difor blir desse òg laga her i huset no når det nærmar seg advent og jul med stormskritt! Kjeksa inneheld berre 4 ingrediensar og er superenkle å laga. 
  • 4.5-5 dl kveitemjøl
  • 1 dl sukker
  • 2 ts vaniljesukker
  • 200 g smør el. margarin
I oppskrifta står det att ein skal hakka saman alle ingrediensane, noko som sikkert er mogeleg om ein har kjøkkenmasking. Eg pleier berre å kna dei saman i ein bolle, på same måte som eg ville gjort med ein paideig. Her får ein i grunn finna ut kva måte som høver best for ein sjølv. 
Det ser først ut som om deigen ikkje vil samla seg, og ein kan bli frista til å ha i vatn eller mjølk, men ikkje gjer det, gi den tid i staden. 
Når du har fått samla alt til ein deig formar du den til rullar på ca 4 cm i diameter. Sett rullane kjølig ei stund. 30 minuttar held nok, men har du andre ting du skulle ha gjort, som jo ofta er tilfelle rundt desse tider, så kan dei godt liggja lenger.
Forvarm steikeovnen til 175°C. Skjær rullane i skiver, og legg dei på bakepapir. Steik dei midt i ovnen i ca 10 minuttar. Dei skal fordsatt vera kvite når dei kjem ut av ovnen. Så er det berre til å la dei avkjøla før du har dei i ein lufttett boks.

tirsdag 26. november 2013

Appelsinbrownies

Detter er ein brownies med karftig sjokoladesmak blanda med appelsin. For alle som elskar appelsinsjokolade i ei eller anna form er dette den perfekte kaka! Den varar i alle fall ikkje lenge her i huset sidan dette er ein av favorittane til både meg og min kjære :)
Til ei lita langpanna treng du:
  • 200 g smør
  • 5 dl sukker
  • 4 egg
  • 4 dl mjøl
  • 2 krm salt
  • 1 ts bakepulver
  • 10 ss kakao
  • 1 appelsin
  • litt melis til pynt
Forvram ovnen til 150°C. Rør smør og sukker kvitt. Ha i egga og bland godt. Bland alt det tørra og sikt i røra. Rasp skalet av appelsina. Pass på her at du berre får med det ytterste av skalet, og ikkje noko av det kvite. Det kvite kan nemlig gi kaka ein bittersmak. Ha skalet i bollen saman med safta frå 1/8 - 1/4 av appelsina, alt etter kor sterk appelsinsmak du vil ha på browniesen. Om du berre vil ha eit hint av appelsin held det lenge med berre skalet. Bland så alt saman til ei jamn røra og ha den i langpanna. Steik i nedre del av ovnen i ca 45 minuttar - 1 time. Steike tida kjem litt ann på steikeovnen og korleis du lika konsistensen på browniesen din. Om du vil kan du ha over eit dryss av melis når du serverar, og server gjerne med nytrakta kaffi eller iskald mjølk :)

lørdag 23. november 2013

JukseTacosuppa

Sidan det blir smalahove seinare i kveld fant eg ut at det måtte bli noko lett til ein tidleg middag. Og medan eg stod å laga denne suppa tenkte eg detta er ei oppskrift mange kanskje har bruk for, sidan den nesten ikkje tek noko tid i det heile og er enkel å laga, samtidg som den smakar nesten som heimalaga. Passar veldig bra når ein har lita tid eller andre ting ein heller vil gjera ;)

  • 1 pose Toro Taco Kjøttsuppe
  • 1 pakke karbonadedeig (400 g)
  • 1 boks chilibønner
  • 1/2 pose tacokrydder
  • 4-5 cherrytomater
  • ost
  • rømme
Kok suppa som anvist på pakken. Steik karbonadedeigen og ha på tacokrydder. Del opp cherrytomatene. Mot slutten av koketida har du den steikte karbonaden, chreeytomatene og chilibønnene i suppa. La den så få eit raskt oppkok att før du serverar den. Ha over reven og, så mykje eller lite som du har lyst på. Same prinsipp gjeld for rømmen. Om du har paprika og løk ha det òg i. Du kan òg servera med trotilla inntil. Så enkelt er det altså :)

fredag 22. november 2013

Biscotti med sjokolade og hasselnøtter

Biscotti er tradisjonelle italienske kjeks, og kanskje ikkje det ein forbinn med julekaker her i Noreg. Mange julekaker kan verta litt kjedelige og tørre synst eg. Då passar desse heilt ypperleg som julebakst sidan det både er sjokolade og nøtter i, noko som gir det det vetle ekstra. I tillegg gir nugattien eit lite ekstra kick av både sjokolade og hasselnøttsmak.
Biscotti blir i Italia servert med vin santo, som ein dypper kjeksen i. Utanfor Italia er det meir vanleg å servera den med kaffi i ei eller anna form eller svart te, men eg ser ikkje noko i vegen for å dyppa dei i mjølk heller ;) Denne oppskrifta, som eg har oversatt frå Erica's Sweet Tooth, gir ca 22 stk, men eg skar dei litt tjukke så ein kan nok få fleire.

  • 115 g smør, romtemperert
  • 170 g sukker
  • 140 g Nugatti/Nutella
  • 3 egg
  • 2 ts vaniljeekstrakt
  • 400 g mjøl
  • 0.5 ts bakepulver
  • litt salt
  • 150 g  sjokolade, grovt hakka
  • 165 g hasselnøtter, utan skall, rista og grovt hakka
For å få skinnet lettare av hasselnøttene kan du koka dei nokon minuttar. Bruk så eit handkle for å gni av skallet. Pass på dei er heilt tørre før du ristar dei gyldne i ei tørr steikepanna. 
Forvarm så steikeovnen til 175°C. Visp smør og sukker kvitt. Ha i Nugatti miks til du har ei janm røra. Tilsett så eitt og eitt egg. Skarp kantane og miks godt mellom kvart. Ha i vaniljeekstrakt og bland igjen. 
Ha i mjøl, bakepulver og salt. Litt om gongen og bland til det nett er blanda saman. Vend så inn sjokoladen og hasselnøttene. 
Kle eit steikebrett med bakepapir. Del deigen i to og lag to pølser lika lange som steikebrettet (ca 33 cm). Trykk dei ut til dei er ca 5 cm breie. Pass på at det er 10 cm mellom pølsene. Steik i 30-35 minuttar.
Ha pølsene over på rist og lat dei avkjøla til romtemperatur. Når dei er avkjølte varmar du opp att steikeovnen til 175°C. Brukar ein skarp kniv og skjær skiver ca 1 cm tjukke. Sjær svakt diagonalt. 
Plasser biscottiane på steikeplata med kuttsida ned og steik i 20-25 minuttar. Lat dei så avkjøla heilt før du har på sjokolade.
  • 150 g sjokolade
  • 2-3 generøse ss Nugatti
Smelt sjokoladen over vassbad. Ta så sjokolade av og visp inn Nugattien. Ha sjokoladen over på fat og dypp botnen av biscottien i den. Lat sjokoladen stivna før du har dei i ein lufttett boks. Her kan biscottien halda seg i opptil 2 mnd. 

lørdag 16. november 2013

Sjokolade- og pistasjkjeks

Då var det helg, og medan min kjære har vore ute i skogen for å prøva å drepa bambi har eg hatt litt husmorlørdag i heimen. Noko som ikkje alltid er lika lett når ein gløymer at ein har bakst i steikeovnen. OSm de ser vart desse kjeksa ein smule brune i kantane, men smakar heldigvis lika godt. Eit brett gjekk rett i bosset! Det kan ikkje klaffa kvar gong uheldigvis, men eg seier berre "Betre lykke neste gong" ;)
  • 225 g margarin
  • 175 g melis
  • 100 g sukker
  • 2 egg
  • 1 ts bakepulver
  • 275 g kveitemjøl
  • 200 g kokesjokolade
  • 75 g pistasjnøtter
Forvarm steikeovnen til 200°C. Rør smør, sukker og melis kvitt. Ha i eitt og eitt egg om gongen. Bland mellom kvart egg. Bland inn mjøl og bakepulver. Ha til slutt i grovhakka kokesjokolade og pistasjnøtter. Steik i ca 10 minuttar midt i ovnen. Avkjøl heilt før du har dei i lufttett boks.

tirsdag 5. november 2013

Sjokolademokka

No når hausten er komt for fullt er det godt å sitta inne og kosa seg med noko varmt i koppen. Kaffi og te er fint, men av og til vil ein ha noko ekstra godt. Då er sjokolademokka tingen! Dette er ei blanding mellom kaffi og kakao, og smakar heilt nydelig!
Til 4 vanlege kaffikoppar eller 2-3 av dei du ser på bilete treng du:
  • 0.5 dl sukker
  • 0.5 dl kakao
  • 3 dl kokande vatn
  • 3 dl kaffi, strek og nytrakta
  • 3 dl kaffifløyte
  • 0.5 krm salt
Bland sukker og kakao i ein kjele. Hell over litt av det kokande vatnet og rør til sukker og kakao er heilt blanda ut. Ha så over resten av vatnet, kaffien, fløyten og salt. Gi eit raskt oppkok medan du rører kraftig. Server med ein gong og gjerne med ein kremdott. Det hadde ikkje eg, så då blei det ikkje det denne gongen. Eg trur òg at sjokolademokkane kunne vore god med ein skvett baileys i, så når det passar seg litt meir sånn skal dette prøvast ut ;)

Grove rundstykker

Her kjem ei oppskrift på raske og gode rundstykker som eignar seg godt både i nistepakken og søndgasfrokosten. Desse smakar utruleg godt, og solsikkerkjernar og linfrø er godt for magen. Om du ikkje vil eta opp alle på ei gong kan dei òg frysast ned til ein annan gong. Når du skal tina dei opp at legg du berre dei frosne rundstykka rett i forvarma steikeovn (150-200°C) i ca. 5 minuttar.
17-20 rundstykker:
  • 2 ss margarin
  • 3.5 dl skumma mjølk
  • 50 g gjær
  • 250 g sammalt kveite, grov el. fin
  • 250 g kveitemjøl
  • 0.5-1 ts salt
  • 1 dl solsikkekjernar
  • 1 dl linfrø
Smelt margarin. Ha i mjølka og varm opp til fingervarmt. Rør gjæren ut i mjølk- og smørblandinga. Ha mjøl, solsikkerkjernar, linfrø og salt i ein bolle. Hell mjølk- og smørblandinga over og elt deigen til den blir sieg og smidig. Diegne skal vera god å ta i, men ikkje for fast. Dekk til bollen med plast, eg brukar ei badehetta, og la deigen heve på ein lun stad i ca. 30 minuttar. Forvarm steikeovnen til 230-250°C.
Hell deigen ut på ei lett mjøla overflata. Del den i 17-20 emner og trill runde bollar. Legg dei på ei plata dekkja med bakepapir. Dekk med klede og lat rundstykka heva i ca 30 minuttar til. Pensle dei så med samanvispa egg. Steik midt i ovnen i 12-15 minuttar. Avkjøl litt på rist før du serverer dei. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...